Hopp til hovedinnholdet

To kjempeartar - den kvite manns fotspor

Groblad_Johannes-Schrøder-Havstad

Groblad er ein beiteindikator, og pollen av groblad i myr er ein indikasjon på at her beita husdyr for lenge sidan. Foto: Johannes Schrøder Havstad.

I gamle torvlag kan vi finna pollen av groblad og smalkjempe. Det tyder på at landet vårt har fått fastbuande bønder.

I det vegetasjonshistoriske arkivet som er lagra i myrene og våtmarkene våre, dukkar pollen av groblad (Plantago major L.) og smalkjempe (Plantago lanceolata L.) opp i torvlag og gytje som blei avsett for rundt seks tusen år sidan. Det er eit indisium på at noe historisk fundamentalt nytt er i emning: Nomaden blir fastbuande bonde.

Kosmopolittar

På gardstunet blei det heretter jamn trafikk, og husdyr tråkka rundt og beita i landskapet. Under slike forhold endrar floraen seg, og visse planter som tåler tråkk etablerer seg. Botanikarar og arkeologar kallar slike artar for beiteindikatorer. Smalkjempe og groblad er vel våre to viktigste og mest typiske eksempel på slike.

Dessutan har dei to artane frø som slimer og fester seg ved tøy og pels, slik at folk og fe drar dei med seg over alt der dei ferdes. Både groblad og smalkjempe er i dag kosmopolittar, utbreidd i alle verdsdelar. Som nissar på lasset har dei følgt den europeiske jordbrukskulturen over heile verda. Til Amerika kom dei såleis med koloniseringa, og indianarane kalte dei 'den kvite manns fotspor'. Dei to artane viser i det heile ein kolossal tilpassingsevne.

Ugras og legeplanter

Begge artane hører til kjempefamilien - Plantago. Det er interessant at dette namnet er avleia av 'planta'; det latinske namnet for fotsåle. Då Linné sette namnet i 1753, hadde han vel helst forma på groblad i tankane; bladet kan minne om ein fotsåle. Smalkjempe heiter P. lanceolata, etter dei lansettforma blada.

Den bueforma nervaturen i blada er for øvrig botanisk interessant. Dette er vanlig hos einfrøblada plantar, men sjeldan hos tofrøblada. Også fleire andre botaniske forhold særpregar kjempefamilien. Her skal vi bare nemne litt om dei kulturhistoriske 'fotavtrykka' som groblad og smalkjempe har sett gjennom mange tusen år.

Ovanfor blei dei kalla for ugras. Det er ikkje 'rettferdig'. Dei har gjennom årtusen vore brukt som legeplanter, kjent og omtykt både i klassisk oldtid og i norrøn sagatid, og i nyare tiders folkemedisin.

Helbredande verknader

Det er først og fremst dei breie blada til groblad som har vore nytta, som omslag på sår og ytre skader, og på byller, for å 'trekke ut' og desinfisere. Tradisjonen fortel om fleire andre bruksmåtar, til dels om effektar som nærmar seg trolldomsmedisin. Litt artig er påstanden om at groblad også skal kurere såre føtter. Kanskje ut frå formen på blad og fot - 'likt kurerer likt', heiter det. Eller er denne bruken ei kortslutning ut frå det latinske namnet?

Også smalkjempe har ei liknande historie som legeplante. I folkemedisinen blir blada brukt ved hudinfeksjonar, og ved lindring av insektstikk og forbrenningar. Innvortes har den blant anna blitt brukt til å kurere betennelsar i munn og luftvegar. At planter i kjempefamilien også har ein plass som vegetarmat og kosttilskott, får bare vere nemnt her.

Barneleik

La oss avslutte med at barneleik med smalkjempe er opphav til slektsnamnet 'kjempe': På knoppstadiet er smalkjempe nokså skjør i stilken oppe ved blomsterstanden, og seigare lenger nede. Barneleiken 'kjempe' går ut på at to personar prøver å slå hovudet av kvarandres stilkar. Den som ikkje har fleire hovud tilbake, har tapt kampen.

Groblad-2_Åsmund-Asdal.jpg
Groblad har vore nytta på sår, både for å desinfisere og for å få sår til å gro. Foto: Åsmund Asdal

 

Om artikkelen

I Kulturminneåret 2009 inviterte Norsk genressurssenter et utvalg av sine samarbeidspartnere til å velge en spesiell kulturminneplante og skrive en tekst om denne til spalten "Ukas kulturminneplante". Tekstene ble hentet frem og publisert på nytt på nibio.no i 2020

Forfatteren

Johannes Schrøder Havstad er tidlegare fylkesagronom i Aust-Agder og forskar ved forskningsstasjonen i Landvik, nå NIBIO Landvik i Grimstad. Som pensjonist tok han utdanning innan historie, og innan dette faget har han skrive artiklar og publikasjonar. I 2007 gav han ut boka  "Liv og lagnad i Landvik. Førhistorisk tid" på 670 sider som er blant dei grundigaste lokalhistoriske verka frå førhistorisk tid her i landet.

Smalkjempe_Åsmund-Asdal.jpg
Blad av smalkjempe har vore nytta ved hudinfeksjonar, og ved lindring av insektstikk og forbrenningar. Foto: Åsmund Asdal