Hopp til hovedinnholdet

Framleis drar nokon til seters i Innlandet

seters_cropped

Mjølkekyr på beite ved Tesse i 2020. Foto: Oskar Puschmann.

Tidlegare blei utmarka skatta mykje hardare, mellom anna gjennom setring. I dag er seterdrifta sterkt redusert, med etterfølgjande endringar i landskap og biologisk mangfald.

Rundt 1850 var kanskje så mange som 100 000 setrar i drift, spreidd over heile landet. I dag er det 744 igjen. Heile 57 prosent av desse ligg i Innlandet fylke. No har NIBIO kartlagt og dokumentert enda fleire endringar frå dei siste femti åra.

Delen mjølkebruk til seters har tatt seg opp

Ein del setrar er forlatne til forfallet. Men seterlandskapet er ikkje forlate. Nye brukargrupper og andre bygningar, vegar og anlegg har innteke områda på og inntil setrane, hovudsakleg for fritidsaktivitet. Bruken av landskapet er endra, og følgjeleg blir også landskapet forandra.

– Ei vesentleg årsak til dette er den sterke avgangen av mjølkeprodusentar, fortel Kari Stensgaard, seterkartleggar og senioringeniør i NIBIO. Ho har i fleire tiår samla og registrert data om norske setermiljø.

Seterkartleggjar Kari Stensgaard. Foto: Oskar Puschmann
Seterkartleggjar Kari Stensgaard. Foto: Oskar Puschmann

– Sidan 1970 har ni av ti mjølkeprodusentar slutta. Det tynner ut sjølve grunnlaget for setring. Ei anna hovudårsak er at seterdrift er arbeids- og tidkrevjande, og for mange gir ikkje setring god økonomi. Det at buskapane har blitt større vil også vere ei utfordring for gamle seteranlegg med for små fjøsar. Samtidig er det slik at sjølv om talet på setrar er dramatisk redusert, har delen mjølkebruk som setrar faktisk tatt seg opp igjen. I 1939 låg delen seterbrukarar på 14 prosent. Rundt 1970 drog om lag sju prosent av mjølkebruka til seters, men i dei siste åra har delen lege på rundt 12-13 prosent.

– Seterdrifta har skapt særeigne bygningsmiljø og opne beitelandskap med eit unikt biologisk mangfald. Dette er kvalitetar vel verd å verne, men som vi dessverre gradvis mister. Bygningar og konstruksjonar som tidlegare var viktige på setrane, som mjølkekjølar, mjølkerampar, ystehus, låvar og liknande har ikkje lenger nokon bruksverdi, og mange blir overlatne til forfallet. Trivselen ved å «liggje på setra» og helsegevinsten for dyra er også trist å miste. Arbeidsmengd, tidsmangel, færre og større buskapar og låg lønnsemd er viktige årsaker til at seterdrifta stansar, held Stensgaard fram.

1970 - 2020. Hus utan bruksfunksjon forsvinn frå setrane. På Fuglseter var kjølehuset i fullt forfall i 1970. Det same var stallen med høgtrev til venstre for stova. Foto Arthur Sand, UiO og Oskar Puschmann, NIBIO.

Femti års endringar grundig dokumentert

Rundt 1970 blei det skaffa betydelege mengder data som gav eit tidsbilete av seterdrifta rundt Breheimen/Jotunheimen. Dette i samband med planar for kraftutbygging i fleire vassdrag. Dei fleste planane blei det ikkje noko av, og nokre av elvane fekk seinare varig vern.

Femti år seinare tråla og registrerte Stensgaard og geograf og fotograf Oskar Pushmann, dei same områda der både austlandske og vestlandske seterskikkar var representert. I ein ny rapport viser dei endringane som har skjedd sidan 1970 med bygningsmiljø og bruket av setrane ved innsjøen Tesse. Området ligg på sørsida av Ottadalen, hovudsakleg i Lom kommune og dels i Vågå kommune.

– Setrane vi har sett på ved Tesse ligg frå 870 til 1130 meter over havet i eit vakkert og godt bevart seterlandskap. Området har ei rik forhistorie, der folk har henta ut ressursar både frå innsjøen og fjella rundt i fleire tusen år.

– For femti år sidan drog bøndene til seters på grunn av beitemangel i bygda. Den gong var det mjølkeproduksjon på 19 av 39 setrar rundt Tesse. I 2020 var det mjølking på åtte setrar. Likevel har området eit rikt dyreliv. I tillegg til mjølkekyrne trefte vi på sau, ammekyr og reinsdyr.

