Hopp til hovedinnholdet

Sju døme på grøn forsking som kan gjere ein forskjell

sparkler-677774_1920

NIBIO forskar på nye løysingar som kan skape framtidstru og gjere nytte i åra framover. Foto: Pixabay.

Klimaendringar, miljøutslepp og ei aukande befolkning skapar nye utfordringar i verda. Men det er også mange som forskar på nye løysingar som kan gjere ein forskjell i åra framover. Her er sju spanande prosjekt i startfasen!

1. Frå ost og fiskeslam til biogass

Ein av grunntankane i den nye bioøkonomien er mellom anna å utnytte restprodukt og avfall frå ein produksjon som råvarer inn i ein anna. Det grøne skifte, og kretslauptenkinga om ein sirkulær økonomi, vil krevje nye idear og nye måtar å tenkje på.

I Torjulvågen i Møre og Romsdal ynskjer Tingvoll Fisk AS å utvide produksjonen sin med eit flytande, delvis lukka, anlegg i sjøen. Målet er å samle opp fiskeslam og nytte det i biogassproduksjon, saman med myse - eit restprodukt frå osteproduksjon - og møkk frå nabogarden og familiebedrifta, Tingvollost.

- Dette er bioøkonomi i lokal skala, fortel NIBIO-forskar Joshua Fenton Cabell, som arbeider med prosjektet. Eg tenkjer at bioøkonomien må lukkast i småskalaprosjekt på lokalt plan, om han skal lukkast globalt. Om dei får det til her, kan erfaringane kanskje overførast til andre.

- Vi er framleis i ein tidleg forskingsfase og det er enno fleire utfordringar og ingen klare svar. Men dette prosjektet har skapt ei interesse for å gå djupare og finne ut meir om kva som skjer i biogassprosessen når vi brukar marint slam, og om restproduktet trygt kan brukast som gjødsel på jordet, seier Cabell.

 

2. Trebruk på nye berekraftige måtar

Per i dag går veldig mykje av det trevirket som samlast inn i Noreg til energigjenvinning – og noko går til og med utanlands. Men målet med avfallspolitikken i Noreg er å få til meir materialgjenvinning. Auka materialgjenvinning - også av trevirke - vil vere ein stor gevinst.

NIBIO starta nyleg eit prosjekt der restprodukt frå treforedlingsindustrien utnyttast til nye innovative og verdiskapande produkt. Forskingsprosjektet VerdiTre har som mål å utvikle nye produkt og tenester basert på biprodukt frå norske tømmerstokkar.

- I Noreg er vi no i ein periode der konstruksjonssystem i tre og trefasadar ofte blir valt til nybygg – slik som skular, barnehagar, sjukeheim og leilegheit- og næringsbygg. Kanskje får vi også eit regjeringskvartal i tre. Dette er positivt for sagbrukarane og trelastnæringa generelt, forklarar Erik Larnøy, treteknolog og avdelingsleiar ved NIBIO.

- Samstundes produserast det betydelige mengder sideprodukt i form av kapp, sagflis og høvelspon, som også kan bli til verdifullt råstoff i nye, verdifulle produkt, påpeikar han.

I VerdiTre-prosjektet undersøkjer forskarane kor mykje av treavfallet som potensielt kan bli attvunne – anten i si opprinnelege form eller i bearbeidd form.

 

3. Tek biene og blomane med i byplanlegginga

Når byane utvidast mister biene viktige leveområde. Blomeenger er eit av dei viktigaste leveområda for mange planter og insekt. I dag er dei rekna som ein trua naturtype. Ein av årsakane er urbanisering og omgjering av eng og skog til asfalt og betong. I prosjektet BE(E) DIVERSE skal forskarar frå ulike land og fagfelt sjå på korleis urbanisering påverkar insekt og ville planter i ein bykommune i vekst, nærare bestemt Trondheim.

- I motsetjing til mange andre urbane område i Europa, er det framleis gjenverande semi-naturlege areal og landbruksområde innanfor bygrensene her. Men på grunn av aukande urbanisering er desse områda under press. I prosjektet skal vi undersøke korleis utbreiinga og samspelet mellom planter og pollinatorar blir påverka i areal med ulik grad av urbanisering, fortel Line Johansen, prosjektleiar og kulturlandskapsforskar i NIBIO.

– Biologisk mangfald handlar ikkje berre om talet på artar og utbreiinga deira, seier Johansen. Det handlar om mangfaldet av funksjonar desse artane representerer.

