Fann karanteneskadegjerar i eigne tomatar
Dag-Ragnar Blystad følger nøye med på tomatplantene sine. I 2025 oppdaga han ein skummel skadegjerar i drivhuset sitt. Foto: Silje Kvist Simonsen
Ein alvorleg karanteneskadegjerar vart i fjor påvist i tomatar i ein privathage. Funnet understøtter at også hobbydyrkarar kan få inn plantesjukdommar gjennom importerte tomatfrø, og at slike smittestoff kan utgjere ein risiko for norsk tomatproduksjon.
Dag-Ragnar Blystad jobbar som forskar på plantevirus i NIBIO, og er i tillegg ein entusiastisk hobbygartnar. I fjor oppdaga seniorforskaren noko særs urovekkjande i tomatplantene sine.
– Eg la merke til ein plante som såg litt rar ut, innleier Blystad.
Med mange års erfaring med å kjenne att virussymptom, mistenkte han at planta kunne vere smitta av eit virus.
– Eg sende inn ei prøve til planteklinikken ved NIBIO, og resultatet var nedslåande. Prøven var positiv for potetspindelknollviroid (PSTVd).
Potetspindelknollviroid (PSTVd) er ein karanteneskadegjerar som kan gi store avlingstap i tomat og potet. Sjukdomen er regulert nettopp fordi han kan få store økonomiske konsekvensar dersom han etablerer seg.
Drastiske tiltak og stort skadepotensial
Etter å ha fått påvist smitte sende Blystad inn fleire prøver til planteklinikken, frå eit mangfald av tomatsortar. Fleire av dei testa positivt. Viroidet hadde altså spreidd seg i drivhuset.
– Dei ulike tomatsortane hadde til dels diffuse symptom, men alle såg ut til å gi færre tomatar enn om dei hadde vore friske. I tillegg spreidde viroidet seg til ein potetplante tett ved tomatane som eg hadde tenkt å lage settepoteter av.
Potet og tomat er i nær slekt, og nokre sjukdommar kan difor spreie seg mellom dei. For å unngå vidare spreiing av sjukdomen vart alle plantene destruerte.
For profesjonelle tomatprodusenter kan smitte av viroid gi store konsekvensar. Jan Terje Vignes, dagleg leiar av Lauvsnes gartneri, fekk smitte av ein liknande karanteneskadegjerar i 2016.
– Eit slikt utbrot gir store økonomiske tap. Ikkje berre må alle planter i veksthuset destruerast, men det kjem også store kostnader rundt sanering av veksthuset, før nye planter kan tas inn.
Vignes fekk aldri svar på kor smitta kom frå.
– Når smitta først er etablert er det nesten ikkje mogleg å spore seg fram til smittekjelda. Difor er det så viktig at materiale som me tek inn i drivhuset er friskt, konstaterer han.
Importerte frø kan være smittekjelde
Blystad mistenker at smitta i hans drivhus kom frå tomatfrøa. I 2023 vart det same viroidet påvist i importerte tomatfrø, gjennom prosjektet Stoppest.
– Dette er bekymringsfullt. Funnet viser at dagens kontrollrutinar ikkje alltid fangar opp smitte.
Tilrår testing av frøparti
Blystad deler gjerne erfaringane sine med andre hobbygartnarar.
– I prinsippet burde frøkontrollen vore god nok til at private og yrkesdyrkarar ikkje trong å forholda seg til viroid i tomat.
– Sidan det ikkje er tilfelle, vil eg oppmode alle som dyrkar tomat til å følgje med på plantene, og sjå etter symptom som kan likne på viroid. Symptoma vil kunne vise seg mot slutten av juni, og inneber mellom anna unormal forgreining i toppen, brunfarging og nekrosar (visne flekkar) på blada, smale og forvridde blad, få frukter og gule flekkar på dei fruktene som kjem.
– Dersom det er mistanke om smitte av viroid, bør ein ta bilete av plantar med symptom og sende til planteklinikken ved NIBIO. Bileta vert vurderte av forskarar, som avgjer om det er aktuelt å sende inn ei planteprøve til planteklinikken.
Det finst ingen tiltak for å fjerne potetspindelknollviroid frå plantar som alt er smitta. Smitta plantar må destruerast for å hindre vidare spreiing. Blystad understrekar at det difor er heilt sentralt å bruke friskt plantemateriale. Han tilrår at tomatfrø som vert selde i Noreg, vert testa for viroidet.
– Det viktigaste tiltaket er å hindre at viroidet kjem inn i landet. Difor meiner eg at testing av tomatfrø bør vere ein sentral del av førebyggingsarbeidet, seier Blystad.
KONTAKTPERSON
Dag-Ragnar Blystad
Seniorforsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 908 72 588 dag-ragnar.blystad@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
Fakta om viroider
Viroider er ein slags «mini-virus» som berre består av små, sirkulære nukleinsyrebitar (arvestoff). Viroider er dei minste plantepatogena vi kjenner til. Viroide sitt arvestoff er RNA (ribonukleinsyre), det same som hos dei fleste plantevirus. Viroider skil seg frå virus ved at dei har svært små RNA-bitar og ved at dei manglar ei beskyttande proteinkappe rundt arvestoffet.
Viroider har eigentleg ikkje nok arvestoff til å kode for eitt einaste gen, men bitane med nukleinsyre er store nok til å forstyrre cellene sitt maskineri og dermed forårsake sjukdom i plantar. Dei små bitane av nukleinsyre frå viroider kan folde seg saman slik at dei får stor stabilitet. Dette gjer at viroider er smittsame gjennom plantesaft og kontakt mellom plantar.
Kjelde: Plantevernleksikonet
KONTAKTPERSON
Dag-Ragnar Blystad
Seniorforsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 908 72 588 dag-ragnar.blystad@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.