Fureneset

NIBIO Fureneset ligg ved kysten i Fjaler kommune i Vestland. Lokaliseringa er representativ for kystsona og fjordstroka på Vestlandet, med milde vintrar, mykje nedbør og vind. Forskingsstasjonen vart oppretta i 1938 for å arbeide med forskingsoppgåver knytt til jord- og plantekultur i grasdyrkingsområda på Vestlandet.

 

Arbeidsområde

Hovudarbeidsområdet for medarbeidarane ved Fureneset er innanfor klimatilpassa grovfôrdyrking. Vi testar artar, sortar og blandingar og driv med sortsprøving for Graminor og verdiprøving for Mattilsynet. Gjødsling og hausteregime blir undersøkt i forhold til avling, fôrkvalitet og overvintring. Samspel mellom jord og klima er viktig i eit område med mykje nedbør, og vi arbeider med jordpakking, drenering og omgraving av organisk jord. Utslepp av klimagassar frå jordbruksareal er og eit viktig arbeidsområde. I område med einsidig grovfôrproduksjon er det lite blomstrande planter og manglande kunnskap om utbreiinga av ulike pollinatorar. Dette blir no undersøkt i ulike prosjekt.  

Jord, skog og forsøksfelt

Dyrka areal på Fureneset er om lag 210 dekar. Av dette vert om lag 90 dekar nytta til forsøksareal. Størst areal vert nytta til vestleg utprøving av nytt sortsmateriale på oppdrag for GRAMINOR. Jordarealet som ikkje vert nytta til forsøksareal vert leigd bort til gardbrukarar i området.

Jorda på Fureneset er mykje morenejord, dominert av kornfraksjonane sand og silt, og med eit lite og vekslande innslag av leire. Noko av morenejorda var i utgangspunktet karakterisert som grunn myr, men er no etter lengre kultivering mineraljord med moderat til høgt innhald av organisk materiale i matjordlaget. Noko av arealet er djup organisk jord, men med morenejord under. Jorda på Fureneset er representativ for store deler av Vestlandet.

På Fureneset er det i drift tre forsøksfelt som høyrer til langvarige tidsseriar, som har synt seg å vera interessante i forsøkssamanheng dels ut frå andre grunnar enn det dei i si tid var lagt ut for at ein skulle granska:

  1. Organisk jord tilført stigande mengde morenejord og skjelsand i overflata ved etablering (1977),
  2. Middels djup organisk jord med mineraljord under,  omgraven med skråstilte lag (1977), og
  3. Felt der ein granskar effekten av ulik gjødsling og ulik lengde på engomløp (1972).

Utmarksarealet omfattar både skog og areal som kan dyrkast. Skogen er dels naturleg bjørk- og furuskog, dels planta skog av gran, sitkagran, furu (kystfuru), contortafuru og buskfuru/bergfuru. Ein god del av plantingane er leplantingar som tek av for vinden og som har betra det lokale klimaet.

Bygg og infrastruktur

Fureneset sitt kontor- og laboratoriebygg er frå 1994. Vi har 11 kontorplassar og møterom der det eine har plass til 40 personar. Plante- og jordlaboratorium  blir i hovudsak brukt til preparering av prøver for analyse andre stader. På insektlaben blir innsamla insekt identifisert. På grovlaben i kjellaren er det arbeidsrom for grasprøver og handtering av grasforsøk med tørkeskap, hakke og mølle. Også i kjellaren på det gamle veksthuset er det arbeidsrom med tørkeskap for grasprøvar, i tillegg til kjøle- og fryserom. Fureneset er bra utstyrt for feltforsøk i jord- og plantekultur, både kva gjeld maskiner og teknisk utstyr.

Vi har ein del bustadhus for tilsette på stasjonen. Elles er det hybel til leige og kontorplass for dei som vil sitte på Fureneset å jobbe i periodar.

Nettverk og samarbeidspartnarar

Norsk Landbruksrådgjeving (NLR), som er ein viktig samarbeidspart, leiger kontorplass på Fureneset. Regionalt er statsforvaltaren, landbrukskontora og landbruksnæringa viktige samarbeidspartar i ulike prosjekt. Samarbeidspartar er elles andre avdelingar i NIBIO, Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU), GRAMINOR og Universitetet i Bergen mfl. Finansiering av prosjekt skjer bl.a. gjennom NFR (FFL/JA), regionale og nasjonale Klima- og miljømidlar, og oppdrag gjennom Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.