Hopp til hovedinnholdet

Varslar at epleskurvsesongen er i gang!

IMG_5610_cropped

NIBIO-forskar Håvard Eikemo fortel at angrep av epleskurv og andre skadegjerarar heng nøye saman med det lokale vêret. Difor reknar VIPS ut varsla ved hjelp av vêrdata frå eit nett av klimastasjonar. Foto: Siri Elise Dybdal

Angrep av epleskurv startar allereie når epletrea får sine første grøne spirer. Og no har trea «grøn spiss" i dei tidlegaste frukthagane i landet.

Skurv på eple- og pæretre er ei utfordring som kan føre til øydelagde avlingar og økonomisk tap for bonden. Sjukdommen skuldas ein sopp og er svært utbreidd i Noreg.

Om vêret er varmt og fuktig, kan epleskurvsoppen angripe nye blad før dei faldar seg ut om våren. No har NIBIO fått melding om «grøn spiss» på trea i Ryfylket i Rogaland, og Sandane i Vestland.

Difor varslast det no om fare for angrep av epleskurv i VIPS (Varsling Innan PlanteSkadegjerarar).

Grønn spiss 3.jpg
Det er no grøn spiss på epletre i Ryfylket og i Sandane. Foto: Lisa Karine Haugland

 

Vips – så var sesongen i gang

VIPS er eit nettbasert verktøy utvikla av NIBIO og NLR som skal hjelpe den norske bonden med å ta gode val for integrert plantevern gjennom vekstsesongen. Her finst varsel om fare for angrep av sjukdomar og skadedyr, og fortløpande informasjon om ulike angrep. Meteorologisk institutt leverer vêrprognosar som blir brukt i modellane.

– I  Noreg er dei tidlegaste distrikta for epleskurv Telemark, Jæren, Hardanger og lenger nord på Vestlandet, fortel Håvard Eikemo, forskar ved NIBIO.

– Det er også epleproduksjon i Østfold, Lier-området og på Sørlandet. Dessutan har vi har varsling rundt Mjøsa. Store deler av landet er inkludert.

 

2-15 English.jpg

 

ef-20140720-130533.jpg
Epleskurv overvintrar først og fremst som askosporar i gammalt lauv på bakken. Sporane vert kasta opp i regn og kan infisere nye blad, skot og frukter. Om vêret er varmt og fuktig, kan epleskurvsoppen angripe dei nye blada før dei faldar seg ut. Foto Erling Fløistad

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.