Det er viktig allereie i byplanlegginga å sjå på korleis vi kan ivareta areal som kan fungere som blomerike såkalla «hotspots» og mellomstasjonar mellom desse, legg ho til.

Ein nasjonal strategi for å bevare levedyktige bestandar av ville bier og andre pollinerande insekt er under utarbeiding i Noreg.

 

4. Auke kvaliteten på afrikansk kyllingproduksjon

Verdas befolkning aukar, klima er i endring og forbrukarar blir stadig meir bevisste på kva dei kjøper. Matprodusentar rundt om i verda møter nye utfordringar relatert til effektivitet, tilpassing av drift og krav til kvalitet.

Etterspurnaden etter kylling er stadig aukande i afrikanske land. Men dyrt fôr, avgrensa økonomi og investeringsemne, kombinert med billig importert kjøt frå mellom anna EU og USA, stikk kjeppar i hjula for dei lokale produsentane.

No vil forskarane gje småskalaprodusentane den kunnskapen dei treng for å bli konkurransedyktige, både i den nasjonale og den internasjonale marknaden. NIBIO-forskar Giovanna Ottaviani Aalmo leier eit internasjonalt forskingsprosjekt (SPEAR) der målet er å hjelpe produsentar i Senegal, Kenya og Ghana til å forbetre kvaliteten på både drifta og sluttproduktet. Dei skal analysere driftssystem, dyrevelferd, matsikkerheit og produksjon.

– Utfordringane knyt seg mellom anna til lagrings- og produksjonsanlegg som ikkje kan møte krava til europeisk matsikkerheit, meiner Ottaviani Aalmo.

– Vi vil lære produsentane korleis dei kan betre driftsforholda. Vi skal sjå på korleis drifta kan optimaliserast for at den enkelte produsenten skal kunne levere meir kjøt med betre kvalitet. Vi vil finne alternative proteinkjelder som bøndene kan produsere sjølv, som kostar langt mindre og som ikkje er ei belasting for miljøet. Vi skal mellom anna sjå på løysingar med insekt.

– Klimaet i mange afrikanske land er spesielt godt egna for insekt. Best av alt er at det er ein miljøvenleg proteinkjelde som bøndene kan produsere lokalt, legg ho til.

 

5. Klimasmart landbruk i India

Småbrukarar er viktige for India. Det fireårige tverrfaglege Resilience-prosjektet tek sikte på å hjelpe meir enn 100 000 indiske bønder til å auke landbruksproduktiviteten og tilpasse seg klimasmart landbrukspraksis.

Prosjektet er basert på mange års erfaring frå liknande prosjekt i India, ifølgje direktør for NIBIO sitt senter for internasjonal utvikling (CID), dr. Udaya Sekhar Nagothu. Han koordinerer også Resilience-prosjektet, og leder konsortiet beståande av seks forskings- og universitetspartnarar.

- Kort sagt, Resilience har som mål å auke tilpassingsemna til småbrukarar, landbruksproduktivitet, lønsemd og ernæringsmessige fordelar, redusere negative miljøpåverkningar og auke berekraftig intensivering i India, seier dr. Nagothu.

- Vår ambisjon er å nå rundt 50 000 bøner i to statar. Blant dei forventa resultata er ei forbetring i produktiviteten til småbrukarane, og ei auking i talet på bønder som praktiserer Climate Smart Agriculture, og ei betring i kvinners deltaking i avgjerdsprosessen på gardsnivå.

 

6. Samarbeid om global matsikkerheit

- Heile verda, inkludert Noreg, er avhengig av Kina si emne til å sørgje for matsikkerheit og ei berekraftig utvikling, seier NIBIO-direktør Nils Vagstad.

No har NIBIO og kinesiske partnarar starta opp eit omfattande prosjekt for å bidra til klimasmart matproduksjon og redusert miljøbelastning i Kina. Kinas trettande femårsplan vektlegg eit reinare miljø. I prosjektet skal NIBIO vere med å utvikle system for presisjonsjordbruk, som i neste omgang skal føre til redusert bruk av gjødsel og plantevernmiddel, høgare produksjon og betre økonomi i Kina.

I tillegg bidrar dette til tryggare mat og betre helse både for bønder og forbrukarar.

– Dette er eit samansett prosjekt der teknologi og robotar møter varslingstenester, samanstilling av store datasett, biologisk kompetanse, miljøspørsmål og helse, forklarar Kina-koordinator og seniorforskar Jihong Liu Clarke, som leier prosjektet.

