Hopp til hovedinnholdet

Ny app gjer kvardagen enklare for feltarbeidarar

P1040936

Hanne Sickel registrerer karplantar for 3Q-programmet. Foto: Christian Pedersen, NIBIO

Du har sikkert høyrt om at det vert færre insekt og at fleire fugleartar er i tilbakegang. Det veit me fordi det finst feltarbeidarar. Dei er ute i all slags ver, observerer, tel og registrerer. I år har NIBIO sine feltarbeidarar tatt i bruk ein ny app som gjer arbeidet meir effektivt og sikrar kvalitet.

Frå vår til haust forlèt forskarar og frivillige kontora sine og tek på seg støvlane. Dei skal ut i felt. Mange står opp grytidleg og ofte må dei reisa langt. Nokre jobbar for NIBIO sitt 3Q-program der dei mellom anna overvaker mangfaldet av plantar, fuglar og insekt i norske kulturlandskap.

 

Lettar arbeidet  

Kvart år vitjar feltarbeidarane nokre av dei omkring tusen overvakingsflatene som ligg spreidd over heile landet. Christian Pedersen er forskar i NIBIO, og ein av dei som har tatt del i feltarbeid for 3Q sidan starten i 1998. No har han måtta venna seg til noko nytt.

– Vi har fått ein app som sparar oss for masse arbeid samstundes som dataene våre er betre sikra, fortel Pedersen.

– Inntil i fjor har nesten alle registreringane blitt gjort på papir eller som lydopptak. Etter kvar feltsesong var det eit stort arbeid å få digitalisert og lagra alt saman. Det var dessutan fare for å mista data undervegs, og for feilkopiering, held han fram.

Appen som Pedersen fortel om heiter QField og er utvikla av firmaet OPENGIS.ch i Sveits. Den gjer at alle observasjonane kan lagrast på server direkte frå felt. Dessutan kan utfyllingsskjemaet i appen settast opp slik at ein ikkje kjem vidare før ein har registrert alt som skal med.

– Når vi no kjem inn att på kontoret etter feltarbeidet, ligg alle dataene klare på server, og vi kan gå i gang med analyser med det same, seier den nøgde forskaren.

 

Billig og bra

Ein av grunnene til at ein ikkje har starta med digital dataregistrering før no, er at det er mange folk ute i felt, også mange frivillige. Det har rett og slett ikkje vore nok midlar til å skaffa feltpc-ar til så mange.

– Fordi appen kan installerast båe på mobil og nettbrett, kan feltarbeidarane stort sett nytta eige utstyr. Dermed vert løysinga veldig rimeleg. Vi slepp dessutan å drassa med oss tunge feltpc-ar i all slags terreng, forklarar Pedersen.

– Ei anna fordel er at smarttelefonar og nettbrett har innbygd gps som gjer at vi kan finna overvakingsflatene utan kart og kompass. Totalt sett gjer denne appen feltarbeidet meir effektivt, billigare og sikrare, slår forskaren fast.

Dei som ikkje ynskjer å bruka appen, kan velja å registrera på papir som før. Men trass i eit par innkøyringsproblem, er dei fleste feltarbeidarane særs nøgde med det nye opplegget.

Feltornitolog Andreas Günther frå BirdLife Norge testa appen for første gong under 3Q-registreringane i sommar.  – Kartfunksjonen gjorde det enkelt å finna teljepunkta utan bruk av kart og GPS. I dei fem minutta teljingane går føre seg må ein ha fullt fokus på fuglar som syng eller bevegar seg i terrenget. Derfor valde eg først å notera på papir, for seinare å leggja dataene inn i den nye appen. Foto: Morten Günther
Feltornitolog Andreas Günther frå BirdLife Norge testa appen for første gong under 3Q-registreringane i sommar: – Kartfunksjonen gjorde det enkelt å finna teljepunkta utan bruk av kart og GPS. I dei fem minutta teljingane går føre seg må ein ha fullt fokus på fuglar som syng eller bevegar seg i terrenget. Derfor valde eg først å notera på papir, for seinare å leggja dataene inn i den nye appen. Foto: Morten Günther

 

Teknologar i kulissane

Hovudårsaka til at innføringa av appen har gått så bra, er senioringeniør i NIBIO, Anne B. Nilsen. Ho har tilpassa appen til dei ulike datafangst-oppdraga og hjelpt til med å retta opp feil og manglar.

– Fagpersonar utan kunnskap om programmering kan utarbeida enkle skjema for datainnsamling sjølv. For meir kompliserte oppsett er det naudsynt å kunna litt programmering. Då hjelper eg til, fortel Nilsen.

–  Eg har hjelpt til med å lasta opp naudsynte data og laga skjema tilpassa dei ulike registreringsoppdraga. Det er viktig med tett samarbeid mellom dei som skal nytta appen og dei som lagar oppsettet. Jo fleire tilbakemeldingar vi får, jo betre vert resultatet, understrekar Nilsen.

– Eg har sett behovet for ein slik app lenge. No har snøballen byrja rulle for alvor, seier ho.

– Det eine fagområdet etter det andre ser nytta av å bruka appen til registreringar i felt. Blant anna blir no data om humlar, sommarfuglar, setrar og registreringar for eit nasjonalt jordovervakingsprogram samla inn digitalt i felt. Eg synest dette er veldig kjekt, og eg veit at det sparar oss for mykje tid og pengar, avsluttar Nilsen.

Open kjeldekode

Den nye appen som feltarbeidarane har tatt i bruk, heiter QField. Appen er skreddarsydd nett for den slags registreringar i felt som mange NIBIO-tilsette gjer med innsamling av koordinatfesta data. Appen er lagd med programvara QGIS, eit program som kan nyttast til å laga og sjå på kart og til å gjera analyser.

Frå mobil og nettbrett vert feltdata som er samla inn med QField-appen vanlegvis overført til QFieldCloud som er ein skybasert teneste som synkroniserer og slår saman data, men i år har NIBIO oppretta ein eigen server for sine QField-data. Takk vere den opne kjeldekoda kunne IT-avdelinga installera QFieldCloud på ein av NIBIOs eigne datamaskinar.

Alle tre nemnde program er basert på open kjeldekode. Det vil seie at programvara ikkje er lisensbelagt slik at alle kan nytta, forbedra og dela fritt.

Den nye appen er tilpassa liten skjerm på nettbrett og mobil. Her med flyfoto og skjema for registrering av karplantar. Foto: Christian Pedersen, NIBIO
Den nye appen er tilpassa liten skjerm på nettbrett og mobil. Her med flyfoto og skjema for registrering av karplantar. Foto: Christian Pedersen, NIBIO

 

3Q-prosjektet

3Q står for Tilstandsovervåking og REsultatkontroll i Kulturlandskap og blei igangsatt sette i gang 1998. Forskarar og frivillige frå mellom anna «BirdLife», bidreg med innsamling av data om artar. Ut frå registreringar på såkalla utvalsflater, som er spreidd tilfeldig over heile landet, utarbeidar forskarane statistikk som viser korleis utviklinga er for ulike indikator-artar. Ved hjelp av flybilete vert òg landskapsendringar registrerte og ein kan sjå moglege samanhengar mellom endringar i landskap og artsmangfald. Du kan lesa meir om undersøkingane og 3Q-statistikken her:

Den 29. november vert det 3Q-seminar i Oslo med presentasjon av dei nyaste resultata.  

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.