Hopp til hovedinnholdet

Solkraft utan naturkonflikt

photovoltaic-system-2742302

Forskarar skal finne ut korleis bakkemonterte solcelleanlegg påverkar miljø, økosystem og naturopplevingar. Foto: Sebastain Ganso, Pixabay

Er det mogeleg å byggje ut solkraftanlegg på bakken og samtidig ta mest mogeleg omsyn til miljø og økosystem? Det er eitt av fleire viktige aspekt ei gruppe breitt samansette forskarar skal finne ut av.

I forskingsprosjektet EnviSol skal forskarar på tvers av disiplinar undersøkje korleis bakkemonterte solkraftanlegg påverkar arealet dei er bygt på.

– Vi vil finne ut korleis slike anlegg påverkar natur og biologisk mangfald. Vidare vil vi prøve å finne ut korleis negative effektar på natur, kultur og friluftsliv kan unngåast eller avgrensast. Slik håper vi å danne eit kunnskapsgrunnlag som fortel kva tilpassingar vi må gjere for å kombinere solkraft med økosystemtenester, fortel forskar Jonathan Rizzi i NIBIO.

Saman med kollegaer frå IFE, NINA, og NMBU skal han prøva å finne ut korleis bakkebasert solcelleutbygging kan gjerast mest skånsamt.

 

Sterkt aukande behov

Hittil har mesteparten av solkraftanlegg i Noreg blitt montert på bygningar. Prisutviklinga på teknologien og straumprisen i seg sjølv har no gjort det gunstig å byggje ut bakkemonterte solkraftanlegg.

Behovet for meir kraft er skrikande. Statnett og NVE viser til ein auke i kraftforbruket fram mot 2030. Energikommisjonen frå i fjor ønskjer ein auka produksjon av 40 TWh fornybar energi fram mot 2030, og delar av dette skal kome frå solkraft. I forkant av den forventa utbygginga blir det tatt grep for å avgrense negative effektar. Forskingsprosjektet EnviSol varer fram til 2027.

 

To tankar i hovudet

Klimapanelet viser til at dei viktigaste tiltaka for å redusere klimagassutslepp er utbygging av vind- og solkraft, og samtidig stoppe nedbygging av natur.

– Her må vi ha to tankar i hovudet samtidig. Vi veit at utbygging av fornybar energi er ein trussel mot naturverdiar. Vi er avhengig av natur og utmark for lagring av karbon, sikring mot erosjon og flaum, pollinering og naturopplevingar. Fornybar energi må derfor utviklast med minst mogeleg negativ effekt på natur, held Rizzi fram.

Bakkemonterte solkraftanlegg i Noreg er nytt, og det er derfor ikkje gjort mange studiar av natureffektar.

– Likevel startar vi ikkje med blanke ark sidan vi byggjer på erfaringar frå solkraft i andre land. Den kunnskapen tar vi med oss og byggjer vidare på, samtidig som vi går grundig til verks i studiet av planlagde, påbyrja og utbygde anlegg rundt om i landet, seier Rizzi.

 

Omfattande arbeid

Forskarane skal ut i felten og studere korleis solanlegg blir bygde og påverkar areal. Dei skal følgje med på korleis økosystema utviklar seg i og rundt anlegga.

– Vi kartlegg naturen, måler skugge, vind og temperatur. Vi vil også få fram mogelege konfliktar med friluftsliv. Slik kan vi få danna eit kunnskapsgrunnlag som kan brukast direkte inn i planlegginga av andre solkraftanlegg, seier Rizzi.

– Vidare er det slik at solkraftverk er fleksible og lette å forandre på. Då er det viktig å finne fram til kva som kan gjerast konkret for at anlegga gir minst mogeleg effekt på jord, vegetasjon og dyreliv. Tilpassingar til naturen kan føre til lågare straumproduksjon eller utnytting av areal. Det vi då må gjere er å setje tal på både effekten for naturen og straumen for å finne det mest optimale designen for anlegget, avsluttar forskaren.

 

7.jpg

 

EnviSolProsjektet

EnviSol varer frå 2024 til 2027. Det er leia av forskarar frå IFE, NINA og NIBIO. Deltakarar i prosjektet er NMBU, Solenergiklyngen, NVE, DNT, Naturvernforbundet, COWI. Norconsult, Multiconsult, Fred Olsen Renewables, Solgrid og Innlandet Fornybar. Prosjektet skal dokumentere påverknaden bakkemonterte solkraftverk har på naturen og foreslå konkrete tiltak og løysingar for å førebyggje og avgrense negative effektar på natur og biologisk mangfold.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.