Nordmenn verdset jordbrukslandskapet
Spørjeundersøkinga «Ipsos Norsk Monitor» samlar blant anna informasjon om folks haldningar og bekymringar knytt til jordbrukslandskapet. Undersøkinga syner at dei fleste verdset utsyn over åker, eng og beite, men at det og er skilnader mellom landsdelar og aldersgrupper.
Ipsos Norsk Monitor er ein omfattande samfunns- og marknadsundersøking som blir gjennomført av Ipsos, eit globalt marknadsundersøkingsfirma. Norsk Monitor gir innsikt i nordmenns verdiar, haldningar, livsstil, og forbrukaråtferd. Undersøkinga har vorte gjennomført regelmessig sidan 1985 og har som mål å kartleggja langsiktige trendar i det norske samfunnet.
Gjennom tre spørsmål i denne undersøkinga fylgjer NIBIO særleg med på kva haldningar folk flest har til jordbrukslandskapet. Forskarane Ulrike Bayr og Sebastian Eiter har analysert nokre av dei innsamla svara.
– Sjølv om Noreg har lite jordbruksareal, ligg mykje av arealet kring byar og tettstadar. Det tyder at mange har jordbrukslandskapet tett på der dei bur. Korleis folk oppfattar dette landskapet vil påverka korleis dei brukar og endrar det. Difor er denne undersøkinga viktig, seier Eiter.
– Svar frå båe 2019 og 2021 tyder på at folk flest er nøgde med jordbrukslandskapet i heimkommunen sin. På spørsmål om dei meiner at jordbrukslandskapet er pent, svarar dei fleste at det stemmer heilt eller nokså godt, fortel Eiter.
Mange er og opptekne av jordbrukslandskapet sin verdi for mangfald av plante- og dyreliv, stadkjensle, kulturminne og rekreasjon.
Meir merksemd omkring matsikkerheit
Dei som svarar på spørjeskjemaa skal ta stilling til mange ulike eigenskapar ved landskapet, til dømes kor vidt det er eigna til rekreasjon, er variert eller prega av utbygging. Dernest skal dei vurdera kva jordbrukslandskapet tyder for ulike funksjonar, som matproduksjon eller rekreasjon. Svara vert oppgitt på ein skala frå ein til fire og undersøkinga vert gjennomført annakvart år.
Dei to spørsmåla om jordbrukslandskapet har vore med i undersøkinga i 2019 og 2021. Det er variasjon mellom år, aldersgrupper og regionar.
– Undersøkinga viser tydelege skilnader mellom regionar. Til dømes når det gjeld kor mykje landskapet er prega av gjengroing. Folk i Nord-Noreg og på Vestlandet opplev dette i mykje større grad enn folk i andre landsdelar, trekk Eiter fram.
– Når det gjeld kva jordbrukslandskapet er viktig for, svarar dei fleste at det er veldig viktig for matproduksjon. Berre frå 2019 til 2021 auka dette talet med 7,7 prosent.
Auka bekymringar for miljø
Spørjeundersøkinga tek òg for seg grad av bekymring for miljøproblem. Her føreligg tal tilbake til 2003, og ein kan sjå korleis haldningar og meiningar har endra seg over tid. Tala tyder på at folk har vorte noko meir bekymra, og at folk i ulik alder ikkje bekymrar seg like mykje for det same.
– Det er ein tydeleg auke i bekymring for nedbygging av dyrka mark frå 2003 til 2021. Rangeringa av denne bekymringa har auka frå 2,4 til 2,75 på skalaen frå 1 til 4. Ei mogleg orsak er at merksemda rundt jordvern auka mykje i samfunnet i heile perioden.
– Dei som er yngre enn 40 år bekymrar seg meir for klimaendringar og tap av artsmangfald enn dei som er eldre. Rangeringa her har ligge på mellom 2,5 og 3 med toppar i 2007 og 2019. Når det gjeld dei over 60 år, er dei meir bekymra for tap av kulturminne, nedbygging og gjengroing av jordbruksareal enn den yngre generasjonen, held Eiter fram.
Interessante tal for framtida
Forskarane har som mål å nytta tala frå Norsk Monitor i fleire samanhengar framover.
– Eit ynskje er at me kan få meir innsikt i orsaka til haldningsendringar. Me ynskjer òg å sette tala i samanheng med resultat frå 3Q-undersøkinga der me har overvaka endringar i det norske jordbrukslandskapet sidan 1998. Helst hadde me sett at tala blei ein del av overvakingsprogrammet slik dei har gjort det i Sveits.
– Me lurar mellom anna på kor vidt det er samsvar mellom dei endringane forskarar kartlegg og det befolkninga oppfattar? Kanskje kan me og få ein peikepinn på om me forskarar når godt nok ut med resultata våre, undrast seniorforskaren.
– Til sist ville det vore interessant å samanlikna Noreg med andre land. Skil Noreg seg ut, eller finnest det kanskje utfordringar som me kan jobba saman for å løysa? avsluttar Eiter.
KONTAKTPERSON
Sebastian Eiter
Seniorforsker
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 974 81 109 sebastian.eiter@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
NORSK MONITOR
Undersøkinga har vore gjennomført annakvart år sidan 1985 og byr på verdifulle tidsseriedata. Om lag 3800 personar svarar på om lag 3000 spørsmål. Utvalet er representativt for innbyggjarar i Noreg over 15 år. Verktøyet bidreg til å beskriva og forklara endringar i samfunnet og korleis verdiar påverkar haldningar og åtferd.
KONTAKTPERSON
Sebastian Eiter
Seniorforsker
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 974 81 109 sebastian.eiter@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Abstract
3Q-programmet har overvåket kontinuitet og endringer i arealbruk, kulturminner, biologisk mangfold og tilgjengelighet i jordbrukets kulturlandskap siden 1998. Siden 2019 har NIBIO abonnert på Norsk Monitor (NM), en omfattende, sosiokulturell studie av det norske samfunnet som blir gjennomført annethvert år. Vi presenterer første resultater fra to NIBIO-spesifikke NM-spørsmål om folks oppfatning av henholdsvis jordbrukslandskapet i sin bostedskommune og jordbrukslandskapets funksjoner, og fra et tredje spørsmål om landskapsrelaterte miljøproblemer. Siden den europeiske landskapskonvensjonen inkluderer folks oppfatning i sin omforente definisjon av landskapsbegrepet, foreslår vi å integrere NM-resultater i 3Q-landskapsovervåkingen fremover, og koble resultatene til andre data fra programmet. The 3Q program has monitored continuity and changes