Hopp til hovedinnholdet

Norske fruktdagar – eit høgdepunkt med alvorspreg

1000006295

Norske fruktdagar 2025 blei arrangert på Voss i midten av januar. Foto: Irén Lunde Sekse, NLR Lofthus

Ein ting vart tydeleg etter to heile dagar med foredrag om norsk fruktproduksjon: Utfordringane aukar og dei må løysast i fellesskap.

Sist veke var om lag 200 personar samla til Norske fruktdagar på Voss. Blant deltakarane var fruktprodusentar, rådgjevarar, forskarar og andre som er tilknytt verdikjeda for frukt. Fagsamlinga har vore arrangert annakvart år sidan 2006 og samlinga har vore eit samarbeid mellom Norsk landbruksrådgiving, NIBIO og Bondelaget.

Therese Jaastad frå Hardanger tok over drifta av familiegarden for eit år sidan og fortel at ho er tiande generasjon på fruktgarden.

– Kunnskap er veldig viktig for meg no i oppstartsfasa. Det er mykje eg ikkje kan, og sjølv om førre generasjon kan gje mange gode råd, kjem det heile tida nye utfordringar. For meg er det veldig viktig at me har landbruksrådgjevinga som formidlar resultata frå forskinga vidare til oss bønder. Eg har ikkje tid til å lesa så mykje, seier ho.

Samson Hamre, kjem og frå Hardanger. Han har drive med fruktdyrking heile livet og har nett gjeve stafettpinnen vidare til neste generasjon.

– Ein får med seg veldig mykje på ei slik samling. Ein får del i oppdatert og framtidsretta kunnskap og vert minna på verkelegheita som me må takla framover. Det skjer store endringar no. Med mildare klima kjem fleire skadedyr og tilgangen på plantevernmiddel vert stadig meir innskrenka, seier Hamre.

– Eg trur og at dei yngre som tek over er endå meir opptekne av ny kunnskap. Med fleire utfordringar og høgare krav, vert forskinga om mogleg endå viktigare i framtida enn ho har vore til no, avsluttar han.

Norske fruktdagar samlar produsentar, rådgjevarar og forskarar til fagleg påfyll, utveksling av erfaringar og sosialt samvær. Frå venstre: Forskar i NIBIO Ullensvang, Jorunn Børve; rådgjevar i NLR Ullensvang, Iren Lunde Sekse; fruktbonde i Hardanger, Samson Hamre og fruktbonde i Hardanger Therese Jaastad. Foto: Hege Ulfeng
Norske fruktdagar samlar produsentar, rådgjevarar og forskarar til fagleg påfyll, utveksling av erfaringar og sosialt samvær. Frå venstre: Forskar i NIBIO Ullensvang, Jorunn Børve; rådgjevar i NLR Ullensvang, Iren Lunde Sekse; fruktbonde i Hardanger, Samson Hamre og fruktbonde i Hardanger Therese Jaastad. Foto: Hege Ulfeng

 

Store utfordringar på insektfronten

Utfordringa med færre plantevernmiddel og fleire skadegjerarar var eit tema som gjekk att i mange foredrag på fagsamlinga. Gunnhild Jaastad er forskar ved NIBIO  Ullensvang i Hardanger. Ho jobbar med denne problemstillinga til dagleg.

– Veldig mange av dei sprøytemidla som me har brukt mot skadeinsekt er borte eller forsvinn snart, mellom anna på grunn av nye direktiv frå EU. No manglar me faktisk tiltak sjølv mot dei aller vanlegaste skadeinsekta, seier ho.

– Takka vera gode middel mot til dømes rognebærmøll i eple og kirsebærfluge i morell, har me så langt klart å kontrollera situasjonen. No vert desse midla forbodne. Populasjonen av kirsebærfluga har auka mykje dei siste åra. Desse insekta legg egg som klekkjer til larvar inni frukta. Det er ikkje akkurat noko kundane sett pris på.

Ulike teger har og vorte eit aukande problem. Også her har bonden lite å stilla opp med. Raudfottega har auka veldig, særskilt på Vestlandet. Tidlegare har ein hatt eit effektivt middel mot teger, men det kan ikkje nyttast lenger.

– I tillegg til at kjende skadegjerarar vert eit aukande problem att, får me og inn nye insekt. Mildare klima og import er hovudårsaker. Eit døme på dette er blodlusa som kan gjera stor skade. Unge tre er mest utsett, forklarar Jaastad.

– Me ser og at eit mildare klima gjer at insekta endrar oppførsel. Nokre som berre har hatt ein generasjon i løpet av ein vekstsesong, kan no ha to generasjonar, og dei med to kan ha tre. Då vert det meir utfordrande å nedkjempa dei. Nokre ser og ut til å leggja egg over ein lengre periode enn før. Alt dette gjer kontroll  av skadeinsekt i fruktproduksjonen veldig utfordrande, sukkar Jaastad.

