Rett hausting gir plommer som held lenger
Forskar Jorunn Børve syner fram ròtne Reeves-plommer i plommehagen til NIBIO Ullensvang. Ròte i felt kan gjera at det vert meir problem med ròte på lager også. God agronomi er viktig for haldbarheit på lager og i butikk. Foto: Hege Ulfeng
Norske plommer kan sjå fine ut når dei kjem frå kjølelageret, men byrja å ròtna etter berre eit par dagar i varmen. NIBIO-forsking viser korleis rett haustetidspunkt og god handtering kan gje plommene lengre liv i butikk.
Den norske plommesesongen er kort. I år er det venta at om lag 1000 tonn norske plommer skal ut i marknaden. Det er meir enn i fjor, men under snittet på 1340 tonn dei siste ti åra.
Utmaninga er å sørga for at plommene held god kvalitet heilt fram til forbrukar. Dette har vore eit stort problem, og for nokre år sidan var det vanleg at store parti med plommer blei avvist fordi frukta vart overmoden eller ròten før han nådde forbrukar. Fruktlagera og NIBIO har samarbeidd for å finna løysingar.
Ken Johannessen, innkjøpar av frukt og grønt hjå Coop Norge, er tydeleg på at arbeidet har bore frukt.
– Det har vorte mykje, mykje betre dei siste åra. No har me nesten ingen avvisingar lengre, seier han.
– For nokre år sidan hadde me tilfelle der alle plommene vart dårlege før dei kom fram til butikk. No har plommene lengre levetid. Arbeidet fruktlagera og NIBIO har gjort har hjelpt. Det er ingen tvil om det, legg han til.
Forsking for næringa
På fruktlagera vert plommene sortert, pakka og sendt vidare til grossist og butikk. NIBIO-forskar Jorunn Børve har leia forskinga i samarbeid med Ullensvang fruktlager og Hardanger Fjordfrukt.
– Ròtesoppar liker «lett-tygga» mat. Medan umogen frukt har motstandsdyktig skal og inneheld stoff som er vanskeleg for soppane å bryta ned, gjer mogningsprosessen at plommene vert meir utsett. Difor har me testa korleis mogningsgrad ved plukking påverkar kvaliteten under lagring og i butikk, fortel Børve.
– Me har undersøkt fleire ulike sortar. Plommer av ulik mogningsgrad vart plukka på same dag. Dei vart sortert i to parti, høveleg mogen og godt mogen, og me registrerte eigenskapar som farge, fastheit og sukkerinnhald. Etter ti til fjorten dagar på kjøl, let me plommene stå i to dagar i romtemperatur før me vurderte ròte i dei ulike partia, forklarar ho.
Mogning viktig for haldbarheit
Og skilnaden var tydeleg, fortel forskaren. Sjølv om alle plommene såg fine ut då dei vart tatt ut frå kjølen, var det to til ti gonger så mykje ròte i dei godt mogne plommene etter to dagar i romtemperatur. I nokre parti vart halvparten av plommene øydelagt av ròtesoppar etter to dagar i varme.
– Desse resultata var så tydelege at me kunne gje klåre råd til dyrkarar og fruktlager. Det aller viktigaste var å instruera plukkarane til å plukka plommene til rett tid. Dei fleste bønder har sesongarbeidarar frå utlandet. Dei må få rett opplæring for at kvaliteten skal verta stabil, seier ho.
– Når plommene kjem inn til fruktlageret, kan fruktlageret i tillegg sortera dei mest mogne plommene for seg. Desse kan så verta selt raskt, slik at dei ikkje vert overmogne og utsett for ròte. Høveleg mogne plommer kan halda seg på lager eit par veker før sal.
Ein hårfin balansegang
Rett hausting av plomme er ein hårfin balansegang. Dersom plommene vert hausta for tidleg, får dei lite smak og vert ikkje så søte. Dersom dei vert hausta godt mogne, er dei utsett for ròte, særskild etter at dei kjem ut frå kjølelager. Nokre sortar er meir utsett enn andre slik at ein må tilpassa strategiar for kvar einskild sort.
– Det er mykje å ta omsyn til. Når ein plukkar plommer tidleg i mogningsprosessen, er det viktig at dei ettermognar og vert gode og aromatiske etter plukking. Ikkje alle sortar har like god evne til ettermogning, og om dei vert hausta for tidleg, vil dei ikkje få den rette plommesmaken, seier forskaren.
– Det trengst ein del erfaring for å få dette rett. Ein må hausta same felt fleire gonger over fleire dagar, slik at kvart parti vert så einsarta som mogleg, legg ho til.
Forskarane dokumenterte og at tiltak som reduserer soppsmitte i felt, verker positivt på haldbarheita etter hausting. Fjerning av ròtne plommer i felta, verkar positivt. I tillegg fann forskarane ut at fleire sprøytingar med kalsiumklorid i vekstsesongen kan ha god verknad.
– Som vanleg er god agronomi også bra for haldbarheita på lager og i butikk. Skal me sikra kvalitet heilt fram til forbrukar, må ein jobba for det gjennom heile vekstsesongen, avsluttar Børve.
KONTAKTPERSON
Jorunn Børve
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 958 78 057 jorunn.borve@nibio.no Kontorsted: Ullensvang
Gode råd til forbrukar
Spisemogne plommer må oppbevarast i kjøleskapet.
Veldig harde og umogne plommer bør ettermognast på kjøkenbenken for betre smak.
Ròtne plommer må vekk for å unngå kontaktsmitte.
Gode råd til deg som har plommetre i hagen
Skjer treet om vinter/vår slik at det er luftig, slepp ljos inn og tørkar raskt opp etter regn.
Tynn til ca 5cm avstand mellom kvar plommekart tidleg om sommaren.
Fjern skada plommer når du ser dei slik at dei ikkje startar å ròtna.
Rotne plommer må fjernast for å unngå kontaktsmitte til friske.
Plommene er mogne når dei har mjukna litt. Det er lurt å smaka seg fram til rett moningsgrad sidan det varierer mellom sortar og etter kva plomma skal brukast til og når.
KONTAKTPERSON
Jorunn Børve
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 958 78 057 jorunn.borve@nibio.no Kontorsted: Ullensvang
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.