Hopp til hovedinnholdet

Korleis unngå tørrote i potetbedet?

Anette med visnet potetplante – landskap_cropped

Hobbydyrkar Anette Tjomsland Spilling fann tørrote i potethagen. Oppdagar du tørrote må du fjerne riset. Foto: Eivind Tjomsland Spilling

Er du ein av dei som har prøvd å dyrke potet i år? Gjekk det ikkje så bra? Då kan du ha fått tørrote.

I år er det mange som har prøvd ut å dyrke poteter i hagen og i potter på verandaen. Dessverre vil nokre av dei no bli overraska over at bladverket på potetplantene visnar. Dersom dyrkarane ikkje fjernar potetriset straks dei oppdagar dette, kan dei bli skuffa ved hausting, for då kan det ha kome tørrote i potetene.

Potetplante med tørråte_cropped.jpg
Potettørrote er den viktigaste sjukdomen i potet i Noreg og skuldast ein soppliknande organisme som angrip både blad, stenglar og knollar. Skadegjeraren overvintrar i settepoteter eller i jorda og gjer mest skade i varmt og fuktig ver. Foto: Anette Tjomsland Spilling

Redda potetene

Den heilt ferske hobbydyrkaren Anette Tjomsland Spilling, er ein av dei som har er blitt råka.

– Vi har nett flytta inn i eit nytt hus der det høyrde med potet- og gulrothage. Eg fekk tips frå ein kollega ved NIBIO, der eg jobbar, om at eg burde sjekke bedet for tørrote. Eg gjekk rett ut i hagen for å sjå om plantene var prega, og der var det mange visne blad og det var tørrote i riset. Vi vart råda til å hauste potetene med ein gong. Heldigvis var dei fine og etande, og dei blei nytt med nyhausta gulrøter og ferske fiskekaker til middag, fortel Tjomsland Spilling.

Det er fyrste gong ho har potetbed, og ho vil gjerne fortsette å dyrke ferske grønsaker.

– Men no ønskjer eg meg råd om korleis vi kan unngå dei same problema til neste år.

Potet angrepet av tørråte.jpg
Det er ingen fare ved å ete poteter med tørrote, men dei ser ikkje særleg appetittelege ut. Men om det skulle vere ein liten flekk så er det ikkje noko problem om den vert skoren vekk og ein et resten av poteta. Foto: Erling Fløistad

To råd

Håvard Eikemo er potetforskar ved NIBIO. Han seier det er to grep du kan gjere for å unngå tørrote – å vere tidleg ute og å velje riktig sort.

– Aller først er det viktig å påpeike at ein ikkje må putte kva som helst i jorda. Kjøp norske settepoteter. Det er forbode å importere settepoteter til Noreg då dei kan ha med seg ting som vi ikkje ønskjer i jorda. Potetkreft finst i Sverige og Danmark og vi vil ikkje ha det her. Får ein potetbonde dette i jorda, kan han ikkje dyrke der på 25-30 år, seier NIBIO-forskaren. 

Set du potetene tidleg, får du tidleg produksjon og du kan unngå tørrote.

– Di lenger ut på året du startar, di meir sannsynleg er det at du får tørrote. Du bør unngå frost i jorda, men set du potetene i potte kan du vere svært tidleg ute. Gode tidlegsortar er ‘Hassel’, ‘Rutt’ eller ‘Arielle’, fortel Eikemo.

Sortsval er viktig, seier han.

– Mange tradisjonelle norske sortar, som ‘Mandel’, ‘Gulløye’ og ‘Ringerikspotet’, er særs mottakelege for tørrote. Medan ‘Troll’, ‘Peik’, ‘Nansen’ og ‘Pimpernell’ er meir robuste sortar.

Håvard Eikemo_cropped.jpg
Det viktig å påpeike at ein ikkje må putte kva som helst i jorda, seier NIBIO-forskar Håvard Eikemo. Han oppfordrar til å kjøpe norske settepoteter som er laga for å sette i jorda. -Det er forbode å importere settepoteter til Noreg. Har det ikkje norsk opphav, kan dei ha med seg ting som vi ikkje ønskjer. Foto: Siri Elise Dybdal

Fjern alt

Oppdagar du tørrote må du fjerne riset.

