Hopp til hovedinnholdet

Aksjon ‘landskapsverdi’

293651_10150370182677790_1177798412_n.jpg

Korleis sørge for nødvendig utvikling av fornybar energi, og samtidig ta vare på landskapet og få aksept frå innbyggjarane.

Dette er tre hovudelement i eitt av nettverka til det europeiske fag- og forskningssamarbeidet COST. Aksjon RELY, Renewable Energy and Landscape Quality, er etablert for å utveksle kunnskap og erfaringar knytt til utbygging av fornybar energi.

- Utfordringane er opp i dagen ved slike tiltak, seier NIBIO-forskar Sebastian Eiter. Han er nestleiar for nettverket, og deltar sjølv i arbeidsgruppa som har god innbyggjar-medverknad i offentlege planprosessar som tema.

- Her skal vi få fram kunnskap om korleis utbyggjing kan skje på mest mogleg lempeleg vis både for landskap og innbyggjarar, fortel han.

Aksjon RELY var samla til sitt fjerde felles arbeidsmøte i april, og sendte nyleg ut ei oppsummering av bakgrunnen for aksjonen og korleis ein skal arbeide vidare med temaet.

 

Innbyggjarane må involverast

- Sjølv om dei aller fleste er positive til auka bruk av fornybar energi, fører utbyggjing stadig til protestar mot inngrepa og dei konsekvensane ein fryktar for landskapet, seier Eiter.

- Gjennom gode prosessar der innbyggjarane blir med, er målet å gjennomføre slike tiltak på ein måte som øydelegg minst mogleg av kvalitetane til landskapet, fortel han, og legg til:

- Det er slike prosessar arbeidet til COST RELY-aksjonen har som målsetting å gjere betre gjennom fagleg samarbeid.

COST-aksjonar er opne for forskarar og fagfolk frå forvaltning og næringsliv. Målet med programmet er at fagfolk skal møtast, utveksle kunnskap og bidra til auka innsikt innan ulike fagfelt. I denne aksjonen deltar 140 fagfolk frå 36 land.

 

COST

COST, European Cooperation in Science and Technology, er et kontaktformidlende og koordinerende organ med ansvar for å initiere og gjennomføre europeisk forskningssamarbeid. Norge har deltatt siden samarbeidet ble etablert i 1971.

Gjennom COST blir det dannet vitenskaplige nettverk som gir forskere anledning til å samarbeide innen et vidt spekter av forskningsaktiviteter.

Les mer hos Forskningsrådet

COST Action TU 1401 Rely

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.