Gamle storferasar velegna for mindre bruk
Bønder som har satsa på bevaringsverdige storferasar oppgjer å ha ei grei og brukbar lønnsemd i produksjonen, sjølve på små produksjonsvolum. – Slik produksjon er godt eigna for mindre besetningar med mindre plass i fjøsa, seier Hanne Margrete Johnsen, seniorrådgivar i NIBIO.
Bevaringsverdige storferasar finst hovudsakleg på små og mellomstore bruk. Driftsopplegget inkluderer ofte setring, økologisk drift og lokal foredling av mjølka og kjøtet. Besetningar med bevaringsverdige storferasar er relativt oftare på utmarksbeite enn besetningar utan slike rasar.
Trass i langt mindre avdrått og produksjon enn kommersielle storferasar som norsk raudt fe (NRF) og Aberdeen Angus har dei bevaringsverdige rasane sin nisje og sine fordelar.
Låge kostnader og investeringar
Bevaringsverdige rasar har lågare avdrått enn dei kommersielle rasane, men i kalkylane NIBIO har gjort for mjølkeproduksjon er det plass til fleire dyr innanfor kvoten, og dermed fleire dyr som får tilskot. Bruk av utmark slår positivt ut i kalkylane grunna auka tilskot og redusert kostnad til fôr som skal dyrkast og haustast. Desse rasane har evna til å klare seg på skrinnare beite.
Dei mindre dyra passar betre inn i små, eldre fjøs. Med relativt små besetningar er det rom for meir manuelle løysingar enn dersom ein har større besetningar. Dette gjeld både praktiske innretningar i fjøset, skraping og ved mjølking. Ved bruk av utmarksbeite som ikkje ligg ved garden, er det også ein fordel med ei mindre besetning fordi flytting av dyra er enklare.
– Investeringane på bruka med bevaringsverdige rasar er relativt låge, fordi dei blir drivne med relativt små besetningar. Produsentar vi har snakka med ønskjer heller ikkje å utvide produksjonen meir. Utviding av produksjonen betyr som oftast større investeringar, større besetning for å betale for investeringane, og økt behov for kjøp, produksjon og transport av meir fôr. Vinninga blir fort vurdert å gå opp i spinninga her, framheld Hanne Margrethe Johnsen.
Lønnsemda kan også aukast ved at bøndene foredlar produkta sjølv.
– Ei ulempe ved eiga foredling er at det krev langt meir arbeid frå bonden, særleg ved ysting av mjølk. Dette er truleg også grunnen til at fleire driv med eigenforedling av kjøt enn mjølk. Kjøt er mindre arbeidskrevjande. Dei fleste vi har snakka med driver ei form for eigenforedling. Dette har ein eigenverdi som i seg sjølv motiverer produsentane, held Johnsen fram.
Fleire dyr
Bevaringsverdige storferasar er viktige kulturberarar i det norske landbruket. Hovudmålet for det nasjonale arbeidet med dei bevaringsverdige husdyrrasane er å auke talet på alsdyr slik at rasane ikkje lenger er utrydningstrua.
– Dei bevaringsverdige husdyrrasane skal bidra til valmoglegheiter og livsgrunnlag for landbruket i framtida, og samtidig gjere det mogeleg å nytte rasanes spesielle eigenskapar i kommersiell samanheng. Dette betyr at genmaterialet for bevaringsverdige storferasar blir tatt vare på i aktive driftsopplegg, og ikkje berre i genbankar, fortel Johnsen.
I 2022 finst det totalt 5203 avlskyr blant dei bevaringsverdige storferasane, fordelt på 865 besetningar. Talet har vore jamt stigande dei siste åra.
KONTAKTPERSON
Hanne Margrete Johnsen
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 930 85 074 hanne.johnsen@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Bevaringsverdige storferasar
Noreg er gjennom «Konvensjonen om biologisk mangfald», forplikta til å bidra til bevaring av nasjonale genressursar. Dette er vidare forankra i «Nasjonal strategi for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk».
Noreg har seks nasjonale og trua storferasar. Desse er vestlandsk raudkolle, dølafe, telemarksfe, østlandsk rødkolle, vestlandsk raudkolle og sida trønderfe og nordlandsfe (STN). Alle desse rasane er klassifiserte som bevaringsverdige.
KONTAKTPERSON
Hanne Margrete Johnsen
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 930 85 074 hanne.johnsen@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Abstract
Landbruksøkonomer i NIBIO har undersøkt hvordan ulike tilpasninger i driftsopplegg slår ut på lønnsomheten i kombinert melk- og kjøttproduksjon med bevaringsverdige storferaser. Målet var å identifisere de viktigste faktorene knyttet til valg av rase, og å se på hvordan ulike tilpasninger i driftsopplegg påvirker økonomien.
Abstract
Landbruksøkonomer i NIBIO har undersøkt hvordan ulike tilpasninger i driftsopplegg slår ut på lønnsomheten i spesialisert kjøttproduksjon med bevaringsverdige storferaser. Målet var å identifisere de viktigste faktorene knyttet til valg av rase og undersøke hvordan ulike tilpasninger i driftsopplegg påvirker økonomien.