I Noreg finst det no ikkje lenger sprøytemiddel mot rognebærmøll. Møllen legg egg som klekker til larvar inni frukta. Foto: Erling Fløistad, NIBIO
I Noreg finst det no ikkje lenger sprøytemiddel mot rognebærmøll. Møllen legg egg som klekker til larvar inni frukta. Foto: Erling Fløistad, NIBIO

 

Førebygging og fysiske tiltak

Midla som har vorte brukt i fleire tiår har ofte vore såkalla systemiske middel. Dei går inn i planta og insekta får det i seg når dei et på blad og frukt. Slike middel kan ha verknad opp til to veker etter sprøyting. Fleire av dei har og verknad mot mange ulike skadegjerarar og mot fleire livsstadium hjå insekta. Jaastad forklarar at dei nye midla som kjem på marknaden, er meir krevjande å nytta.

– Dei nye midla er for det meste såkalla lågrisikomiddel. Dei kan ha mildare verkestoff frå naturen eller innehalda bakteriar som drep skadeinsekta. Luktstoff kan og nyttast for å forvirra eller lokka insekta. Fysiske middel som leire og siltpulver vert og testa. Mange slike middel verkar berre på eit stadium, til dømes på egg rett før klekking eller på små larvar. Fleire middel må og treffa sjølve skadegjeraren, og ein kan måtte sprøyta fleire gongar enn med dei tradisjonelle midla, forklarar Jaastad.

– For å lukkast med slike middel, må ein gjera tiltak nøyaktig til rett tid. Då treng me og veldig detaljert kunnskap om livssyklusen til dei ulike insekta og korleis utviklinga og åtferda vert påverka av vær og andre tilhøve. Dette krev omfattande forsking. Ut frå dette kan me gje nøyaktig varsling for når ein bør setja inn tiltak. Det er og viktig at fruktdyrkarane følgjer nøye med i hagane sine ved hjelp av feller og bankeprøvar, legg ho til.

Lisa Karine Haugland ved NIBIO Ullensvang tek bankeprøvar for å sjå kva for insekt som gøymer seg i frukthagen. Foto: Hege Ulfeng, NIBIO
Lisa Karine Haugland ved NIBIO Ullensvang tek bankeprøvar for å sjå kva for insekt som gøymer seg i frukthagen. Foto: Hege Ulfeng, NIBIO

 

Utestenging og på-tvers-løysingar

Ein annan moglegheit er å prøva å stenga skadeinsekt ute med netting. Dette vert no utprøvd i morellfelt ved NIBIO Ullensvang i eit større prosjekt kalla IPM-Fruit. IPM står for integrert plantevern. Dette prosjektet ser og på om det er mogleg å gjera meir for å fremma nytteinsekt som kan avgrensa oppformeringa av skadegjerarar. I prosjektet «Makkfrie eple» skal ein sjå på ulike tiltak mot rognebærmøll.

– Eg trur at me må tenkja meir heilskapleg framover. Ein må jobba meir med førebygging og sjå fleire tiltak i samanheng. Det vert enno viktigare å jobba på tvers av fagområda. I tillegg må me halda fram med eit tett samarbeid mellom fruktdyrkarar, rådgjeving og forsking slik me har tradisjon for her i Hardanger, avsluttar Jaastad.

11-12.jpg

 

Norske fruktdagar 2025

Andre tema som vart løfta fram på Norske fruktdagar 2025 var:

  • Utvikling i marknaden for norsk frukt framover
  • Utanlandsk arbeidskraft og regelverk
  • Oppsummering av kampanjen «Grøntløftet»
  • Aktuelle regelverk for sprøyting og gjødsel
  • Norsk jordsmonn for fruktdyrking
  • Pollinatorar og kantvegetasjon
  • Gode erfaringar med bruk av ny lagringsteknikk for eple
  • Dyrkingsteknikk for plomme og morell
  • Nye sortar i morell

Vaksen kirsebærfluge på morell. Kirsebærfluge er ein kjend skadegjerar som fram til no har vorte kontrollert med sprøytemiddel. Foto: Gunnhild Jaastad, NIBIO
Vaksen kirsebærfluge på morell. Kirsebærfluge er ein kjend skadegjerar som fram til no har vorte kontrollert med sprøytemiddel. Foto: Gunnhild Jaastad, NIBIO
Blodlus er ein nyare skadegjerar i Noreg som er importer frå utlandet. Foto: Erling Fløistad, NIBIO
Blodlus er ein nyare skadegjerar i Noreg som er importer frå utlandet. Foto: Erling Fløistad, NIBIO
Martin Dolejs ved NIBIO Ullensvang sin forsøksgard monterer netting rundt eit morellfelt for å halde kirsebærfluge og andre skadegjerarar ute. Foto: Gunnhild Jaastad, NIBIO
Martin Dolejs ved NIBIO Ullensvang sin forsøksgard monterer netting rundt eit morellfelt for å halde kirsebærfluge og andre skadegjerarar ute. Foto: Gunnhild Jaastad, NIBIO
Mange sprøytemiddel som har vorte nytta over lang tid i fruktdyrkinga vert no forbodne. Foto: Finn Måge
Mange sprøytemiddel som har vorte nytta over lang tid i fruktdyrkinga vert no forbodne. Foto: Finn Måge

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.