Hopp til hovedinnholdet

Kvifor er dreneringstakten for låg på norske jordbruksareal?

maskiner i arbeid_2725

I distrikt der det er bratt, dårleg arrondering og meir stein, må ein nytta gravemaskin. Det tek meir tid. Kanskje vert det og naudsynt med sprenging for å få vatnet ut. I slike høve dekker tilskotet ofte berre ein liten del av utgiftene. Foto: Siri Svendgård-Stokke

Dreneringstiltak på norsk jordbruksareal vert ikkje halde ved like. Jorda vert dimed stadig blautare, og klimaendringane forverrar problemet. Det fører til redusert avling og mindre effektiv drift. For å bøta på problemet, har dreneringstilskotet vorte dobla to gonger sidan 2013. Likevel er dreneringstakten for låg, særskilt i vest og nord.

God drenering er ein føresetnad for å nå regjeringa sine mål om auka avlingar og betre sjølvforsyning. Når jorda er metta med vatn, får planterøtene for lite oksygen, opptaket av næringsstoff frå jorda vert dårlegare, og ugrasproblema aukar. Jord som inneheld mykje vatn, får dårleg bereevne. Då kan køyring med tunge maskiner føra til at porene i jorda kollapsar. Jorda kan få pakkeskadar som det er nesten umogleg å retta opp att.

Det finst mange ulike dreneringsmetodar, men som oftast må ein leggja røyr under bakken for å hjelpa vatnet ut av jorda. Dreneringstiltaka må verta fornya kvart tjuande til femtiande år. Sidan 2013 har bøndene fått  tilskot for å gjera denne jobben, men likevel har arbeidet gått for treigt.

Staten dobla tilskotet både i 2017 og 2024 for å stimulera bøndene til å fornya dreneringa raskare. No er tilskotet på 4000 kroner per dekar (1000 m2). Men framleis vert det stadig meir areal som treng fornya drenering enn det som vert drenert. I 2010 trengtest det fornya drenering på 800 000 dekar. Det er 8 % av jordbruksarealet i Noreg. Dersom alt areal skal verta tilfredsstillande drenert, må ein meir enn dobla dagens dreneringstakt på 40 – 60 000 dekar per år.

Drenering med grøfteplog. Der ein kan grøfta med grøfteplog, gravehjul (Rådalshjul) eller kjedegravar, er grøfting rimelegare enn der ein må grøfta med gravemaskin. Grøftemaskiner vert nytta mykje på flatbygdene på Austlandet. Foto: Erling Fløistad
Drenering med grøfteplog. Der ein kan grøfta med grøfteplog, gravehjul (Rådalshjul) eller kjedegravar, er grøfting rimelegare enn der ein må grøfta med gravemaskin. Grøftemaskiner vert nytta mykje på flatbygdene på Austlandet. Foto: Erling Fløistad

 

Store skilnader

På oppdrag frå Landbruksdirektoratet har NIBIO forsøkt å finna årsaka til at mange bønder ikkje drenerer jorda si når det trengst. Meir enn tusen bønder har svart på ei rekkje spørsmål om drenering og dreneringstilskot. I tillegg har NIBIO rekna på lønsemda.

Torbjørn Haukås, seniorrådgjevar i NIBIO, har vore  prosjektleiar. Han fortel at resultata syner store skilnader mellom landsdelar og produksjonar.

–  Der det ligg til rette for effektiv drenering med spesialmaskiner, slik som grøfteplog og gravehjul, er det mange som ynskjer å drenera jorda si. Likevel er tilskotspotten som kommunane i desse områda får utdelt, for liten til at alle som søkjer kan få pengar. Fordi mange søkjer, tek det også lang tid før ein får svar på søknaden, forklarar han.

– I distrikt der det er mange små og spreidde areal, bratt terreng og meir stein, må ein nytta gravemaskin. Det tek meir tid. Kanskje vert det og naudsynt med sprenging for å få vatnet ut. I desse områda dekker tilskotet berre ein liten del av utgiftene, fortel han vidare.

