No kan kven som helst få innblikk i nasjonal landbruksøkonomi
Fôrkostnadar er ein veldig stor utgiftspost i landbruket. Dette gjeld sjølvsagt berre for husdyrprodusentane, men det er også dei det er flest av i landet vårt. Foto: Morten Günther
Til nyleg har tal om norsk landbruksøkonomi vore tilgjengelege i store tabellar, lettast forståeleg for særskild innvigde. No har NIBIO laga ein visuell framstilling som syner inntekter og utgifter i norsk landbruk heilt tilbake til 1960-talet, enkelt framstilt for alle interesserte.
NIBIO har lansert eit nytt dashbord som gjer det mogleg å utforska økonomien i norsk landbruk heilt tilbake til 1959. Dashbordet er å finna på NIBIO sine nettsider. Bak datagrunnlaget ligg eit omfattande statistikkarbeid utført av Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ).
BFJ blei oppretta i 1948 for å leggja fram grunnlag for vurderingar av den økonomiske situasjonen i jordbruket i samband med jordbruksoppgjera, dei årlege forhandlingane som går føre seg mellom bondeorganisasjonane og staten kvar vår. NIBIO, med sine forgjengarar, har vore sekretariat for BFJ sidan starten og forvalta datamaterialet. Men sjølv om informasjonen har vore offentleg, har han ikkje vore lett tilgjengeleg.
– Me har lenge ønska å laga ein meir moderne og brukarvenleg presentasjon av økonomien i norsk landbruk. I sommar fekk me inn to masterstudentar som har vore med å utvikla eit dashbord med viktige hovudtal, fortel Hanne Margrete Johnsen, seniorrådgjevar for landbruksøkonomi hjå NIBIO.
– Her kan ein sjå dei store linjene: kva som er dei viktigaste inntektene og utgiftene, og korleis økonomien har utvikla seg. Me håper at dette kan hjelpa studentar, journalistar, politikarar og alle andre som er interesserte, til å få eit betre innblikk i korleis det går med økonomien i norsk landbruk, seier ho.
Eit omfattande talmateriale
Kvart år jobbar sekretariatet for BFJ med å samla inn økonomidata, som altså ligg til grunn for statistikken og det nye dashbordet.
– Me får opplysningar frå varemottakarar, forhandlarar, rekneskapskontor, Landbruksdirektoratet, Statistisk sentralbyrå med fleire. Det er tal for kor mykje som har vorte produsert i jordbruket og kva prisar produsenten har fått for varene sine, samt pris og volum på ulike innsatsfaktorar, og omfang av arbeid og vedlikehald, forklarar Johnsen vidare.
– Til slutt kan me rekna ut summane av både inntekter og utgifter i heile det norske jordbruket under eitt.
Store tal og lange linjer
Når ein får tala inn i visuelle grafar, er det lettare å sjå samanheng og utvikling enn når ein ser på ein stor tabell.
– Noko som kjem tydeleg fram er at fôrkostnadar er ein veldig stor utgiftspost i landbruket. Dette gjeld sjølvsagt berre for husdyrprodusentane, men det er også dei det er flest av i landet vårt. I 2025 gjekk 26 % av kostnadane i norsk landbruk til innkjøp av fôr, totalt 11,6 milliardar kroner, seier Johnsen.
– Det er også interessant å sjå på utviklinga i lønsemd frå 1959 til 2025. Dersom ein vel «faste 2025-kroner» i fana «Lønsommhet (linje)», kan ein sjå utvikinga frå 1959 fram til i dag. Den blå linja syner at lønsemda for heile landbruket under eitt har auka dei siste åra, men ikkje like mykje som under opptrappinga på 70-talet.
Mykje informasjon på liten plass
Det nye dashbordet frå NIBIO er interaktivt. Det er fleire nedtrekksmenyar der ein kan velja kva ein vil sjå. Det finst også informasjonsknappar med enkle forklaringar. Dashbordet har fem ulike hovudtema: inntektsutvikling, inntektsfordeling, kostnadsfordeling, ei meir detaljert gruppeoversikt over inntekter og utgifter og ei samanlikning av rekneskap og budsjett for dei siste åra.
– Målet er at fleire skal kunna ta i bruk tala våre. Me vil gjerne ha tilbakemeldingar og forslag til forbetringar. Så vil me jobba for at enno meir av talmaterialet vårt vert tilgjengeleg på denne måten i framtida, avsluttar Johnsen.
KONTAKTPERSON
Hanne Margrete Johnsen
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 930 85 074 hanne.johnsen@nibio.no Kontorsted: Bergen
BFJ og Totalkalkylen
Det er Budsjettnemnda for jordbruket (BFJ) som utarbeidar jordbrukets totalrekneskap eller Totalkalkylen for jordbrukssektoren og Totalkalkylen for aktive jordbruksbedrifter. Rekneskapen Totalkalkylen for jordbrukssektoren sine talseriar startar i 1959. Totalkalkylen for aktive jordbruksbedrifter er materialet som brukast i jordbruksforhandlingane og syner inntekter, utgifter og endringar for dei 14 siste åra for dei aktive jordbruksbedriftene.
Sekretariatsansvaret for BFJ er lagt til avdeling Landbruksøkonomisk analyse i NIBIO. Nemnda legg fram talmaterialet for partane i jordbruksoppgjeret, altså staten og bondeorganisasjonane, og materialet gir partane grunnlag for å vurdera den økonomiske stillinga til jordbruket under jordbruksforhandlingane.
Henta frå: https://nibio.no/nyheter/grunnlagstala-for-jordbruksoppgjeret-2025
KONTAKTPERSON
Hanne Margrete Johnsen
Seniorrådgiver
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 930 85 074 hanne.johnsen@nibio.no Kontorsted: Bergen
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.