Dei fleste insektartar vekst fort, har høgt reproduksjonspotensiale og er effektive omdannarar av organisk materiale. Fordi insektlarver inneheld mykje protein og oljer og har evne til å leve på ulike organiske restar, er dei godt egna til både å redusere eit avfallsproblem og sikre matproduksjon i framtida.
Norges miljø- og biovitenskapelige universitet - NMBU
NORCE
Norsk institutt for bærekraftsforskning AS - NORSUS
Produksjon av insekt med tanke på fôr og mat er nytt i Noreg, men dei siste åra har fleire insektprodusentar etablert seg.
Bioøkonomisk potensiale
NIBIO etablerte i 2017 og 2018 to insektkulturar som er aktuelle for storskala insektproduksjon. Mjølbille (Tenebrio molitor) og svart soldatfluge (Hermetia illusence) (BSF) lever no i klimatisk tilpassa lokale på NIBIO Ullensvang. Begge er rekna som effektive omdannarar av organiske restar. Kompetanse, infrastruktur og etablerte insektkulturar gjer at NIBIO kan bidra med FoU innan fagområdet insekt som omdannar av organisk substrat.
NIBIO har undersøkt organisk matavfall frå ulike kjelder, enten åleine eller i blanding med andre. Kan insekt leve og vekse på det aktuelle substratet? Er substratet eigna som fôr for insekt som skal verte mat til folk og fe?
Insektproduksjon som leveveg? Mange faktorar må vere på plass for å etablere ein lønnsam insektproduksjon. Rett organisk avfall må vere lett tilgjengeleg, volumet må vere stort nok, regelverk må fylgjast, logistikk og infrastruktur på plass, og produktet må vere etterspurd. NIBIO arbeider med dei samfunnsøkonomiske sidene ved insektproduksjon som industri.
Svart soldatfluge leitar etter make og ein fin plass å leggje egg. Foto: Gunnhild Jaastad
Larver produserar også avfallsstoff (avføring, hud, matrestar) som kan verte ein ressurs. Gjennom prosjektet MultiFuelLarve undersøkjer NIBIO om avfallet kan gje betre jordkvalitet, plantekvalitet og om plantene er betre i stand til å forsvare seg mot skadegjerarar. Kan avfallet verte eit multifunksjonelt produkt, og vil marknaden ha det?
Mjølbillelarver veks godt på kruskakli. Foto: Gunnhild Jaastad