Gode grøfter gir grønare gras
Mange Vestlandsbønder har fjoråret friskt i minne; vekevis med regn, og gras som ikkje let seg slå. Veret er det lite å gjere med, men jorda kan hjelpast.
På Finnøy i Rogaland er sauebonde og eggprodusent Sverre Vanvik i full sving med vårens store prosjekt – drenering. Av eit areal på rundt 100 dekar, skal 15 dekar få nye grøfter.
- Fjoråret og andreslåtten som langt på veg regna vekk, gav motivasjon for å utbetre ein del eldre grøfter i år, seier Vanvik.
- Vi veit ikkje om det blir like nedbørsrikt framover, men ein må førebu seg på at vatn kan bli ei større utfordring enn tidlegare. Så no skiftar eg ut gamalt, og legg nye røyr i den lågaste delen av terrenget. Der samla det seg mykje vatn sist haust.
Vanvik fortel at andreslåtten var problematisk i fjor. Jorda var så vasstrukken at rundt halvparten av graset måtte stå igjen.
- Skadene ville blitt for store ved å køyre utpå med maskin. Det var gale nok der vi tok sjansen på å slå, det såg jo ut som eit verdskart, seier han.
No blir dreneringstilhøva betra, og snart er arealet sådd til igjen. Vekstsesongen kan bli nokre veker forsinka i år.
Betre vekstvilkår
God drenering er viktig for at jorda skal frakte vekk overskotsvatn og transportere luft. Det er avgjerande for at planter skal utvikle seg bra. Dessutan får jorda betre evne til å tåle vekta av driftsmaskiner når ho ikkje er pakka med vatn, og har meir luft i porene.
- For meg handlar grøftinga om å legge til rette for betre vekst og innhausting. Eg har 100 vinterfôra sauer i fjøset. Dei treng fôr gjennom heile vinteren, så vi bør helst unngå ein sesong til som i fjor, seier Sverre Vanvik.
For å ha nok vekstareal, leiger han 180 dekar jord i nærleiken.
Kvaliteten på graset sist haust vart dårlegare enn vanleg. Han har tru på betre resultat i år.
Humusrik jord
Medan bøndene førebur neste vekstsesong, er fem jordkartleggjarar frå NIBIO i ferd med å undersøke jorda på Finnøy.
Jordkartleggjar Siri Svendgård-Stokke fortel om humusrik jord, skapt av forvitra berg og omdanna organisk materiale. Det er kort veg ned til fast fjell. Visstnok ikkje uventa på eit øyrike sør-vest mot havet.
- Høgt innhald av organisk materiale som humus, gjer at jorda held godt på vatnet. Ho blir som ein svamp, seier Svendgård-Stokke. I nedbørsrike område som her, vil jorda ofte ha høgt vassinnhald og låg bereevne.
Slik jord blir vanlegvis seinare klar for jordarbeiding på våren, og kan i periodar med mykje regn vere vanskeleg å kome utpå for innhausting.
Jorda må hjelpast
Organisk innhald, hellinga på terrenget, stein, sand, silt og leire spelar alle inn på jorda sin dreneringsevne. Det gjer og tunge driftsmaskiner som pakkar jorda.
- Dårleg drenering kan føre til vassmetning og ugunstige vekstmiljø, til dømes på grunn av luftmangel. Plantene utvikler da grunne rotsystem som gir mindre næringsopptak, forklarer Svendgård-Stokke.
Mange ugrasartar er betre skikka til vekst under slike forhold, og kan utkonkurrere kulturplantene. Over tid vil mangelfull drenering gi reduserte avlingar i kvalitet og kvantitet.
- Det meste av norsk jord treng hjelp frå bonden for å fungere godt til matproduksjon. Gjødsling, drenering og grøfting betyr mykje, seier ho.
Jordkartleggjaren framhevar kor viktig det er at dreneringssystem blir haldne ved lag for å fungere.
KONTAKTPERSON
Fakta
53 prosent av den dyrka jorda i Noreg er avhengig av å bli grøfta og drenert.
Kjelde: Jordsmonnstatistikk Norge, NIBIO-rapport 4(13) 2018.
Verdfulle data
Jordsmonndata har fått ny og auka betydning når leigejord stadig blir viktigare for verdiskapinga i jordbruket. Slike data blir nytta i planlegging av jordbruksnæring og forvaltning. Sjå data frå ulike område i den digitale kartløysinga Kilden.nibio.no.
Organisk materiale er: ‘- rester av planter og dyr som inneholder karbon. Eksempler er torv og humusstoffer i jord, eller organisk gytje i oksygenfattige sedimenter på bunnen av innsjøer og fjorder.’ Kjelde: Store norske leksikon
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Abstract
This report presents soil statistics for agricultural land in Norway. Soil data from the soil survey form the basis of the statistics. The survey is done as a sample survey on 0.9 km2 plots, in a predefined 9x9 km2 grid system. Hence, the statistics for Norway is an estimate. The area distribution of a number of topics is presented (both in decares (1 decare = 0,1 hectare) and percent). Soil properties vary between different regions in Norway, mostly due to a big variety between the soil forming factors. This variation must be taken into account in the management of the soil resource, for the soil to maintain the functions for producing food in a sustainable way.