Hopp til hovedinnholdet

Fare for angrep av rognebærmøll i 2025

erfl-20220823-180958

Rognebærmøllen er kanskje den vanligste larven å finne i epler om høsten. Foto: Erling Fløistad

I år er det venta angrep av rognebærmøll i eple i alle fruktdistrikt i Noreg. Yrkesdyrkarar må være på vakt og tenkje på tiltak mot rognebærmøll i eplefelta.

Rognebærmøll er ein liten sommarfugl som lever på rogn. Larven gneg seg inn i rognebæra og et opp frøa. Når det er for lite bær på rogna kan rognebærmøllen angripa og leggja egg på eple. Dei nyklekte larvene et seg inn i epla og frå inngangsholet renn det ut litt plantesaft, som tørkar til et kvitt pulver. Larvene kryp djupare inn i fruktkjøtet og lager lysebrune gangar.

Mengd blomar og bær på rognetrea avgjer om rognebærmøllen angrip eple eller ikkje. Er det nok rognebær å leggja egg på, så fyk ikkje rognebærmøllen inn i eplehagen. I høve til i fjor er det i år ein kraftig nedgang i tal blomeklasar på rogn i dei fleste distrikta med varsling av rognebærmøll. Difor kan ein venta angrep av rognebærmøll i eple i 2025. Samstundes vil det vera lokal variasjon. Lokal kunnskap om kor utsette dei enkelte eplefelta er for angrep er difor viktig. 

NIBIO utarbeidar kvart år, i samarbeid med Norsk Landbruksrådgiving, prognosar for fare for angrep av rognebærmøll i norske epledistrikt. Prognosane vert publisert på VIPS si nettside (Varsling Innen PlanteSkadegjørere). Prognosane gjev viktig informasjon for epledyrkarar og rådgivingstenesta når dei skal bestemme om tiltak er naudsynte. Prognosane er eit viktig tiltak i integrert plantevern for å redusere bruken av kjemiske plantevernmiddel. I år utan varsla angrep treng ein ikkje sprøyta.

Rognebærmøll (Argyresthia conjugella). Foto: Erling Fløistad
Rognebærmøll (Argyresthia conjugella). Foto: Erling Fløistad

 

Forventar angrep i alle distrikt

Det var ei kraftig auke i talet blome- og bærklasar på rogn frå 2023 til 2024. Demed har populasjonen av rognebærmøll, med larver som lever i bæra, vorte høg. Snylteveps, som er ein naturleg fiende til rognebærmøll, reduserer mengda rognebærmøll, men auken i populasjonen av snylteveps held ikkje tritt med auken i talet rognebærmøll. Overlevinga for rognebærmøllen gjennom vinteren 2024-2025 har difor vore høg. Mange friske rognebærmøll kombinert med ein nedgang i blomeklasar på rogn i 2025 gjer at møllen må finna ei alternativ vertsplante å leggja egg på. Det kan difor ventast angrep i eple i alle distrikt.

– Det er fleire år sidan det har vore så klare prognoser på angrep i eple, fortel forskar i NIBIO, Gunnhild Jaastad .

Det er likevel viktig med lokal kunnskap om kor utsette dei enkelte eplefelta er for angrep av rognebærmøll. Dyrkarane lyt stole på eigne erfaringar med angrep i dei ulike felta og på observasjonar av bløming i rogna nær eigen gard. Epleprodusentane kan søkje råd om tiltak frå den lokale rådgivingstenesta.

 

Luktfeller og kontrolltre

Overvaking med luktfeller kan og gje informasjon om angrep av rognebærmøll. NIBIO og Norsk Landbruksrådgiving har plassert ut luktfeller i fleire regionar. 

Dersom planteverntiltak vert gjennomført, er tilrådinga å setta igjen usprøyta kontrolltre som grunnlag for å evaluera effekten av tiltaket. Slik vert erfaring samla om lokale variasjonar i kor utsette dei enkelte eplefelta er for angrep. Varsling og overvaking av skadeorganismar er viktige tiltak i integrert plantevern. Skaderegistrering og evaluering av planteverntiltak etter slutten av sesongen er også eit kjerneprinsipp for integrert plantevern.

Eple angripe av rognebærmøll. Foto: Erling Fløistad
Eple angripe av rognebærmøll. Foto: Erling Fløistad

 

Kva kan gjerast i private hagar?

Det finst ikkje effektive sprøytemiddel mot rognebærmøll som er tillate for bruk i private hagar.  

– Har du tilgang på insektnett og har epletre som ikkje er for store, kan du prøve å stoppa rognebærmøllen med å dekka epletrea med nett, helst denne veka og i om lag ein månad framover, fortel Gunnhild Jaastad.

– Denne møllen kjem frå rognetrea der den truleg parar seg, og flyg ikkje inn i epletrea før den skal leggje egg. Kjem nettet opp for seint kan ein risikera å stenge rognebærmøllen inne heller enn ute, avsluttar Jaastad.

Om epla i år vert fulle av små rognebærmøllborn, er dei like gode til saft og eplemos. Å laga most er ein god måte å lagra eple frå eigen hage heile vinteren, med eller utan rognebærmøll.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.