Håvard Rønningen Graarud

Rådgiver

(+47) 412 84 067
havard.graarud@nibio.no

Sted
Bergen

Besøksadresse
Thormøhlensgate 55, 5006 Bergen

Sammendrag

Rapporten tar for seg totalkapitalavkastning for kornbruk fra driftsgranskingene i perioden 1992 til 2022. Det har blitt gjort beregninger for kornbruk på Østlandets flatbygder og for kornbruk i hele landet. Resultatene viser at det var negativ totalkapitalavkastning i perioden, både for kornbruk på Østlandets flatbygder og for kornbruk i hele landet. Resultatene varierte fra år til år.

Sammendrag

Rapporten viser ei oversikt over utviklinga i jordbruket dei siste 10 åra i Rogaland og Agder. Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei årleg rekneskapsundersøking blant tilfeldig utvalde gardsbruk frå heile landet. I 2022 var det med totalt 908 bruk, der 149 var frå Agder og Rogaland; 95 frå Rogaland og 54 frå Agder. I driftsgranskingane er jordbruket i Rogaland og Agder delt inn i to regionar; «Jæren» og «Agder og Rogaland andre bygder». Jordbruksinntekta gjekk opp for alle driftsformer med unnatak av ammekyr i Andre bygder. Driftsforma mjølk/svin på Jæren hadde den høgaste jordbruksinntekta. Lågast jordbruksinntekt hadde sauebruk i Andre bygder. Nettoinvesteringane gjekk opp på Jæren medan dei gjekk ned i Andre bygder samanlikna med året før. Samla gjeld auka både på Jæren og i Andre bygder.

Sammendrag

Dyrking av konsumeple har lang tradisjon i Hardanger. Etterspørsel etter industrieple (presseple) har auka mykje dei siste åra grunna stor lokal satsing på saft og sider. Merkevara Hardangersider krev at epla er dyrka i Hardanger, og produksjonen av presseple er for låg i år med svak avling. I prosjektet er det laga ei oversikt over areal og volum av eple og prognosar for produksjon fram i tid og samanlikna med prognosert behov. Prognosane for sal av eple til ulike marknader er 4 600 tonn eple til konsum og 4 000 tonn til industri i 2030. Det er ein vesentleg auke frå det som er produsert dei siste åra i regionen. Økonomien i fruktdyrking har vore god dei siste åra samanlikna med mange andre produksjonar i landbruket. Kalkylar laga i prosjektet viser at det er mest lønsamt å dyrke eple til konsum. Økonomien i siderproduksjonen varierer mellom produsentane. Kalkylar viser at det er mest lønsamt å selje sider direkte til forbrukar frå gard, men det er avgrensa volum ein får omsett, og meir arbeidskrevjande med gardssal. Prosess og dialog har vore ein viktig del av prosjektet. Det har vore arrangert 3 møte i samband med prosjektet. Representantar frå dei ulike eplenæringane deltok på møta, og motsetnadene mellom dei ulike eplenæringane kom tydeleg fram. Det var nyttig dialog mellom aktørane, og det var semje om at ein ny avtale mellom sidernæringa og fruktlagera var ønskeleg.

Sammendrag

Landbruks- og matdepartementet har bedt NIBIO belyse hvordan kostnader varierer mellom bruk med ulikt driftsomfang og mellom bruk med samme driftsomfang. Driftsgranskinger i jord- og skogbruk er et representativt utvalg på omtrent 920 bruk og er datagrunnlag for analysen i utredningen. NIBIO legger fram resultatene i form av figurer og tabeller, samt en kortere drøfting av disse. Metoden som er brukt, er punkt-diagrammer som viser kostnader per dekar/dyr og tabeller med gjennomsnittstall. Fullstendig sammendrag i rapporten.

Sammendrag

Rapporten viser ei oversikt over utviklinga i jordbruket dei siste 10 åra i Rogaland og Agder. Driftsgranskingane i jord- og skogbruk er ei årleg rekneskapsundersøking blant tilfeldig utvalde gardsbruk frå heile landet. I 2021 var det med totalt 916 bruk, der 154 var frå Agder og Rogaland; 98 frå Rogaland og 56 frå Agder. I driftsgranskingane er jordbruket i Rogaland og Agder delt inn i to regionar; «Jæren» og «Agder og Rogaland andre bygder». Jordbruksinntekta gjekk opp for alle driftsformer med unnatak av ammekyr i Andre bygder. Driftsforma mjølk/svin på Jæren hadde den høgaste jordbruksinntekta. Lågast jordbruksinntekt hadde sauebruk i Andre bygder. Nettoinvesteringane gjekk opp på Jæren medan dei gjekk ned i Andre bygder samanlikna med året før. Samla gjeld auka både på Jæren og i Andre bygder.