Status for grunnlaget til jordbruksoppgjeret 2020
Grunnlagsmaterialet til jordbruksoppgjeret 2020 blir venteleg ferdigstilt i løpet av første veka etter påske, veke 16.
Det er Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) som legg fram forhandlingsgrunnlaget. NIBIO ved avdeling for Landbruksøkonomisk analyse er sekretariat for BFJ. Nemnda har etter planen sitt siste møte 14. april.
- Sjølv om situasjonen tyder på at årets jordbruksoppgjer vil bli utanom det vanlege, held vi oss til den vanlege tidslinja når det gjeld framdrift for arbeidet. Grunnlaget skal da vere klart rett etter påske.
- Resultatkontroll og Totalkalkylen for jordbruket blir etter planen lagt fram i veke 16. Grunna uvanleg stor usikkerheit blant anna knytt til makroøkonomiske data (som rente, lønn, prisutvikling), vil Totalkalkylen ikkje innehalde budsjettanslag for 2020. Det blir heller ikkje utarbeidd referansebruksberekningar, seier avdelingsleiar Lars Johan Rustad.
Budsjettnemnda si oppgåve er å utarbeide og leggje fram forhandlingsgrunnlaget for det årlege jordbruksoppgjeret. Nemnda er sett saman av representantar for partane, det vil seie staten og bøndene. Nøytrale medlemmer frå SSB (Statistisk sentralbyrå) er og med, i tillegg til leiaren for nemnda som er ekspedisjonssjef Knut Børve i Kunnskapsdepartementet.
KONTAKTPERSON
Lars Johan Rustad
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 911 27 954 lars-johan.rustad@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
KONTAKTPERSON
Lars Johan Rustad
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 911 27 954 lars-johan.rustad@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.