Hopp til hovedinnholdet

Kostar hjorten meir enn han smakar?

_05_05_729DSC_0549.JPG

Hjorten føretrekker det næringsrike fôret på innmarka store delar av året. Foto: Pål Thorvaldsen.

Den aukande bestanden av hjort har verknad på naturlege økosystem og på avlingsnivå og plantesamansetjing i bonden si eng. Forskarane i NIBIO har sett på skadeomfanget av hjortebeiting i enga og på kva tilpassingar bonden må gjere i engdyrkinga si.

I løpet av de siste tiåra har tal hjort i Noreg auka kraftig, og hjort er i dag det mest talrike av hjortedyra våre. Viktige faktorar for denne veksten i bestanden er avskyting retta mot hanndyr, mildare klima, skogplanting, fråvær av store predatorar og generell attgroing. Flest hjort har vi i Sogn og Fjordane der det vart skote over 10 000 hjort i 2012. På landsbasis vart det same år skote meir enn 35 000 dyr.

I prosjektet «Kostar hjorten meir enn han smakar?» har forskarar ved NIBIO Fureneset og Norsk viltskadesenter berekna skadeomfanget av hjort på skog og eng. I del ein av sluttrapporten vert kostnadane sett opp mot dei inntektene som vert generert gjennom jakt og sal av jakt. I del to såg forskarane på utfordringane ved dyrking av eng under sterkt beitepress av hjort, og korleis gardbrukarane kan tilpasse engdyrkinga for å oppretthalde avlingsnivået.
 

Hjorten er ein nøkkelart

Hjorten er ein allsidig beitar og kan ved tette bestandar gjere stor skade på eng, skog og frukthagar. Samtidig er den selektiv og favoriserer unge planter og plantedelar som er dei mest protein- og næringsrike. Dette fører til at hjorten verkar inn på vegetasjonsstrukturen og førekomsten av mange planteartar i leveområdet sitt. Slik sett er den ein nøkkelart i det naturlege økosystemet.
 

Føretrekkjer smaken av innmarka

At hjorten beiter på innmarka er ei naturleg følgje av at det gjer lett tilgang til næringsrikt beite. Kvaliteten på beiteplantene på innmarka er som regel betre enn beitekvaliteten i utmarka.

- Beiteressursane på innmark er attraktive for hjorten fordi dei er lett tilgjengelege og har høg kvalitet. Planteveksten kjem tidlegare i gang om våren på innmark enn i utmark og den varer også lenger utover hausten, seier forskar Pål Thorvaldsen, NIBIO.

Men det er ikkje berre fôrtilgangen som avgjer kvar hjorten føretrekkjer å opphalde seg.

- Kor ofte hjorten oppsøkjer innmarka varierer mellom årstidene, og er generelt sett ei avveging mellom trongen for tryggleik og tilgang på gode beiteressursar. Frå slutten av mai og utover forsommaren er beiteressursane på sitt beste i utmarka. Med små kalvar søkjer de fleste hjortedyra då skjul og tryggleik i utmark.

Beitesk-timotei.JPG
Bilete frå forsøksverksemda teke i slutten av mars og synleggjer korleis planteveksten har komme godt i gang i den delen av feltet som har vore gjerda inn gjennom heile vinteren. Utafor gjerdet har hjorten beita kraftig på det spirande graset. Foto: Pål Thorvaldsen.

 

Timotei toler beiting dårleg

Basert på resultat frå ti større forsøksfelt med dei fire mest brukte grasartane timotei, engrapp, engsvingel og flerårig raigras, har forskarane i NIBIO sett på korleis dei ulike grasartene vert påverka av hjortebeiting. Det viser seg at timotei er den einaste arten som tek vesentleg skade, medan engsvingel, engrapp og fleirårig raigras toler beiting betre.

- Timotei er den viktigaste planta i norsk grovfôrdyrking fordi den er vinterherdig, etablerer seg raskt etter engfornying, gjev stor avling og eit smakeleg fôr, seier Thorvaldsen.

- Timoteien si svake side er at den ikkje toler beiting. Timoteiinhaldet minkar raskt i eng som vert utsett for hjortebeiting, trongen for fornying aukar, men på grunn av vedvarande beitepress får ein lite igjen for å fornye enga.

Hjortebeiting kan også gje eit auka ugrasproblem, først og fremst som ei følgje av trakkskadar i fuktige parti av enga eller på eit nysådde areal før plantedekket har fått etablert seg.
 

Dei mest aktive bruka blir ofte hardast råka

- Avlingstapet er svært stort for enkelte av gardbrukarane, og aller størst hos dei som praktiserer regelmessig engfornying for å bevare timoteien i enga. Dette gjer at det ofte er dei mest aktive bruka som vert hardast råka, seier Thorvaldsen.

Det kommer av at gammal eng med lite timotei er mindre attraktiv også for hjorten. I tillegg til mengde timotei, er geografisk plassering og alder på enga dei faktorane som verkar sterkast inn på avlingstapet.

- På ung eng med mye timotei finn vi eit avlingstap på meir enn 20 % ved første slått. Tapet ved andre slått er noko mindre, men vil auke ved seinare haustetidspunkt etter kvart som hjorten trekkjer inn på innmark utover hausten.
 

