Nordnorske bønder investerer for ein tryggare og meir handterbar kvardag
Mjølkebruk i Balsfjord, Troms. 31 % av dei som var med i spørjeundersøkinga var mjølkeprodusentar. Foto: Marianne Vileid Uleberg
Når nordnorske bønder investerer, er det ikkje berre lønsemd som tel. Å få ein meir handterbar arbeidskvardag og å sikre framtidig drift er vel så viktig, viser ei ny undersøking frå NIBIO.
For mange nordnorske bønder handlar investeringar om meir enn å auka inntektene. Det kan handla om å spara tid, få ein tryggare arbeidskvardag, ta vare på helsa eller sikra at garden kan drivast vidare.
Det syner ei undersøking blant 461 gardbrukarar i Nordland, Troms og Finnmark. I tillegg har forskarane intervjua ti bønder meir inngåande om kva som ligg bak investeringsvala deira.
Undersøkinga omfattar perioden 2018–2025 og har først og fremst sett på investeringar i maskinparken, medan investeringar i driftsbygningar er mindre undersøkte.
Dei fleste bøndene som var med, dreiv med mjølkeproduksjon eller sau (71 %). Åtte prosent hadde ammeku og tre prosent produserte geitemjølk. Storleiken på bruka varierte mykje.

Redusert arbeidsforbruk tyder meir enn auka lønsemd
Éin motivasjon peikte seig særleg ut: ønsket om å redusera arbeidsforbruket.
– Nesten 80 prosent av bøndene svarte at det var litt viktig til svært viktig å redusera arbeidsforbruket på garden. Under ti prosent meinte at dette ikkje var viktig. Det er kanskje ikkje så rart når me veit at mange bønder arbeider langt fleire timar i året enn gjennomsnittet for lønnsmottakarar. Mange fortel at dei har lite fritid. Bonden skal også få kvardagen til å fungera, seier stipendiat Simen Wilsher Lohre ved NIBIO.
– Nord Noreg er dessutan ein region med store avstandar og arbeidsforbruket per gardsbruk ligg høgt, forklarar han.
For nokre kan oppnådd tidssparing likevel føra med seg nye prosjekt og meir arbeid, slik ein bonde i intervjuundersøkinga skildra det:
«Du sier til deg sjøl at du vil jobbe mindre neste år. Men så ser du jo at det her var jo ganske effektivt. Sparte deg mye tid. Og så ser du - ja, men da klarer du litt mer. Og det er jo sånn du gjør.»
Eit komplisert samspel
Ønsket om redusert arbeidsforbruk kan også ha mindre opplagte årsaker enn dei som er nemnt over. Arbeidskvardagen til bønder omfattar langt meir enn sjølve produksjonen.
I tillegg til å vera matprodusentar, er bønder bedriftsleiarar, ofte med arbeidsgivaransvar. Regelverk, dokumentasjonskrav, ny teknologi, dyrehelse og langsiktig økonomistyring skal handterast. Samstundes er drifta avhengig av tilhøve bonden i liten grad rår over, som klima, politiske vedtak og marknadsutvikling.
Undersøkinga viser at investeringar ofte handlar om å få samspelet mellom garden og rammevilkåra til å fungera betre innafor økonomien på garden og den tida bonden har tilgjengeleg. Då er det mykje meir enn botnlinja i rekneskapen å ta omsyn til.
– Bøndene skildrar korleis utstyret må fungera når det trengst. Arbeidet må vera mogleg å gjennomføra innanfor korte sesongar. Helsa skal halda. Og garden må kunna drivast vidare utan at bonden bind seg til meir gjeld enn han eller ho meiner drifta toler, oppsummerer Wilsher Lohre.