Då etnologar beskreiv området i 1970 var det som eit levande seterområde. Slik er det også i dag; dette er eit uvanleg aktivt seterområde, fortel Stensgaard, og held fram:

– I 2020 driv halvparten av setereigarane ved Tesse aktive gardsbruk med mjølk og kjøtproduksjon; 16 i Lom og to i Vågå. Av dei 15 setereigarane med mjølkeproduksjon i 2020, er det åtte som held kyr på setra ved Tesse. Ein niande setrar med geit i Sjodalen i Vågå. Det vil seia at heile 60 prosent av mjølkeprodusentane driv seter! Tidlegare Oppland fylke var og er framleis, det mest aktive seterfylket i landet, held Stensgaard fram.

Fritidsbruk har blitt den vanlegaste bruksforma på setrane i Noreg, men mange setervollar blir framleis nytta til slått og beite. Sjølv om mange jordbruksbedrifter er avvikla, blir framleis alle dyrkingsflatene ved Tesse utnytta. Areala i fjellet er framleis viktig for gardsdrifta her oppe. Færre beitedyr og mindre bruk av fyringsved gjer at skogen trekkjer seg stadig lengre oppover liene, men gjengroing er ikkje noko påfallande trekk ved desse seterområda, avsluttar Stensgaard. Neste år skal tospannet kartleggja seterområda i Stryn.

Felles for områda Stensgaard og Puschmann har besøkt er stor nedgang i setring med etterfølgjande gjengroing, men i ulik intensitet. I 2009 vart Høydalen landskapsvernområde etablert i Lom, mellom anna for å ta vare på eit verdifullt setermiljø. Men etter at geitene forsvann i 2014 har beiteområda grodd til. Flokken med frittgåande storfe klarer ikkje å halde vegetasjonen nede. Derfor har Breheimen nasjonalparkstyre starta eit ryddeprosjekt som omfattar både geiter (som ikkje mjølkar) og folk med hovudsakleg manuelt reiskap. Ved å gjere beitene meir attraktive for dyra søkjer ein å reåpne landskapet og verne artsmangfoldet. Foto: Arthur Sand i 1970 og Oskar Puschmann i 2020.

12.jpg

Seterstølene på Vestlandet samlar ofte fleire gardsbruk der kvart bruk har berre eit hus, selet. Nokon har også fjøs og løe. Der det var grasvoll, kunne denne vere gjerdt inn med teigar for kvart bruk. I Luster var det vanleg å flytte mellom vårstøl og sommarstøl (fjellstøl) og sidan tilbake til vårstølen igjen. Nokon bruk hadde to vårstøler. Fåbergstølen var fjellstøl for sju bruk. I 1971 hadde alle brukarane sel, to hadde også fjøs. Fem av bruka dreiv setring, og melking både av ku og geit føregjekk utandørs for hand. Stølingen tok slutt i 1985. Foto: Arthur Sand i 1972 og Oskar Puschmann i 2022. Jostedalen i Luster.

På Austlandet har sjølve småbrukssetrar hatt sin eigen inngjerd setervoll og tun med fleire hus. Minimum stove og fjøs. På Endasetra står kufjøs, geitfjøs og stall på rekkje, og i tillegg stove og løe. For 50 år sida stod det òg ysthus på tunet. Mange uthus er blitt borte på setrane. Dei var utsliten eller hadde ikkje lenger nokon funksjon. Samtidig er det setereigarar som tar vare på og av og til også finn ny bruk til gamle seterhus. På dei nær hundre setrane vi har re-registrert aust for fjellet er 37 % av fjøsa og 34 % av løene borte 50 år etter, medan berre tre prosent av stovene er borte. Foto: Arthur Sand i 1970 og Oskar Puschmann i 2020. Tesse i Lom.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

To document

Abstract

Rapporten beskriver feltarbeid med fotografering og registrering i seterområder ved sjøen Tesse i Lom i 2020. Arbeidet refererer til et etnologisk registreringsarbeid utført samme sted 50 år tidligere, i 1970. Seterhus og seterbruk betraktes i et 50 års tidsperspektiv, men også i nåtid ved sammenligning med andre seterområder i samme landsdel. Bilder fra 1970 er refotografert i 2020.

To document

Abstract

Bruken av setrene har endret seg og seterlandskapet har vært i endring over lang tid. NIBIO har i løpet av sju somre gjennomført en undersøkelse av setermiljøer spredt rundt i landet. Rapporten viser, gjennom bilder og statistikk, dagens situasjon med hensyn til setrenes bruk og tilgjengelighet, innhold og tilstand i bygningsmiljøer, og gjengroing av setervoller. 300 områder á 5 km x 5 km i 17 fylker er befart i felt og nær 1700 seteranlegg er registrert.