Hopp til hovedinnholdet

God agronomi og ny teknologi skal gi betre presisjonsjordbruk

Bilde 1

Egil Samnøy, gårdsbestyrer på Jarlsberg Hovedgård, meiner at presis og målretta bruk av gjødsel og plantevern har høg nytteverdi for landbruket. Foto: Sivert Ferdinand Saxe Samnøy

Målretta bruk av gjødsel og plantevern gagnar både driftsøkonomien til gardbrukaren og miljøet. No skal ny teknologi saman med god agronomi gi betre presisjonsjordbruk.

– Som gardbrukar er ein interessert i høgast mogleg avkasting frå drifta. Presis og målretta bruk av gjødsel og plantevern har difor høg nytteverdi. Ressursar på avveg er dessutan potensielt skadeleg for miljøet. Difor har dette også viktig nytteverdi for miljøet og storsamfunnet, seier Egil Samnøy, gardsstyrar på Jarlsberg hovedgård i Tønsberg.

Samnøy er ein av pilotbøndene i prosjektet PRESIS, eit samarbeid mellom NIBIO, Norsk Landbruksrådgiving (NLR) og eit utval bønder, der målet er å vidareutvikle teknologiske løysingar for enda betre presisjonsjordbruk.

 

Gjødselkart

Mellom anna skal forskarane lage tildelingskart for gjødsel i korn og estimering av avling og kvalitet i eng ved hjelp av målingar frå dronar. Eit system for kartlegging av rotugras i kornåker er også i gong. Dette skal brukast for å produsere tildelingskart for plantevernmidlar.

– Det skal bli eit heilskapleg system som skal sørge for at alle norske gardbrukarar får tilgang på brukarvenlege, teknologiske tenester. Desse skal vere godt testa, kvalitetssikra og tilpassa norske forhold og vil sikre at bonden sjølv har eigarskap til data og lagringsløysingar for innsamla data, forklarar Kjersti Balke Hveem, forskar ved NIBIO.

Prosjektet hadde oppstart i 2020 og vil vere ferdig i 2024. Balke Hveem påpeikar at sjølv om ein nyttar ny teknologi, er det agronomi som ligg i botn for alt saman.

Bilde 7 DJI_0003_cropped.png
NIBIO bruker droner i arbeidet med å innhente data. Foto: Kjersti Balke Hveem

Tilgjengeleg for alle

Teknologi har i dag blitt tatt i bruk på mange område i jordbruket, men ikkje alt er like tilgjengeleg:

– På slutten av 1990-talet var bruk av GPS i jordbruket litt eksotisk. I dag er GPS allemannseige. Dagens unge bønder brukar «den nye teknologien» med den største sjølvfølge, seier Samnøy.

Han påpeikar likevel at teknologi i mange tilfelle kan vere både kostbart og utilgjengeleg og at dette difor er ein flaskehals for mange.

– Ofte er det dei med stort arealgrunnlag som har hatt anledning og ressursar til å ta teknologien i bruk. I PRESIS er målet å få presisjonsjordbruk «ut til folket». Dette skal bli eit lågterskeltilbod frå nøytrale, kompetente leverandørar - NIBIO og NLR.

DSC09379.JPG
Innsamling av prøver og registrering av data er viktig for å betre og kvalitetssikre dei teknologiske tenestene. Foto: Kjersti Balke Hveem

Første gong i Noreg

Balke Hveem opplyser at NIBIO i samarbeid med NLR allereie har samla inn svært mange prøver på korn og gras i det siste året.

– Desse prøvane brukast som kontrolldata for å samanlikne dei resultata vi får frå dronemålingane og modellen vår med det som faktisk veks i åkeren. Dette er vesentleg for å sikre at anbefalingane som blir gitt av modellen blir gode.

– Vi har henta inn 180 prøver på korn og 225 på gras i 2020. I år vil vi hente inn 270 kornprøver. Dette gir ein auke på 50 %. Ingen andre har gjort dette i Noreg tidlegare, seier ho.

Prøvane er tatt i fire store regionar – Viken, Trøndelag, Innlandet og Rogaland.

– Det gir oss eit unikt datagrunnlag tilpassa norske forhold, seier ho.

 

Har mangla dette

– Konkret vil eg seie at eit system for gjødsling og særleg målstyrt nitrogen i korn vil ha stor nytteverdi. Men også målstyrt plantevern. Dette klarer ein ikkje så presist utan denne teknologien, seier Samnøy.

– Åkeren har alltid hatt eit variert behov for gjødsel og plantevern innafor same skifte. Dette har det vore vanskeleg å gjere noko med. No gir teknologien oss moglegheit til å avdekkje variasjonane, og deretter variere mengda av gjødsel eller plantevern i forhold til behovet. Det er kanskje det som har mangla så langt, seier han.

– NIBIO og NLR har både høg agronomisk og teknologisk kompetanse. Eg håper difor verkeleg at prosjektet PRESIS kan lukkast med å nå ut til «alle bønder», avsluttar gardsstyraren.

9-11-12.jpg
Bilde 3 202104131.jpg
Kjersti Balke Hveem, forskar ved NIBIO, fortel at NIBIO i samarbeid med NLR skal lage tildelingskart for gjødsel i korn og estimering av avling og kvalitet i eng ved hjelp av målingar frå dronar. Foto: NIBIO
OM PRESISJONSJORDBRUK

Den klassiske definisjonen på presisjonsjordbruk er å skreddarsy behandlinga av jord og vekstar til variasjonen som er innanfor same jordstykke. I dag blir ordet ofte brukt i ein vidare forstand, slik at det gjerne omfattar generell bruk av ny teknologi til å gjera ting meir nøyaktig enn før. Bruk av førstnemnde definisjon krev utstyr for variabel rate applikasjon (VRA), altså utstyr som gjer at ein kan fordela innsatsfaktorar som t.d. gjødsel, kalk og plantevernmiddel med varierande dose innanfor same skifte. Presisjonsjordbruk i vidare forstand omfattar m.a. ulike former for styreassistanse og nye gjødselspredere som spreier jamnare enn tidlegare generasjonar.

Senter for presisjonsjordbruk

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.