Nye temakart hjelper Bergen kommune med klimaomstilling
Temakart frå NIBIO gjer det enklare for norske kommunar å nå måla sine om klimasmart arealbruk. Tidelegare er det laga temakart på oppdrag frå Tønsberg, Drammen, Oslo og Bodø. No har Bergen òg fått sine eigne temakart for klimatilpassing. Karta er tilgjengelege for alle.
I 2023 vedtok Bergen kommune ein ny klimastrategi kalla «Grøn strategi», som skal sørgje for reduksjon av klimagassutslepp, tiltak for klimatilpassing og styrka vern av natur. Kommunen jobbar òg med ein jordvernstrategi.
Tidlegare klimarådgjevar i Bergen kommune, Sofie Jordheim, har vore med i heile prosessen.
– Under arbeidet med grøn strategi blei det klart at vi trong temakart som kunne synleggjere klimautfordringar og konsekvensar av nedbygging. Vi bestemte oss for å bestilla liknande temakart som NIBIO hadde utarbeidd for Tønsberg, fortel ho.
Temakarta syner mellom anna klimagassutslepp ved noverande arealbruk og nedbygging, tilsig og avrenning av vatn, grønnstrukturar i tettbygde område og areal som er viktig for matproduksjon.
– No er karta på plass. Dei gjer det lettare å få klimaomsyn inn tidleg i planprosessane, slik at klima ikkje berre vert ein «etterpå-tanke», seier Jordheim nøgd.
Mange bruksområde
Temakarta er særskilt eigna i tidleg fase av arbeid med arealplanar, men det finst mange andre oppgåver der kommunen treng informasjonen som kjem fram i dei nye karta.
– Karta vert viktige i kommunens arbeid med rullering av kommuneplanens arealdel, arealrekneskap og ulike sektorrekneskap, som for eksempel klima- og naturrekneskap. Karta vert og nyttige for kommunens planvaskprosjekt. Planvask tyder at vi skal rydde i gamle arealplanar. Nokre av desse planane er forelda og tek ikkje omsyn til klima og natur i tråd med den nye grøne strategien, forklarar Jordheim.
– Bergen er dessutan i gang med ein jordvernstrategi der karta skal nyttast. Dei kan òg verte aktuelle i anna strategiarbeid i kommunen, seier Jordheim.
Kunnskapen skal ut
Klimarådgjevarane i Bergen er opptekne av at dei nye karta skal bli tilgjengelege for så mange som mogleg. Dei har allereie gjort mye for å spreie kunnskapen om det nye kartgrunnlaget i kommunen.
– Vi må gjere det enkelt for dei som ikkje har inngåande kjennskap til fagfeltet å sjå konsekvensane av nedbygging. Kart er veldig visuelt og ein god måte å kommunisere på, seier Jordheim.
– Vi har allereie hatt fleire webinar der vi har vist fram karta og korleis dei kan nyttast i planlegging. Karta er og tilgjengelege for saksbehandlarar i eit digitalt verktøy som vi kallar «digital synfaring». Verktøyet hentar fram kart og informasjon som det er viktig å ta omsyn til når ein planlegg nedbygging av eit nytt areal. Med dei nye karta kan ein for eksempel sjå om den planlagde nedbygginga vil føre med seg store klimagassutslepp, fortel ho vidare.
Kart for alle
Karta skal verte tilgjengelege både for tilsette i Bergen kommune og alle innbyggjarar. Det skjer gjennom eit eiga fagtema kalla «Klimakart» i kartportalen «Bergenskart».
– I tillegg til å leggja karta ut på «Bergenskart» har vi utarbeida ei kartfortelling med mykje informasjon om klimatilpassing og kva karta fortel. Vi trur at det skal gjere det lettare for folk flest å forstå konsekvensane av utbygging. Då kan kvar enkelt få den kunnskapen dei treng for å danna seg si eiga meining om ulike utbyggingsprosjekt i kommune, held den formidlingsglade klimarådgjevaren fram.