Mindre hjort på innmarka er det einaste som kan berge avlinga

- Det kan vere aktuelt å bruke ein større del beitetolerante artar som engsvingel, engrapp, raigras og raisvingel i frøblandingane som vert sådde. Raigras og raisvingel kan også brukast åleine, men mange stader er ikkje desse artane vinterherdige nok til å gje stabile avlingar, seier Rivedal.

Reduksjon i beiterykket er likevel den einaste sikre måten å berge avlingane på i område med stor beiteskade.

- Det som truleg har størst verknad er å redusere bestanden av hjort gjennom auka avskyting mange stadar. I enkelte tilfelle der enga ligg isolert til med store utmarksareal rundt, kan inngjerding vere det einaste alternativet for å berge avlinga, avsluttar Thorvaldsen.

DSC_0061.JPG
Bilete frå forsøksverksemda teke i slutten av mars og synleggjer korleis planteveksten har komme godt i gang i den delen av feltet som har vore gjerda inn gjennom heile vinteren. Utafor gjerdet har hjorten beita kraftig på det spirande graset. Foto: Pål Thorvaldsen.
Kostar hjorten meir enn han smakar?

Det er tittelen til eit NIBIO-prosjekt som varte frå 2003-2014. Prosjektet var delt i to delar: Del 1 var ferdig i 2010 og omhandla først og fremst kostnad og nytteverdien av hjort for grunneigarar i eit storvald; Del 2 vart sluttrapportert i 2014 og tok føre seg skadar og skadeomfang av hjortebeiting i fulldyrka eng.

Takseringsmetodikk: Gjennom prosjektet har NIBIO utvikla ein takseringsmetodikk med tilhøyrande dataverkty for å rekne ut avlingstapet etter hjortebeiting på eng.

Kontaktperson: Pål Thorvaldsen og Synnøve Rivedal, NIBIO

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

I prosjektet er det undersøkt korleis skadebeiting av hjort påverkar avlingsnivå i fulldyrka eng, og ein har sett på korleis intensiv beiting av hjort verkar inn på utgongen av dei viktigaste grasartane i engdyrking på Vestlandet. Av resultata går det fram at det berre er timotei som i vesentleg grad har gått ut, dei andre artane syner liten respons før ved 5. engår. Eit unnatak er engrapp, som har respondert positivt på beiting. Timotei er ein viktig grasart ved fornying av eng for å få høg avling og høgt fôropptak, men arten er lite tolerant for beiting. Gjennomsnittleg årleg utgang av timotei var i den beita delen av feltet 11,5 prosentpoeng, medan den i kontrollfeltet var på 7,5. I den beitepåverka delen av feltet har den årlege utgangen av timotei vore høgst dei tre første engåra, medan den i kontrollrutene har vore høgst i tredje og fjerde engår. Det er difor størst skilnad mellom beita og ubeita ruter i tredje engår. Avlingstapet vart i snitt berekna til 122 FEm/daa ved 1. slått i 2008. Dette tilsvara 20 % reduksjon i haustbar grasavling på grunn av hjortebeiting dette året, eit år med stor normalavling for distriktet. I same området blei det året før målt ei redusert grasavling ved 2. slått på 50 FEm/ daa, noko som utgjorde 13 % av haustbar avling. I prosjektet har ein òg utvikla ein takseringsmetodikk med eit tilhøyrande dataverktøy for å rekne ut avlingstap på eng etter beiting av hjort. Takseringsmetoden har vorte prøvd ut og er gjort tilgjengeleg på Bioforsk sine heimesider og Viltskadesenteret.

To document

Abstract

Hovudmålsetjinga med prosjektet ”Kostar hjorten meir enn han smakar?” er å utvikle metodar for å berekne inntekter og utgifter som hjorten representerer for den enkelte grunneigar, og samla innafor eit avgrensa område (storvald). Som referansevald for berekningar av nytte- og kostnadsverdi har ein nytta Eikås storvald i Jølster kommune. I valdet vart skadeomfanget etter beiting av hjort berekna på all innmark og all granskog i hogstklasse III og IV, samt furu i hkl II. Verdien på ein foreining grovfôr vart relatert til prisen på kraftfôr med eit fråtrekk for sparte haustekostnadar, og fastsett til 2,28 kr. Når ein la denne prisen til grunn vart avlingstapet berekna til 109 kr pr daa i snitt for all innmark i valdet. I desse berekningane har ein teke omsyn til kostnadar knytt til auka behov for engfornying og ein har teke omsyn til at beiting i attleggsåret gir eit avlingstap som vert akkumulert i dei etterfølgjande engåra. Resultatet for skog synte at dei årlege kostnadane på gran i hkl III og IV i snitt var kr 26,60 pr daa og på furu kr 2,80 pr daa, når ein legg til grunn veksetida fram til kulminasjon og hogst. Desse resultata er først og framt gyldige for Eikåsvaldet med dei tilhøva ein finn der i høve til bestandstettleik av hjort, arealfordeling og korleis jord- og skogbruk vert praktisert ved dyrking av eng og skjøtsel av skog, mellom anna så er truleg resultatet frå furu noko lågt på grunn av underoptimalt tretal i dei takserte bestanda. Det samla skadeomfanget i valdet vart samanstilt med inntektene generert gjennom jakt og utleige av jaktløyve. Dette ga eit knapt overskot for valdet på 33 839 kr pr år.