 

7. Leitar etter biokolgjødsel som kan bremse klimagassutslepp

På eit jorde i Vestfold prøvar forskarar frå NIBIO å finne ut om det blir mindre klimagassutslepp dersom biokol blir kombinert med biorest frå biogassanlegg eller kompost. Er det mogleg å produsere ei gjødselblanding som både reduserer klimagassutslipp og gjev like god avling som kunstgjødsel?

- Vi undersøkjer korleis dei ulike jordbehandlingane verkar inn på jorda sin produksjon av klimagassar, som lystgass og CO2. Vi forsøker å finne ut korleis vi kan redusere slike utslepp ved å behandle jorda på ulike måtar, seier NIBIO-forskar Simon Weldon.

Biokol er ein type trekol som kan brukast til å lagre karbon i jord og forbetre jordkvaliteten. I motsetjing til organiske materiale som til dømes lauv eller kompost, som blitt brote ned til jord i løpet av få år, blir biokol verande i jorda fordi det er vanskeleg for mikroorganismane å bryte det ned. Det betyr at karbonet som biokolet består av i relativt liten grad forsvinn ut igjen som karbondioksid til atmosfæren.

Tidlegare forsøk har vist at biokol gir betre utnytting av næringsstoff når det brukast i kombinasjon med organisk gjødsel, som t.d. husdyrgjødsel eller kompost. Forskarane trur dette også gjeld for biorest, som er eit næringsrikt restprodukt etter biogassproduksjon.

Ei slik blanding kan forhåpentlegvis også bidra til å minske klimagassutsleppa frå landbruket, spesielt utslepp av lystgass frå organisk gjødsel og kunstgjødsel.

Alle-SDG-fargerRGB.jpg
lakseoppdrettsanlegg_FotoRagnarVaagaPedersen_cropped.jpg
Det er førebels lite kunnskap om behandling av marint slam, og det er enno ikkje krav om oppsamling av slam frå havbaserte oppdrettsanlegg, men det kan kome. Fleire aktørar arbeider no med tekniske løysingar for oppsamling i delvis lukka system og heilt lukka system, og forskarar er i gang med å sjå på om marint slam kan nyttast i biogassproduksjon. Foto: Ragnar Våga Pedersen.
Høvelspon - Foto - Lars Sandved Dalen - NIBIO.jpg
Restane frå sagbruk og papirfabrikkar, slik som bark og høvelspon vert i dag nytta til oppvarming og til sponplater. NIBIO-forskarane ser likevel for seg at meir av treavfallet kan verta til endå utnytta meir verdifulle produkt. Foto: Lars Sandved Dalen.
Bilde 3_Wencke Dramstad.jpg
Når byane vert utvida mister humlene viktige habitat. No skal forskarane undersøkja korleis vi kan ta omsyn til dei pollinerande insekta i vidare planlegging. Foto: Wenche Dramstad.
chicken-2775386_1920.jpg
Etterspurnaden etter kylling er stadig aukande i afrikanske land. Men dyrt fôr, avgrensa økonomi og investeringsemne, kombinert med billig importert kjøt frå mellom anna EU og USA, stikk kjeppar i hjula for dei lokale produsentane. Foto: Toni Etyang/Pixabay.
20181009-L1008324.jpg
Småbrukarar er viktige for India. Det fireårige tverrfaglege Resilience-prosjektet tek sikte på å hjelpe meir enn 100 000 indiske bønder til å auke landbruksproduktiviteten og tilpasse seg klimasmart landbrukspraksis. Foto: Ragnar Våga Pedersen.
sproyt.jpg
NIBIO og kinesiske partnarar arbeider saman om eit omfattande prosjekt for å bidra til klimasmart matproduksjon og redusert miljøbelastning. Foto: Ragnar Våga Pedersen.
Atj-0986.jpg
Biokol er ein type trekol som kan brukast til å lagre karbon i jord og forbetre jordkvaliteten. I motsetjing til organiske materiale som til dømes lauv eller kompost, som blitt brote ned til jord i løpet av få år, blir biokol verande i jorda fordi det er vanskeleg for mikroorganismane å bryte det ned. Det betyr at karbonet som biokolet består av i relativt liten grad forsvinn ut igjen som karbondioksid til atmosfæren. Foto: Anette Tjomsland.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Nyheter