Skjulte blindpassasjerar kan true norsk natur
NIBIO-forskar Martin Pettersson studerer rhododendronplanter i eit vekstrom, der plantene blir dyrka under kontrollert lys for å undersøkje plantehelse og sjukdomsutvikling. Foto: Siri Elise Dybdal
Skadelege mikroorganismar har kome til Noreg med importerte planter og teke livet av tre i grøntanlegg og naturområde. No peikar nye risikovurderingar på fleire framande artar som kan etablere seg her. Men kva veit vi eigentleg om skadane dei kan føre til?
I slekta Phytophthora finst det mange framande artar som kan angripe buskar og tre. Dei kan òg gjere skade i frukt- og bærproduksjonen. Sporane spreier seg med vatn, og langs norske vassdrag har dette fleire stader ført til omfattande tredød.
Artane kjem gjerne til Noreg som blindpassasjerar i jorda som følgjer med importerte prydplanter. Hageplanter er ein av dei viktigaste spreiingsvegane for framande artar til landet. Ifølgje Artsdatabanken kjem 75 prosent av dei framande artane i Framandartslista til Noreg via importerte planter.
Vanskeleg å bli kvitt
– Når Phytophthora først har etablert seg i eit område, er det svært vanskeleg å bli kvitt smitten. Det er eit alvorleg miljøproblem. Vi har registrert over 40 problemartar i Noreg, seier Martin Pettersson, forskar ved NIBIO.
Pettersson forskar på plantehelse og soppsjukdomar. Han er ein av ekspertane som på oppdrag frå Artsdatabanken har risikovurdert framande artar for Framandartslista.
Phytophthora høyrer til ei gruppe soppliknande mikroorganismar som kallast oomycetar. Dei liknar soppar, men er eigentleg nærare i slekt med brunalgane. Mange artar kan forårsake alvorlege sjukdomar på plantar ved å angripe røter, stammar og andre plantedelar.
– Skadane kan utvikle seg over tid, slik at plantene veks dårleg, visnar eller døyr utan at årsaka er openberr, seier Pettersson.
Dørstokkartane må tas tidleg
I Framandartslista 2026 er tolv dørstokkartar i slekta Phytophthora risikovurderte. Dørstokkartar er artar som enno ikkje er etablerte i norsk natur, men som kan kome hit og etablere seg i framtida.
Seks av dei tolv artane er vurderte til høg eller svært høg risiko. Ein av dei er Phytophthora kernoviae, som finst i delar av Storbritannia.
– Arten blir vurdert å ha gode føresetnader for å etablere seg i Noreg. Han spreier seg med luftborne sporar og kan mellom anna angripe blåbær og andre heimlege buskar og tre, fortel Pettersson.
For artar som enno ikkje har etablert seg her, er det særleg viktig å førebyggje spreiing før dei får fotfeste i naturen.
Klimaendringar aukar risikoen
Framande parasittar kan vere små, skjulte og vanskelege å oppdage. Samstundes kan klimaendringar gjere det lettare for fleire artar å overleve og etablere seg i Noreg.
– I Noreg har vi i stor grad vore skåna for mange av dei framande artane som finst lenger sør i Europa, mykje på grunn av klimaet. Vintrane våre er for harde for mange varmekjære artar frå sør. Men dette kan vere i ferd med å endre seg, og framover kan vi vente ein tydeleg auke i talet på framande artar som etablerer seg her, seier Bjørn Arild Hatteland, forskar ved NIBIO.
Hatteland arbeider med risikovurdering av framande artar, mellom anna sniglar og andre virvellause dyr som lever på land. Han peikar på at kunnskap om artar som finst i andre land, kan hjelpe oss med å førebu oss på kva som kan kome til Noreg.
– Jo før vi oppdagar ein framand art, desto større er sjansen for å hindre at han etablerer seg og spreier seg vidare. Kunnskap om kva artar som kan kome, og korleis dei spreier seg, er derfor viktig for å vite kvar vi bør setje inn tiltak.
Vi må følgje med på sniglane
Brunskogsnigelen er eit kjent døme på eit skadedyr som har kome med import og blitt ei plage for mange hageeigarar. Men det finst fleire snigeleartar som kan spreie seg hit.
