Beitebruk

NIBIO driftar i samarbeid med Statsforvaltaren og Landbruksdirektoratet Beitelagskart på nett (BLN, tidlegare IBU). Kvart år publiserer vi kart over beitelag og statistikk over husdyr som er sleppt og tapt i utmark per beitesesong.

Sanketrø og veiehus2_Beinhellerhaugane_Vaksdal_16082019_MIA
Sanketrø og veiehus hos Beinhelleren sankelag i Vaksdal, Vestland fylke. Foto: Michael Angeloff

Beitelagskart på nett:

NIBIO har sidan opprettinga i 2002 hatt ansvaret for å drifte BLN (Beitelagskart på nett, tidlegare Informasjonssystem for Beitebruk i Utmark, IBU). Dette er ei nettside som viser kartfesting av beitelag organisert gjennom stønadsordninga Organisert beitebruk. Det er berre dei laga som søkte tilskot siste beitesesong som blir vist på kartet. Les om ordninga i faktaarket under, og finn beitelagskarta i Kilden ved å følgje lenka til venstre. 

 

Faktaark om Beitelagskart på nett (BLN).pdf

0.478 MB pdf

Beitestatistikk for sau i utmark:

Dette er ei nettside som viser utvikling i sauehald og tap på utmarksbeite, over tid og på ulike geografiske nivå frå kommune og til det nasjonale. Dette er statistikk over sau som er sleppt og tapt per beitesesong frå Organisert beitebruk frå 1981 og fram til i dag. Nettsida blir oppdatert med nye data kvar vår. 

Talgrunnlaget for beitestatistikken på nettsida kan lastast ned som tabellar frå linken Beitestatistikk - talgrunnlag til venstre. 

Les om Organisert beitebruk i faktaarket under.

 

Faktaark om Organisert beitebruk (OBB).pdf

0.2 MB pdf