Ein bonde uttrykte det slik: «Det er jo et stort ansvar både for dyra og deres velvære, men også ... Man er jo en bedriftsleder. Ikke sant? […] Du skal jo drive med alt det administrative arbeidet, og så planlegge strategier for at drifta skal overleve. […] Du har ansatte, […] og du har ansvar for dem. Du har alt med lønnsutbetalinger og alt. Og så har du fått den utfordringa at da du jobba og hadde god lønn, så snudde du ikke for mye på kronestykkene. Da visste jeg hva jeg fikk i lønn hver måned. Mens det å styre økonomien på en gård, da må du liksom passe på … I dag utbetales tilskuddet ein gang for året.»
Å få arbeidskvardagen til å fungera best mogleg var altså ein viktig motivasjon for investering hjå dei fleste bønder. Samstundes var det ikkje alle bøndene i undersøkinga som såg for seg at gardsdrifta ville halda fram etter at dei gjekk av med pensjon. Dette fekk store konsekvensar for investeringsvala deira.
Framtidstru eller avvikling
I spørjeundersøkinga blei deltakarane spurt om kvifor dei ikkje hadde investert meir i garden. 34 prosent svara at usikkerheit knytt til gardens framtid spelte inn. Elleve prosent sa at dei ville redusera produksjonen og åtte prosent at dei planla å avvikla.
– Nedgangen i tal bruk har vore større i Nord Noreg enn i resten av landet. Kravet om lausdriftsfjøs innan 2034 kan vere éi av årsakene til at fleire tenkjer å gje seg dei neste ti åra, fortel Wilsher Lohre.
Desse innspela frå djupneintervjua illustrerer dette godt: «Hvis en ikke skal drive drifta vidare, så er jo å holde investeringar på det som er i fjøs, nede. Og heller investere i ting som kan selges ut etterpå. […]» …
«Jeg har ca. ti år å drifte videre. Etter det tror jeg at jeg legger ned. Ikke legge byrden over på noen andre. […] Vi greier ikke å holde tritt med utgiftene i jordbruket. Og det gjenspeiles i investeringer. Det er altså nesten fraværende på mitt bruk. Selv om jeg nå begynner å komme ovenpå. Betalt ned masse gjeld på bruket …».
Personlighet, holdninger og verdier
To bønder kan ha same mål om å få ein meir effektiv kvardag. Likevel vel dei ofte ulike strategiar. Både ei nærare analyse av svara frå spørjeundersøkinga og djupneintervjua synte at haldningar til pengebruk, personlegdom og kunnskap også var viktige for investeringsåtferd blant bønder.
– Bønder med ein konservativ haldning til pengebruk, investerte mindre. Det gjeld mellom anna bønder som meinte det er viktig å ikkje ha for mykje gjeld. Dessutan spelte alder ei rolle. Eldre bønder investerte mindre enn yngre, fortel Wilsher Lohre.
– Me fann og ein klår samanheng mellom høgare investeringar og ønske om auka produksjon, moderne maskinpark og høg interesse for maskiner.
Val av strategi heng saman med personlege preferansar, men og med ytre tilhøve som geografi, produksjonsform og tilgang på jord, finansiering, arbeidskraft og andre ressursar.
Ein bonde såg risiko som ein naturleg del av hans måte i driva på: «Men vi har bare tatt de mulighetene som er. Jeg har aldri takka nei til å kjøpe en eiendom. (…) Jeg har aldri takka nei til å leie jord, bortsett fra de to siste årene, for nå var det nok. […] Kanskje jeg tar mye risiko. Jeg ser ikke ned-siden. Det er bare min personlighet.»
Ein annan bonde var meir tilbakehalden: «Jeg har tenkt mange ganger på at man kunne ha gjort mer her, men det er også litt sånn at jeg vil ikke ha gjeld. Jeg vil kunne slutte med sau i morgen. Hvis jeg vil.»
Den gode bonden
Investeringar i det nordnorske landbruket handlar dermed om langt meir enn kroner og øre. Det samsvarar godt med korleis informantane skildrar den gode bonden. Her er det ikkje lønsemd som kjem høgast på lista, sjølv om det har ein viktig plass.
