Mjølbiller (Tenebrio molitor) som husdyr
Både mjølbille og svart soldatfluge er rekna som effektive omdannarar av organisk materiale, og som lette å ha i produksjon. For å vekse fort, reproduserer og omdanna organisk avfall raskt krev dei derimot rett temperatur, fuktigheit og daglengde.
Livssyklus
Mjølbiller lever mesteparten av livet som larver. Det tek frå 3-6 månader frå egg til pupper, alt avhengig av kor godt dei har det. Overlevelsen til dei vaksne billene er avhengig av alder og av kor tett dei lever. Dei kan leve opp til 100 dagar, men egglegginga er størst rundt 5 dagar etter at dei er vorte vaksne og er nesten halvert etter 25 dagar.
Optimale omgjevnader
For å ha ein laboratoriekultur som eignar seg for kontrollerte forsøk over tid, må insekta ha optimale tilhøve. Mjølbillelarvene trivs best på tørr mat, og i klima med relativt høg fuktigheit og varme. Både larver og vaksne biller trivs best i mørke. Hjå NIBIO vert kulturen av mjølbiller halde i klimaskap under kontrollerte tilhøve: 250C, 70 % RH og i mørke 23 t i døgnet.
For å unngå sjukdom og midd er det svært viktig med reinhald; utstyr, hender og produksjonslokale/klimaskap må vere utan smitte.
Larvemat
Kulturen av mjølbiller hjå NIBIO vert fôra på kruskakli. I tillegg får dei gulrot som fungerar som ei vasskjelde. Larvene kan også ta opp fuktigheit gjennom huda.
Organiske restar med ulike innhaldsstoff, forbehandling og fuktigheit er testa som mat for mjølbillelarver, og mange har potensiale som larvemat og såleis for omdanning frå avfall til ressurs via larver. Når potensielle organiske matkjelder skal prøvast ut er det viktig å ha ein kontroll å samanlikne med. Kruskakli fungerar som ein slik kontroll.
Avfall frå larvene ein ressurs
Som svart soldatfluge produserar larver av mjølbiller eit avfall som består av restar av mat, avføring og insekthud (frass). Dette avfallet kan også verte ein ressurs. Frass inneheld plantenæring, microorganismar og kitin som kan styrke jord og planter. Ein laboratoriekultur gjer det mogeleg å variere ulike innsatsfaktorar, som larvemat og insektart, og vurdere effekten av kvar enkelt på planter og jord.
Oppsummert: Larver som har vakse opp under optimale tilhøve, både med tanke på biotiske og abiotiske tilhøve, er godt eigna for forsøk. Ein laboratoriekultur av insektlarver er heilt avgjerande for å utføre god forsking på dette feltet.