Grovfôrmodellen gir støtte for val av haustetid

I dei grovfôrbaserte husdyrproduksjonane er det viktig å hauste graset når det har den ønska kvaliteten. Grovfôrmodellen kan vere eit nyttig hjelpemiddel for å følgje med på kvalitetsutviklinga og planlegge haustedatoar og hausteregime.

Grovformodellen
Foto: Åshild T. Randby/Norges miljø-og biovitenskapelige universitet Foto:

Målet med grovfôrmodellen er at bønder skal få betre grunnlag for val av haustetid i to- og treslåttsystem i eng som blir brukt til fôrproduksjon.

Med basis i klimadata frå meir enn 80 vêrstasjonar rundt omkring i landet og varsla vêr frå Yr, reknar modellen ut prognosar for avling, kvalitet og fortørkingsfart etter slått. Det er også muleg å kalibrere modellen ut frå lokale kontrollmålingar i dei engene som ein ønsker prognosar for.

Modellen gir også grunnlag for planlegging på litt lenger sikt innanfor vekstsesongen fordi ein får samanlikna avling og kvalitet på ein spesifikk dato i innverande år med tilsvarande på same dato i eit gjennomsnittsår og i tilbakelagde enkeltår.

Han kan også vere til hjelp for strategisk og langsiktig planlegging av haustesystem på garden sidan han kan køyrast mot historiske vêrdata og normaldata med ulike og alternative val for haustetid i ulike slåttar. Gardbrukar kan dermed sjå korleis årsavlinga best skal forvaltast ut frå behov for mengder av ulike grovfôrkvalitetar.

Tjenester

Grovfôrmodellen

Modellen skal undervegs i vekstsesongen gi støtte for val av høstetid i to- og treslåttsystem i eng som blir brukt til fôrproduksjon. Den er utvikla på grunnlag av data frå timoteidominert eng, men kan òg brukast på bestand dominert av fleirårig raigras.

Mer informasjon Til tjenesten