Flekkbåndsnigelen har spreidd seg globalt som blindpassasjer i importvarer, og er no etablert langs kysten opp til Vestland.
– Han kan gjere stor skade på grønsaker, hageplantar og korn. I tillegg kan han spreie parasittar som smittar kattar, opplyser NIBIO-forskaren.
Ein annan framand art som kan kome er svarthovuda snigel.
– Denne snigelen kjem frå Kaukasus og har spreidd seg til fleire europeiske land. Arten kan auke raskt i tal og finnast i store mengder i hagar.
Hatteland meiner det er sannsynleg at den òg kjem til Noreg, særleg langs kysten av Sør-Noreg. Svarthovud snigel kan førekomme i store mengder og et mellom anna salat, kål, jordbær og andre grønsaker og hageplantar.
Risiko mellom ansvarsområda
– Det finst òg artar som kan skape problem både for planteproduksjonen og for naturen, men som ikkje nødvendigvis blir fanga opp, seier Hatteland.
Mattilsynet arbeider med plantehelse og skadegjerarar, medan Framandartslista vurderer økologisk risiko. Dermed kan enkelte artar få mindre merksemd dersom dei fell mellom ansvarsområda.
– For å vurdere framtidig risiko må ein derfor ikkje berre sjå på kva som finst i norsk natur i dag. Ein må òg undersøkje kva artar som finst lenger sør, korleis klimaet endrar seg, og kva artar som kan kome hit i åra framover, seier Hatteland.
Mange småkryp, som insekt, sniglar og edderkoppdyr, er dessutan lite undersøkte. Det gjer det krevjande å vurdere kva slags skade dei kan føre til. Nokre kan kome inn med store vareparti eller importerte planter utan å bli oppdaga.
Kunnskap om desse artane kan hjelpe forvaltninga med å oppdage nye førekomstar tidleg og vurdere behovet for tiltak.
– Målet er ikkje berre å forstå kva artar som gjer skade i dag, men òg å vere betre førebudd på dei som kan bli eit problem i framtida, avsluttar Hatteland.
KONTAKTPERSON
Martin Pettersson
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 908 70 706 martin.pettersson@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
Framande artar
Framande artar er artar som finst utanfor sitt naturlege utbreiingsområde og potensielle spreiingsområde, fordi dei er spreidde dit av menneske. Nokre framande artar er invaderande og kan skade naturen, til dømes ved å fortrengje stadeigne artar, eller føre til økonomiske tap, som skadar på kulturplantar.
Revisjon av Framandartslista 2026
- 84 nye artar er risikovurderte for første gong.
- Halvparten er registrerte i Noreg, medan resten er dørstokkartar som kan etablere seg her i framtida.
- Fem artsgrupper er vurderte på nytt: oomyceter (fremst Phytophthora-arter), fuglar, soppar og virvellause dyr på land og i ferskvatn.
- Mange av artane er små og kjem til Noreg som blindpassasjerar med vareimport.
- Kunnskapen om spreiing og mogleg skade på norsk natur er avgrensa. Vurderingane byggjer derfor ofte på erfaringar frå andre land.
Kjelde: Artsdatabanken – Framandartslista 2026
NIBIO-ekspertar Framandartslista
I ekspertkomiteane for Framandartslista 2023 deltok mellom anna desse personane frå NIBIO:
- Fride Høistad Schei – karplanter
- Inger Sundheim Fløistad – karplanter
- Christer Magnusson – rundormar og flatormar
- Venche Talgø – soppar og bakteriar
- Isabella Børja – soppar og bakteriar
- Juliana Irina Spies Perminow – soppar og bakteriar
- Martin Pettersson – soppar og oomyceter
- Bjørn Arild Hatteland – terrestriske virvellause dyr
I den nyare organiseringa frå hausten 2025 er mellom andre Marte Persdatter Tangvik, Martin Pettersson og Bjørn Arild Hatteland oppførte som NIBIO-ekspertar i komiteane.
KONTAKTPERSON
Martin Pettersson
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 908 70 706 martin.pettersson@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.