Ny kunnskap kan gjera bringebæra endå betre

IMG_0317

For bringebærnæringa er kartlegginga av bringbæret si genetiske samansetjing ein ressurs, seier Forskar Jahn Dalvik ved NIBIO. Foto: Siri Elise Dybdal.

Forskar Jahn Davik ved NIBIO har i samarbeid med Graminor kartlagt bringebæret si genetiske samansetjing. Det kan bety nye bringebærsortar, betre og finare bær.

Bringebær - dei små, raude saftige bæra med søt smak - er ei god kjelde til vitamin, mineral og antioksidantar, og er difor både sunne og deilege.

På verdsbasis har bringebærnæringa vakse enormt dei siste 20 åra. I dag vert det globalt produsert meir enn 800.000 tonn bringebær per år, med ein førstehandsverdi på over 3,5 milliardar dollar.

Globalt skjer det eit stort foredlingsarbeid på bringebær. Nye gode sortar, produsert med tradisjonelle avlsmetodar, vert stadig slept på marknaden. Innføring av moderne avlsstrategiar basert på til dømes molekylære markørar, som både kan effektivisere sortsproduksjonen og vere meir målretta, har dessverre vist seg vanskeleg. Ein grunn til dette er mangelen på informasjon om den genetiske samansetjinga til planta – det såkalla genomet.

Anitra 3.JPG
I utviklinga av nye bringebærsortar vil ein no meir presist kunne velje ut plantevariantar som inneheld dei spesielle gensekvensane ein er ute etter. Foto; Jan Davik.

Lite sidespor blei kartlegging

- Vi har tidlegare vore involverte i kartlegginga av jordbæret si genetiske samansetjing. Dette har vore ein enorm ressurs i jordbærforsking og -utvikling. No har vi gjort det same med bringebær, seier Jahn Davik, forskar ved NIBIO.

- Det starta med at vi var interesserte i fargane hos bringebær og kor godt dei heldt seg gjennom prosessering og lagring av syltetøy. Vi samla mykje informasjon om fargesamansetjing og gen som er involverte. Men alt vart hengande i lufta «utan anker», utan å vite kvar i genmassen til bringebærplanta dei ulike eigenskapane vart styrte frå. Det var sånn dette arbeidet starta, forklarar han.

Ankeret i denne konteksten er genomsekvensen, det vil seie alle desse byggesteinane som utgjer heile arvematerialet i ei organisme – både genar og DNA-strengar utan kjent funksjon.

NIBIO-forskaren seier at det er mangt ein kan nytte genomet til i forsking og utvikling:

- I grunnforskinga vil eit genom alltid vere ein viktig ressurs. Men min personlege motivasjon har vore å skape ein ressurs som planteforedlarar kan bruke. I utviklinga av nye bringebærsortar vil ein no meir presist kunne velje ut plantevariantar som inneheld dei spesielle gensekvensane ein er ute etter.

- Alle likar bringebær, også skadeorgansimar. Å velje ut dei sortane som er mest robuste mot skadegjerarar er viktig for ein berekraftig bærproduksjon. For konsumentar er kanskje smak og vitamininnhald viktig og for dyrkaren salbar avling, påpeikar han.

 

Ein ressurs for næringa

For bringebærnæringa er dette ein ressurs «å byggje på og ause ut av», seier Davik:

- Vi har gjort dette kartleggingsarbeidet saman med Graminor og engelske og amerikanske forskarar. Graminor er svært interesserte i denne ressursen. No står det igjen litt finpuss, så er planen å få genomsekvensen ut på fagfellevurdering etter jul, avsluttar han.

KONTAKTPERSON
9-11-12.jpg
Anitra 2.JPG
På verdsbasis har bringebærnæringa vakse enormt dei siste 20 åra. I dag vert det globalt produsert meir enn 800.000 tonn bringebær per år, med ein førstehandsverdi på over 3,5 milliardar dollar. Foto: Jan Davik.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.