Hopp til hovedinnholdet

Czar

Plom Sort Czar Aug 2005 A

Foto: Finn Måge

Sorten er laga av firmaet Th. Rivers i England, og mortreet bar frukt første gong i 1871. Truleg er det ein kryssing mellom sortane Prince Engelbert og Early Prolific. Namnet er til ære for tsar Aleksander II som var på vitjing i England i 1874, og sorten blei spreidd under dette namnet. Namnet på Czar har vore skrive på fleire måtar, mellom anna: The Czar, Zar, Tsar, men det finst ingen eigentleg synonym. Sorten kom til den kjende danske planteskolen Mathiesen ved hundreårskifte, og derfrå kom den til NLH i 1913.

 

Toler harde vintrar

Treet veks opprett og har tronge greinvinklar, det er ei vanskeleg treform. Trea blir ikkje store, og etter kvart blir krona sprikande og utbreidd og forma er nokså uregelmessig. Fruktveden kan stoppe i veksten etter å ha bore avling nokre år, greinene blir nakne fordi bukettgreiner døyr ut, og greinene blir ikkje gamle. Det viktig å prøve å få fram nye greiner.

 

På trass av sine feil, var treet rekna for å vera lett å stelle. Og sorten kjem tidleg i bering, og ber rikt. Trea toler kalde vintrar, og har derfor vore planta i Oppland og Hedmark. Men både treet, bladverket og sjølve fruktene er sterkt utsette for soppsjukdomar. Fruktene heng i klasar, og dei blir sterkt angripne av monilia, slik at i våte somrar spreier roten seg i klasane, og avlinga blir øydelagd.

 

Stor avling

Czar blomstrar tidleg, pollenet er godt, og sorten er sjølvfertil. Den gjev svært stor avling. Frukta er rekna som middels stor, middelvekta er kring 25 gram. Forma er rund til oval og saumen er middels djup og vid, men ikkje alltid heilt tydeleg. Stilkhola er djup og vid, og griffelpunktet kan vera litt nedsenka. Fargen er mørkt blåfiolett på solsida, og nesten fiolett på skyggesida. Fargen og overflata er prega av eit lag med dogg.

 

Fruktkjøtet er gult, fint, saftig og mjukt, og det losnar godt frå steinen. Steinen er liten og oval i forma. Smaken kan vere god, men varierar mykje frå år til år, og kvaliteten er svak i år altfor stor avling. Systematisk tynning av karten er heilt nødvendig for at kvaliteten skal vera god nok. Utan tynning blir fruktene små og grå, dei blir ujamne i forma og smaken blir ikkje god nok. Den må heller ikkje haustast for tidleg; tidleg hausting var vanleg fordi haldbarheita går sterkt ned hos godt mogna frukter. Ei velutvikla Czar-plommer er av bra kvalitet.

 

God til ulik bruk

Frukta har vore brukt på mange måtar, det er ei god bordfrukt, god til sylting og til hermetisering. Mogningstida er sist i august, om lag ei vekes tid etter Early Prolific og ei vekes tid før Oullins. Czar har vore mykje planta i Noreg, den var ei tid vår viktigaste tidlegsort, og omkring 1950 var nær ti prosent av plommetrea i landet av denne sorten. I enkelte bygder, særleg i Buskerud, var Czar den viktigaste sorten. Ei årsak til at den var mykje planta, at den mogna på ei tid då det var lite andre gode sortar, og at den gav stor avling.

 

Dei siste femti åra har Czar vor lite plante i yrkesdyrkinga. Men på stader av landet med kalde vintrar og lite nedbør om sommaren, har den vore planta i privathagar. Czar høyrer nå historia til.