Hopp til hovedinnholdet

Budsjettert inntekstvekst for bønder i 2020

Kveldsslått i bratt terreng, Strandebarm i Hardanger, tidlegare Hordaland. Foto_Kjersti Kildahl

Kveldsslått i bratt terreng, Strandebarm i Hardanger. Foto: Kjersti Kildahl

Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) har lagt fram tal som viser ein budsjettert inntekstauke på 16,5 prosent samanlikna med året før. Nemnda vektlegg at tala kan vere usikre.

Dei ferske anslaga for bondens økonomi er mellom anna baserte på nye makroøkonomiske prognosar frå SSB (Statistisk sentralbyrå), i tillegg til andre kjelder som ikkje er blitt oppdatert før no på grunn av korona-situasjonen.

 

Ned i 2019, opp i 2020

Bondens inntekt gjekk ned med seks prosent frå 2018 til 2019. Dette ifølgje tala som vart lagt fram frå Budsjettnenmda (BFJ) for jordbruket som grunnlag til jordbruksoppgjeret 2020. No legg nemnda fram foreløpige budsjettanslag som viser inntektsoppgang på 16,5 prosent for 2020 (jf. Totalkalkylen).

Landbruksøkonom og seniorrådgjevar i NIBIO Oddmund Hjukse, har jobba mykje med talmaterialet til BFJ og kan forklare:

– Inntektsnedgangen frå 2018 til 2019 må vi sjå særleg i samanheng med tørkeåret 2018, og erstatningsutbetalingane som følgde for å kompensere avlingsskadar og anna. Desse erstatningane vart for det meste utbetalt og inntektsførte i 2018, noko som gav ein nedgang  for utrekna inntektsutvikling i 2019 samanlikna med året før.

Om den budsjetterte auken for 2020 seier han at det er fleire faktorar som grip inn i kvarandre, som til saman gir tosifra positivt utslag.

– Mellom anna er mjølk ein del av forklaringa på forventa inntektsauke. Mjølkeproduksjonen er auka i 2020 som følgje av auka etterspurnad og derfor auka mjølkekvotar.

– Også for kjøtt ser vi ein betra marknadsbalanse og auka etterspurnad,  spesielt etter storfe og svin. Det gir høgare prisar.

Prisauken for korn, grøntprodukt og svin som var resultat av jordbruksforhandlingane i år slår og positivt ut, ifølgje Hjukse.

Han vil ikkje meine noko om utanforliggande årsaker, men av mediebildet kan vi slutte oss til at ein del av forklaringa truleg heng saman med endra forbruksmønster knytt til korona. Grensehandelen har til dømes vore nær null i perioden etter 12. mars.  

 

Lågare energikostnader

Parallelt med positiv utvikling for faktorar på inntektssida, har enkelte kostnader blitt sterkt redusert.

Svært låg råoljepris på verdsmarknaden har til dømes gitt stor nedgang i anslaga for bondens diesel- og oljekostnader i 2020. Det same gjeld utgifter til straum.

– Samanlikna med 2019, vil samla energikostnader gå ned med 600 millionar kroner, eller bli redusert  med rundt 20 prosent, seier Oddmund Hjukse. Da er og effekten av lågare straumprisar rekna inn.

 

Realrenta sterkt ned

Prisen på kapital er og viktig for bondens inntektsutvikling – som for dei fleste. Hjukse kan fortelje om ein betydeleg nedgang i realrentekostnadene frå 2019 til 2020.

Av talmaterialet framgår det at det er ein reduksjon i realrentekostnaden på 300 millionar kroner. Årsaka er den generelle renteutviklinga og lågare realrente.

 

Makroøkonomi

Den delen av samfunnsøkonomien som behandler de totale størrelsene i økonomien, for eksempel  prisnivå, nasjonalprodukt, samlet investering og så videre.


Makroøkonomi prøver således å gi et samlet overblikk over samfunnets økonomi ved hjelp av et lite antall aggregerte økonomiske størrelser, i motsetning til mikroøkonomi.


Kjelde: Store norske leksikon

Kviger på sommarbeite i Ringebu, tidlegare Oppland. Foto_Kari Stensgaard_redigert.jpg
Kviger på sommarbeite i Ringebu, tidlegare Oppland. Foto: Kari Stensgaard
Meir informasjon og fullstendig talmateriale

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.