– I materialet vårt ser me at definisjonen på ein god bonde ikkje først og fremst er knytt til produksjonsresultat eller økonomisk overskot. Det handlar i større grad om korleis garden vert driven, kva for verdiar ein legg til grunn og korleis bonden tek vare på dyr, jord og familie. Samfunnsansvar vert og vektlagt, fortel Wilsher Lohre.
– Det som oftast vart trekt fram som teikn på ein god bonde, var god dyrevelferd. Dette vart omtalt som det aller første og viktigaste på tvers av produksjonar og regionar. Denne forståinga av ein god bonde samsvarar godt med investeringsvala som bøndene gjer, avsluttar Wilsher Lohre.
Ein av bøndene oppsummerte hovudfunnet i undersøkinga kort og jordnært:
«Og så tenker jeg at når jeg investerer, så er det ... Det er investeringer jeg gjør, som jeg enten kan selge, eller jeg kan få bedre drift. ... De behøver ikke være de nyeste, fineste, flotte. Bare de fungerer.»
KONTAKTPERSON
Simen Wilsher Lohre
Stipendiat
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 900 80 456 simen.wilsher-lohre@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Kunnskap kjem frå folk ein stolar på
Korleis lærer bønder om investeringar og økonomistyring?
Rapporten viser at mange nordnorske bønder først og fremst byggjer kunnskapen sin gjennom erfaring og samtalar med folk dei har tillit til. Andre bønder, rekneskapsførarar, bankkontaktar og rådgjevarar fungerer ofte som viktige sparringspartnarar når investeringar skal vurderast.
Samtidig varierer tilgangen på slike nettverk. I område med få bønder og store avstandar kan det vera vanskelegare å få støtte, erfaringsdeling og råd frå andre. Mange etterlyser fleire møteplassar der bønder kan læra av kvarandre.
Forskarane meiner funna har viktige implikasjonar for rådgjevingstenestene. Bønder etterspør ikkje berre teknisk kunnskap, men rådgjeving som tek utgangspunkt i den faktiske driftssituasjonen deira og som koplar økonomi til praktiske val om investeringar, arbeidsbelastning og framtidig drift.
KONTAKTPERSON
Simen Wilsher Lohre
Stipendiat
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 900 80 456 simen.wilsher-lohre@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.
Publikasjoner
Sammendrag
Rapporten undersøker hvordan bønder i Nordland, Troms og Finnmark planlegger, finansierer og følger opp investeringer i gårdsdrifta. Rapporten bygger på en spørreundersøkelse blant bønder i Nord-Norge og dybdeintervjuer med ti bønder i regionen. Funnene viser at investeringsbeslutninger sjelden er rent bedriftsøkonomiske, men formes av et samspill mellom økonomiske vurderinger, praktiske driftsbehov, lokal kontekst, sosial kapital og personlige strategier. Mange bønder i regionen er opptatt av å redusere risiko, holde gjelda nede og sikre en robust drift over tid. Investeringer motiveres særlig av behov for å opprettholde drift, redusere arbeidsbelastning og styrke driftssikkerheten, mens svak økonomi, usikker framtid og frykt for høy gjeld er viktige årsaker til at investeringer utsettes. Rapporten viser også at Nord-Norge har særskilte utfordringer knyttet til lange avstander, korte sesonger, høyere mekaniseringskostnader og svakere tilgang på tjenester og rådgivning. Samlet peker rapporten på behovet for mer stedstilpasset politikk, mer praksisnær rådgivning og bedre samordnet forvaltning for å styrke investeringsvilkårene i nordnorsk jordbruk.
Sammendrag
I Nord-Norge handler investeringer i jordbruket ofte mindre om vekst, men mer om å sikre drift, redusere risiko og få hverdagen til å fungere. Geografiske forhold, usikre rammevilkår og personlige holdninger former valgene bøndene tar.