Skilnadene kjem tydeleg fram i svara frå bøndene.

– Ordninga er god viss ein vert prioritert, skriv ein bonde frå eit område der det er lønsamt å drenera og mange om beinet.

Ein annan bonde peiker på at når mange ynskjer å drenera, kan det verta vanskeleg å finna nokon som har tid til å ta på seg jobben.

– Eg synest tilskotsordninga er bra. Synd mange andre også synest det, for det er to års ventetid på entreprenør, seier han.

I område der det er vanskelegare å drenera, har pipa ein annan lyd. Ein bonde frå Vest-Telemark forklarar at mange av bruka er små og vanskelege å driva, noko som og gir høge dreneringskostnader. Han meiner at tilskotet skulle vore inndelt etter soner med høgare sats der det er dyrast å gjera tiltaka.

– Når alt må gravast med gravemaskin, vert tilskotet ein fis i horisonten, skriv ein bonde frå eit slikt område.

Ein viktig konklusjon frå undersøkinga er at tilskotet gir auka dreneringsaktivitet i områda der det er lett og billeg å drenera. For produsentar i meir marginale område, der ein må drenera med gravemaskin, er det usikkert om tilskotet fører til meir drenering. Dette gjeld særskilt for Vestland, Agder og Nord-Noreg. Rogaland har og høge kostnader til drenering, men her vert det drenert ganske mykje areal likevel. Over halvparten av dreneringa i dette fylket vert utført utan tilskot.

Drenering med Rådalshjul. Foto: Erling Fløistad
Drenering med Rådalshjul. Foto: Erling Fløistad

 

Kostnadar og lønsemd

I spørjeundersøkinga til NIBIO svara 82 % av bøndene at dei har areal som trengst å drenerast på nytt. 83 % av dei har planar om å drenera. Utrekningar tyder på at fleire ikkje får att investeringa, sjølv om dei mottek tilskot.

– Kostnadene til systematisk drenering har auka meir enn den generelle prisauken i samfunnet. Årsaka er at det har vore stor prisauke på innsatsfaktorar i jordbruket i perioden, forklarer Haukås.

– Snittkostnaden for drenering i Viken er 6 000 kroner per dekar. I Vestland er snittkostnaden 11 000 kroner og i Rogaland enno litt høgare. Fylka der ein i liten grad kan nytta spesialutstyr, har høgare prisar. Det er billegast å grøfta kornareal og dyrast å grøfta frukt- og bærareal.

Kostnaden må ein sjå opp imot avlingsauke og betra inntekt. I snitt for heile landet gav drenering ein avlingsauke på 26 %, men også her var det store variasjonar.

– Utan tilskot vil det vera vanskeleg å få lønsemd for andre enn dei som produserer grønsaker, frukt eller bær, samt for korn- og grasprodusentar under dei aller gunstigaste tilhøva. Med tilskot er grøfting stort sett lønsamt i snitt, men på grunn av den store variasjonen i kostnader, vil lønsemda variera mykje. Det er også viktig å nemna at kalkylane våre ikkje har med alle ekstra kostnader som følgjer med høgare avling. Lønsemda kan difor vera noko overestimert, særleg for grøntproduksjon.

– Ein del bønder vil aldri få att investeringa i form av auka inntening, sjølv etter fleire tiår. Den største utfordringa er at dårleg lønsemd for dreneringstiltak ikkje berre gjeld enkeltbønder her og der, men ofte gjeld for heile distrikt. I slike distrikt er det vanskeleg å få opp dreneringsaktiviteten, forklarar Haukås.

Ei anna utmaning for bøndene, er at ein må betala heile kostnaden det året ein drenerer medan innteninga kjem over fleire tiår. I nokre område er det lett å få tak i billeg leigejord. Då kan det vera billigare å leiga meir areal enn å ta kostnaden med drenera det ein allereie har. Dreneringsaktiviteten på leigejord er lågare enn på eigd areal. Bønder som vel å drenera sjølv om det ikkje vert lønsamt, gjer det ofte for at jorda skal få betre bereevne.

