Rugeegg frå Hvam fekk bein å gå på

Mette N. Bjerkestrand t h og kunde Cecilie Børgund t v_Foto Mari Korsmo_cropped

Cecilie Børgund, t.v., henter 420 rugeegg for å ta heim til Våler i Solør. Genbankleiar Mette Bjerkestrand ønskjer lykke til. Foto: Mari Korsmo

Koronaåret gav rekordomsetning ved genbanken for verpehøns på Hvam i Nes. Aldri før har fleire kjøpt rugeegg, kyllingar og unghøner frå bevaringsverdige hønerasar.

I det påsken står for døra, kjem det ei gladmelding frå genbanken for verpehøns om svært gode tal for sal av egg og kyllingar i 2020.

I fjor blei det seld 6 500 rugeegg, nesten 1 400 eittårige høner og knapt 2 000 daggamle kyllingar og unghøner. Det er to og ein halv gong fleire rugeegg enn i 2019, og nær dobbelt så mange årsgamle høner. For kyllingar og unghøner er auken meir moderat.

– Eg vil tru dette heng saman med at mange har sysla mykje i heim og hage i koronaåret. Kanskje blei 2020 året for endeleg å realisere draumen om eigne verpehøns, kommenterer Nina Sæther, leiar av Norsk genressurssenter i NIBIO.

– Uavhengig av årstal, ser vi at dei bevaringsverdige hønerasane er populære blant folk som vil ha høner heime i hagen og egg til eige forbruk.

I dag er det Viken fylkeskommune, ved Hvam vidaregåande skule, og staten, ved NIBIO og Norsk genressurssenter, som driftar og eig genbanken.

IMG_0845_kopi_justert.jpg
Lys Sussex med daggamle kyllingar. Foto: Norsk genressurssenter

Friske høner

Ønske om kortreist og trygg mat, i tillegg til at folk heldt seg meir heime i 2020. Slik forklarer driftsleiar Mette Bjerkestrand ved genbanken på Hvam den store salsauken i fjor.

– Dessutan er det tydeleg at kundane er opptatt av å kjøpe garantert friske høner. Hos oss veit dei at dei får sjukdomsfrie dyr. Det er og ein viktig del av forklaringa på veksten i fjor, og den veksten vi opplever jamt og trutt, legg ho til.

Sjølv om det framleis er tidleg i 2021, meiner ho det vil bli nok eit godt år for genbanken. Kanskje ikkje heilt på høgd med fjoråret, men likevel ‘normalt-pluss.’

– Sal av livdyr og rugeegg er ei viktig inntekt for drifta av genbanken. Banken med ansvar for å ta vare på verdfulle nasjonale hønegener er heilt avhengig av dette salet, fortel genressursleiar Sæther.  

Ho ser på det som ein vinn-vinn situasjon; dei som kjøper rugeegg og livdyr får friske dyr samtidig som dei bidrar til å sikre drifta av genbanken.

graf.png
Sal av kyllingar, høner og rugeegg 2018-2020.

Store og små kundar velkomne

Kundane kjem frå heile landet, sjølv om dei fleste er frå Innlandet og Viken. Mange kjøper store kvanta, inntil 1000 egg, men nokre er heilt nede i 30 egg eller mindre.

– Vanlegvis sel vi ikkje færre enn 30, men vi gjer unntak for føremål om ‘opplæring.’ Barnehagar, skular eller Inn på tunet kan få kjøpe ned til 10 egg om gongen. Slike kundar er så viktige for samfunnet og vår kollektive oppdraging at vi må vere litt ekstra fleksible, seier Mette Bjerkestrand.

No er det snart både høgtid og høgsesong. Da tar aktiviteten ved genbanken seg opp og kundane strøymer på. Rett før påske blei  420 egg henta av ein kunde aleine. Så kjem nok fleire leveransar innimellom. I løpet av sesongen skal 10 500 kyllingar klekkast ved genbanken – til eigen reproduksjon og for sal i livdyrmarknaden.

– Før sende vi kyllingar med fly til ulike delar av landet, men det vart det slutt på i korona-året. Egg sende vi per post ein periode. Også det har vi slutta med. Det vart for mykje eggerøre, rett og slett.  

 

Portforbod: Hald hønene inne!

Ein ting er Nina Sæther og Mette Bjerkestrand begge opptatte av å kommunisere akkurat no. På grunn av den pågåande fugleinfluensaen gjeld det no særskilde smittevernreglar for fugl og fjørfe. 

Frå november i fjor innførte Mattilsynet ‘portforbod’ i mange delar av landet. Per mars i år er forbodet utvida til å gjelde heile landet. Det er gjort for å hindre at trekkfuglar eller andre villfuglar spreier smitte til tamfuglar.

– I praksis betyr dette at alle som har hobbyhøns og andre fuglar i fangenskap, må halde fuglane innandørs. Dette gjeld heile døgnet, fortel Mette Bjerkestrand.

Einaste måten å ha fuglane ute på er å sikre at dei er inngjerda og under tett tak.

Bjerkestrand minner også om at alle som har hobbyfjørfe er pliktige å registrere besetninga hos Mattilsynet. Meir informasjon er å finne på Mattilsynet sine heimesider.

KONTAKTPERSON
Fakta om genbanken

Genbanken for verpehøns (genbanken) på Hvam videregåande skule vart etablert av Norsk Fjørefeavlslag som ein nasjonal genbank i 1974.

Bankens kapital er levande dyr. Slik er det fordi nedfrysing av hanesæd ikkje er ei påliteleg form for genlagring. Derfor utgjer levande dyr genlageret.

På genbanken blir dyra følgde opp frå ‘frø’ til fugl og frå generasjon til generasjon. Registrering og dokumentasjon av slektskapet mellom dei 3 000 hønene og 500 hanane som står der er ein vesentleg del av bankens oppgåver.

 

Genbankens samfunnsoppdrag

Genressurs. Hønserasene på genbanken er både en nasjonal genressurs og en del av norsk kulturarv. Som genressurs kan de brukes til å starte opp nye avlsprogram for verpehøns hvis dette skulle bli et behov. Ved at genbanken også tilbyr salg av de kulturhistoriske rasene til de som ønsker å ha noen høner i hagen, er den en viktig kulturbærer.

Dyrehelse. Både fjørfenæringa og Mattilsynet vurderer genbankens omfattende salg av smittefritt dyremateriale til hobbyfjørfemiljøet som et viktig bidrag til dagens gode helsestatus i norsk fjørfeproduksjon.

Forskning. Genbankens gode dokumentasjon på slektskap i flere generasjoner bakover samt den store genetiske diversiteten både innen og mellom rasene gjør dyrematerialet spesielt interessant for forskningsprosjekter, både nasjonalt og internasjonalt. 

Undervisning. Genbanken er en viktig undervisningsarena for Hvam videregående skole der elevene lærer om dyrevelferd, smittevern, dyrehelse og om bevaring av genetiske ressurser og verdien av genetisk mangfold.

Kjelde: Norsk Genressurssenter 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.