– Tørrote angrip potetriset først og smittar vidare til knollane og jorda. Har tørrote fått etablert seg i kjøkkenhagen din, kan du vere sikker på smitte også til neste år. Derfor er det viktig å ta det så tidleg som mogleg, seier Eikemo.

– Fjern alt om du ser visne blad. Desse har du ikkje meir nytte av likevel. Om det er mogleg, ta eit vekstskifte til neste år og flytt potetene til ein annan ende av hagen. Det er ein måte å reinse jorda på, opplyser han.

Det er ingen fare ved å ete poteter med tørrote, men dei ser ikkje særleg appetittelege ut, seier Eikemo.

– Men om det skulle vere ein liten flekk, så er det ikkje noko problem om den vert skoren vekk og ein et resten av poteta.

 

Problem med tørrote i Midt-Noreg

Når det gjeld kommersiell potetproduksjon, har det i år vore greitt nokre stader og verre andre. Det første funnet av tørrote kom 26. juni i Rogaland. Vidare inn i juli var det funn på begge sider av Oslofjorden, frå Trøndelag og Innlandet. Men det er Midt-Noreg som har hatt dei sterkaste angrepa.

– I Trøndelag har det vore kraftige angrep, og det har vore ein jobb å få det under kontroll. Andre stader har veret vore betre og ein har ikkje hatt store problem, seier Borghild Glorvigen, NLR fagkoordinator på potet.

Men ho kjem med ei lita åtvaring:

– Med tørrote må ein ikkje slappe av. No er det mykje ustabilt ver, og det gjev tørroten veldig gode utviklingstilhøve. Sjølv om det har gått greitt så langt, kan det fort oppstå problem om ein ikkje følgjer med. Det gjeld å passe på og førebyggje sesongen ut, avsluttar Glorvigen.

Anette 1.jpg
Hobbydyrkar Anette Tjomsland Spilling. Foto: Eivind Tjomsland Spilling
Fakta om tørrote

Tørrote er den viktigaste soppsjukdomen i potet, men forårsakar også skade på tomatar og ein del andre artar innan søtvierfamilien (Solanaceae).

Potettørråte er utbreidd overalt der det dyrkast potet i Noreg. I Nord-Noreg og i fjellbygdene er temperaturen i veksttida enkelte år for lav for utvikling av sjukdomen.

Når soppen først har byrja å angripe åkeren, er det vanskeleg å stoppe spreiinga av den. Sporane som dannast på undersida av bladverket, spreier seg vidare til andre planter via vinden.

Dei første symptoma er brune flekkar på blad og stenglar. På undersida av blada vil det dannast eit kvitt belegg av sporar og sporeberarar rundt flekken.

Blada visner raskt dersom sjukdomen får utvikle seg fritt under gunstige klimatiske tilhøve for soppen. I tørt ver vil utviklinga av sjukdomen stoppe opp, men fortsette å utvikle seg så snart det igjen blir fuktige tilhøve. Under vedvarande gunstige tilhøve for utvikling av sjukdomen vil alle overjordiske deler av plantane rotne bort og føre til ei karakteristisk lukt.

Tørrotesoppen kan angripe stenglar og bladverk heile sesongen, og kan drepe potetriset på tørrotesvake sortar i løpet av 2-3 veker, dersom veret er gunstig for sjukdomsutvikling. Sjølv ved svake angrep på riset kan potetknollane infiserast i veksttida og ved hausting. Rota utviklar seg vidare på lager. Tørroteangrep i ein åker kan gje betydeleg avlingsreduksjon, både når det gjeld kvantitet og kvalitet.

Tørråte symptom - blad.jpg
Dei første symptoma som ein kan sjå er brune flekkar på blad og stenglar. Foto: Erling Fløistad
Grønsaker på trammen.jpg
Det har blitt stor interesse for å dyrke mat i eigen hage dei siste åra. Foto: Anette Tjomsland Spilling

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.