Kostnader per dekar for systematisk grøfting i faste 2024-kroner fordelt på fylke og sortert etter snittkostnad for perioden. Figur: NIBIO
Kostnader per dekar for systematisk grøfting i faste 2024-kroner fordelt på fylke og sortert etter snittkostnad for perioden. Figur: NIBIO

 

Fleire flaskehalsar

Seniorrådgjevar Hanne Margrete Johnsen har hatt ansvar for spørjeundersøkinga i prosjektet. Ho fortel at bøndene tok fram fleire viktig utfordringar enn lønsemd.  

– I område med stor pågang av søknader, vert det peika på at den lange behandlingstida gjer det vanskeleg å planleggja. I andre område må dreneringa gjerast meir punktvis, til dømes grunna blauthol og svikt i gamle grøfter. Då kan det vera vanskeleg å bedømma kostnadene før arbeidet er gjort. Fleire bønder seier at det ville vore enklare om ein kunne senda inn søknad i etterkant, i motsetnad til dagens ordning med søknad i forkant.  

– Mangel på tid er eit anna viktig poeng som går att i svara. For korn er det berre ei kort periode på våren og hausten der ein kan drenera utan å mista eit heilt år med avling. Mange har generelt lita tid fordi dei har full jobb ved sida av garden. Ei anna utfordring er kravet om utgreiing av kulturminne ved dreneringsprosjekt på over 100 dekar. Dette tek tid og kan innebera kostnader for bonden. Konsekvensen er at bøndene ofte splittar opp prosjekta i mindre delar, noko som gjer dreneringsarbeidet dyrare og mindre effektivt, avsluttar Johnsen.

Samla sett viser undersøkinga at sjølv om drenering er avgjerande for å oppretthalde produktiviteten i jordbruket, er det store utfordringar knytt til kostnader og gjennomføring, særleg i meir marginale område. Rapporten inneheld mykje viktig kunnskap som er viktig å ta med i det vidare arbeidet med å auka dreneringstakta i Noreg.

Fakta om drenering av tidlegare grøfta torvjord

Om lag 6 % av jordbruksarealet i Noreg er dyrka myr. Jorda på desse areala vert kalla for torvjord. Slike areal er det særskilt utfordrande og kostbart å drenera. Tradisjonell røyrdrenering fungerer ofte dårleg på grunn av eigenskapane til slik jord, særleg gjeld dette godt omdanna torv (brenntorvkarakter). Når dei opphavelege grøftene ikkje fungerer lengre, er omgraving ein alternativ metode. Då vert mineraljord frå undergrunnen lagt oppå torvlaget. Føresetnaden er at torvlaget ikkje er for tjukt og at det er eigna mineraljord under torvlaget. Ofte må ein i tillegg forma arealet slik at meir vatn renn av på overflata, såkalla profilering.

Denne metoden betrar dreneringa, og gjer jorda meir køyrbar for maskiner. Avlingane aukar og arealet kan haustast årleg. Kostnaden ligg typisk mellom 15 000 og 25 000 kr per dekar. Dersom det skal løna seg med omgraving, er ein avhengig av ein monaleg avlingsauke. Ved godt utført arbeid har omgraving lang levetid.

Jord metta med vatn gjev for lite oksygen til røtene, dårleg næringsopptak og auka problem med ugras og plantesjukdomar. Det er heller ikkje mogleg å nytta tunge maskinar. Jorda får dårleg bereevne, og det er større fare for jordpakking. Foto: Dan Aamlid
Jord metta med vatn gjev for lite oksygen til røtene, dårleg næringsopptak og auka problem med ugras og plantesjukdomar. Det er heller ikkje mogleg å nytta tunge maskinar. Jorda får dårleg bereevne, og det er større fare for jordpakking. Foto: Dan Aamlid

 

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.