– No vert det viktig at karta kan haldast oppdaterte. Vedlikehald og oppdatering av kartgrunnlaget om 3 - 5 år er veldig viktig. Kanskje trengst meir midlar for å sørgje for dette i framtida, avsluttar Jordheim.
Kunnskapsgrunnlag for klima og natur
Henrik F. Mathiesen, seniorrådgjevar i divisjon kart og statistikk i NIBIO, har leia prosjektet. Han fortel at temakarta for klima og klimatilpassing er ei samanstilling og forenkling av nasjonale og offentleg tilgjengelege kartdata. Forenklinga gjer det lettare for dei utan fagbakgrunn å forstå dei komplekse temaa.
– På grunn av forenklingane er disse karta ikkje eigna for detaljplanlegging, men for overordna planlegging og foreløpige vurderingar. Dersom ein skal ned på eit meir detaljert nivå, må ein gå til det meir detaljerte offentlege kartgrunnlaget eller foreta synfaring, forklarar Mathiesen.
– Karta er godt eigna til å sjå ulike karttema i samanheng. Til dømes kan areal som er viktige for lagring av karbon òg vere viktige for å halda på vatn og for klimatilpassing. Vi er glade for at karta vert så godt mottekne i Bergen kommune, avsluttar han.
FKB-Grønnstruktur
For å kunne utarbeide temakart som syner eigenskapar og verdiar ved alle kommunens grøne areal, trengst detaljerte kart over grøne strukturar innanfor nedbygde område. Dette har vore ein mangel i det offentlege kartgrunnlaget. NIBIO har utarbeidd eit kart som synleggjer desse verdiane. I mai 2024 blei kartet etablert som eit nasjonalt datasett som heiter FKB-Grønnstruktur.
Kartet er satt saman med versjon av Felles kartdatabase frå 2024 (FKB-veg, FKB-bane, FKB-bygning, FKB-bygningsmessig anlegg), infrarøde satellittbilete med 2x2 eller 4x4 meters oppløysning frå 2021 og siste tilgjengelege versjon av Nasjonal høgdemodell med 1x1 meter oppløysning frå 2024.
Nedbygde område er avgrensa med datakjelder som SSB arealbruk, FKB-Bygning, FKB-veg og FKB-AR5. Enkelte mindre frittståande bygningar og anlegg i skog er utelate. Grønnstrukturkartet er klipt mot jordbruksareal. Klipping mot skog er gjort med ein buffer på 100 meter ut frå nedbygd areal.
KONTAKTPERSON
Lenker
Grøn strategi for Bergen Bergenskart: Bergenskart: Klimakart for arealplanlegging Bergenskart: Klima temakartFakta
I klimakarta er det lagt vekt på forenklingar med sikte på større lesbarheit, noko som har kravd omfattande geometrisk og tematisk forenkling av data frå det offentlege kartgrunnlaget. Dette inneber at kartgrunnlaget er best egna til overordna og foreløpige vurderingar.
Kommunane etterlyser slike kart
Hanna Kvamsås er nyleg tilsett som klimarådgjevar i Bergen og skal ta over stafettpinnen når Sofie Jordheim går over i ei anna stilling.
– I min tidlegare jobb som stipendiat ved Norce hadde eg hovudvekt på klimatilpassing i norske kommunar. Mi erfaring er at kommunane etterlyser nettopp slike kart. Dette er viktig informasjon når ein skal ta omsyn til natur- og klimautfordringar i arealplanlegging, seier ho.
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Abstract
Bergen kommune ga høsten 2023 NIBIO et oppdrag om å utvikle brukervennlige kart basert på eksisterende kunnskap som viser areal som er viktig for karbonlagring og klimatilpassing. Oppdraget inkluderte også arealstatistikk for verdsatt jordbruksareal, karbonrikt areal bygget ned i perioden 2010-2020 og planlagt nedbygd karbonrikt areal. Kartene skal innlemmes i Bergen kommunes interne og eksterne kartportal. Denne rapporten dokumenterer innholdet i kartgrunnlaget som er levert og hvordan vi mener den kan brukes i arealplanlegging i Bergen.