Hopp til hovedinnholdet

Grunnlaget for jordbruksforhandlingane 2020 er klart

Bølgjande byggåker i Ås_Viken_Foto Kjersti Kildahl_cropped

Bølgjande byggåker i Ås, Viken. Foto: Kjersti Kildahl

Usikkerheita er stor på mange hald når grunnlaget for årets jordbruksoppgjer blir lagt fram i dag. I fjor var avtrykket etter tørkesommaren 2018 tydeleg i grunnlaget. I år får koronaviruset konsekvensar, ikkje berre for grunnlaget – truleg også for forhandlingane.

Bondeorganisasjonane har tatt til orde for å forhandle med staten om prisar og tilskot. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad, sa nyleg til Nationen at «partane er i uformell dialog om korleis oppgjeret kan handterast.» Ho la til at «utgangspunktet er at tradisjonelle forhandlingar» ikkje kan gjennomførast.

Harving og våronn i Frogn_Viken_Foto Kjersti Kildahl.jpg
Tromling og våronn i Frogn. Foto: Kjersti Kildahl

Manglar sikre data

Normalt legg Budsjettnemnda fram ulike berekningar i treårige seriar basert på reviderte rekneskapstal (to år tilbake), foreløpige rekneskapstal (for fjoråret) og budsjetterte tal for inneverande år.  

– På grunn av uvanleg stor usikkerheit knytt til makroøkonomiske data som valuta, rente, prisutvikling og lønn, inneheld ikkje grunnlaget budsjettanslag for 2020. Referansebruksberekningar er heller ikkje utarbeidd, fortel Lars Johan Rustad, avdelingsleiar i NIBIO.

Rustad leier avdeling Landbruksøkonomisk analyse som er sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket. Han seier at Budsjettnemnda vanlegvis nyttar prognosar frå SSB si marsutgåve av «Konjunkturtendensene» som kjelde for mange berekningar. I år er ikkje denne SSB-rapporten publisert som følgje av den usikre situasjonen.

– Også innan ein del produksjonar er usikkerheita stor. Til dømes er tilgang til innleigd utanlandsk arbeidskraft utfordrande for grøntsektoren, seier Rustad.

– Koronasituasjonen kan og gi ulike utslag på etterspurnad etter varer. Stopp i grensehandel kan verke positivt inn, medan full stans i hotell- og restaurantmarknaden slår inn negativt.

Slike forhold er alle med på å forklare kvifor Budsjettnemnda ikkje legg fram berekningar for budsjettåret 2020 i statistikken Totalkalkylen – som er kjernen i grunnlaget.

Kva konsekvensar ‘manglane’ vil gi for årets oppgjer, vil ikkje Rustad meine noko om. Han medgir likevel at å forhandle om inntektsutviklinga i 2021 blir vanskeleg utan anslag for 2020 og utan referansebruka.

 

Referansebruka si rolle

Vanlegvis er referansebruka sentrale i forhandlingane fordi dei viser faktiske og forventa inntekter for ulike typar produksjonar, bruksstørrelsar og geografiske område i jordbruket.

– Hensikta med desse berekningane er å vise inntektsutviklinga og undersøke fordelingsverknader av forslag til jordbruksoppgjer, forklarer avdelingsleiar Rustad.

Østlandsk rødkolle på beite i Varteig_Sarpsborg_Viken_Foto Kjersti Kildahl.jpg
Østlandsk rødkolle på beite i Varteig. Foto: Kjersti Kildahl

 

Inntektsnedgang frå 2018 til 2019

Årets grunnlag viser at bonden si inntekt gjekk ned med 6,2 prosent i 2019 samanlikna med 2018, basert på foreløpige rekneskapstal. Rustad utdjupar:

– Rekna per årsverk, fekk den enkelte bonde 23 200 kroner mindre i vederlag til arbeid og eigenkapital i 2019 enn året før. Det gav ei inntekt på 353 800 kroner mot 377 000 kroner i 2018 når ein legg normaliserte tal til grunn.

Blant dei større faktorane som trekkjer resultatet ned, finn vi reduserte inntekter frå mjølk og kjøt som gav 18 000 kroner lågare inntekt per årsverk i 2019 enn i 2018.

Noko av forklaringa er at mjølkekvotane vart sette opp under tørken i 2018 for å sikre industrien tilgang på mjølk som følgje av den dårlege grovfôrsesongen. I 2019 var kvotene og produksjonen igjen lågare, i tillegg til at mjølkeprisen gjekk ned. Redusert kjøtproduksjon og prisnedgang gav nedgang også for kjøt frå 2018 til 2019. Redusert slakting av gris for å betre marknadsbalansen er ein vesentleg del av årsaka.

Også auka realrente trekkjer årsverkinntekta ned i 2019 – med 11 000 kroner. Lågare direkte tilskot, særleg mindre avlingsskadeerstatning, reduserte inntektene med ytterlegare 10 000 kroner per årsverk.  

– På plussida ser vi at 2019 var eit betre kornår, i kontrast til 2018, og gav saman med annan planteproduksjon 12 000 kroner høgare årsverkinntekt enn året før.

– I tillegg kjem den årvisse positive effekten av at talet på årsverk i jordbruket stadig går nedover utan at produksjon og inntekter gjer det same. Redusert arbeidsforbruk gav 6 000 kroner per årsverk i auka vederlag i 2019, fortel Rustad.

 

Leiar av Budsjettnemnda for jordbruket:

Ekspedisjonssjef Knut Børve, Kunnskapsdepartementet

e-post: Knut.Borve@kd.dep.no

(+47) 917 93 965

Grunnlagsmateriale til jordbruksforhandlingane Budsjettnemnda for jordbruket Totalkalkylen Driftsgranskingar i jordbruket
Kje på Ås_NMBU_Viken_Foto Kjersti KIldahl.jpg
Kje fra NMBU sin flokk med forskningsgeiter. Foto: Kjersti Kildahl
Nøkkeltall.JPG
FORHANDLINGSGRUNNLAGET SI VANLEGE TREDELING

Totalkalkylen-
viser inntektsnivå og inntektsutvikling i jordbruket, og gir eit samla bilde av verdiskapinga i sektoren for heile landet. Kalkylen viser totalverdiane som er skapt i norsk jordbruk ved utnytting av produksjonsfaktorane i jordbruket. Blir mellom anna brukt for å samanlikne bøndenes inntektsutvikling med andre grupper i samfunnet.

Utgreiinga viser revidert rekneskap for 2017, foreløpig rekneskap for 2018 og budsjett for 2019.

Referansebruka -
viser økonomiske resultat for 27 referansebruk, som representerer ulike driftsformer, storleikar og geografi. Referansebruka blir under forhandlingane brukt til å rekne på utslag av krav og tilbod for ulike typar bruk.

Berekningane byggjer på talmaterialet frå vel 700 av jordbruksbedriftene som inngår i driftsgranskingane for jordbruket.

Resultatkontrollen -
er ei samanstilling av data som belyser utvikling og måloppnåing i jordbruket. Her får ein fram verknaden av jordbrukspolitikken gjennom utvalde måleparametrar, og endringane i desse.

For eksempel kan strukturutvikling bli synleg gjennom endringar i storleik på bruka og i talet på dyr.

Geografisk fordeling av jordbruksproduksjonen blir og dokumentert gjennom resultatkontrollen.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.