Grovfôrvekst i eit varmare klima
Veret blir varmare og våtare. Det gjer at grovfôrprodusentane må tilpasse gjødsling og slåttetidspunkt til eit endra klima.
Klimatilpassing er eit nøkkelord når grovfôrprodusentane Jan Erik Horstad og Steffen Veien fortel om erfaringane sine etter nokre sesongar med tidleg gjødsling og tre slåttar. Dei to bøndene held til i Naustdal i Sunnfjord. I år vart det rekordtidleg slått i slutten på mai.
– Når vêret er der, er det berre å få gjødsla ut. Då kjem veksten raskt i gang, slik at vi kan utnytta ei tidleg godvêrsperiode til slått, slik som i år, fortel dei to bøndene.
Steffen Veien legg til at gylla må vere blaut nok, slik at ho går rett ned i jorda. Det er òg viktig å kome raskt utpå med gjødsla etter første- og andreslåtten.
– Vi får litt større totalavling med tidleg gjødsling og tre slåttar enn med to. Kvaliteten blir bra, men det viktigaste er tilpassing til vêrtilhøva. Me har få dagar med gode slåttetilhøve, held Jan Erik Horstad fram.
– Overvintring er eit anna viktig omsyn. Med lengre sesong blir graset for langt om hausten dersom me ikkje slår tre gonger. Langt gras aukar faren for dårleg overvintring og avlingstap året etter. Då er det betre å syte for at ein får ein tredje slått av god kvalitet som kan nyttast i produksjonen, avsluttar han.
Forsking underbygger praksis
I prosjektet Grovfôrvekst undersøker forskarar ved NIBIO Fureneset korleis grasprodusentar kan få meir ut av den utvida vekstsesongen. Resultata frå prosjektet bekreftar erfaringane til bøndene. Tidleg gjødsling gjer at ein kan utnytte dei gode lystilhøva om våren og forsommaren betre.
– Dette er tredje år med feltforsøk. Samla for 2022 og 2023, har vi hatt 15 % avlingsauke ved tidleg vårgjødsling, seier stasjonsleiar Synnøve Rivedal, som deltek i prosjektet i lag med NIBIO-forskarane Åsmund Kvifte og Håvard Steinshamn.
– Tidleg gjødsling blir definert som gjødsling ved vekststart, men det kan vere ei utfordring å vite nett når det er. Vi har god erfaring med å sjå om grasplantene har fått nye, kvite røter, som syner at veksten er i gang. Då treng plantene næring, forklarar Rivedal.
Forsøksrutene med tidleg gjødsling fekk både husdyrgjødsel og mineralgjødsel ved vekststart, om lag 1. april. Normalt gjødslingstidspunkt er fire veker seinare. Ved tidleg gjødsling kom grasveksten raskt i gang, og det førte til ein større førsteslått.
Frå jord til fôrbrett
TINE, Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og Felleskjøpet Agri er samarbeidspartar i Grovfôrvekst-prosjektet. Samarbeidet gjer at ein kan få ein heilskapleg tilnærming der gjødslingstidspunkt, slåttetidspunkt, fôrkvalitet og fôrkostnader blir vurdert i samanheng.
– Resultata våre syner at gjødslingstidspunktet har liten verknad på energiverdien i fôret, men betyr mykje for proteininnhaldet. Råproteinet blir lågare ved tidleg gjødsling fordi meir av nitrogenet blir brukt til plantevekst. Framskundar ein haustinga, blir både energi- og proteinkonsentrasjonen i fôret høgare, men avlinga mindre, forklarar Rivedal.
– I eit nytt feltforsøk ser vi no på effekten av delt gjødsling om våren, mengde nitrogengjødsel og tre eller fire slåttar. Eg trur at kunnskapen frå desse prosjekta vil gje bøndene fleire moglegheiter for tilpassing av fôrproduksjonen ut ifrå om det er avlingsauke eller proteininnhald i fôret som er viktigast, avsluttar Rivedal.
KONTAKTPERSON
KONTAKTPERSON
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.