Statistikk for vekstsesongen i perioden 1981 – 2015

18274970_855218061300069_7169029289844233051_n

Noreg er eit land med store variasjonar i klima, både når det gjeld temperatur og nedbør. 

På bakgrunn av nye vekstsesongkart er det mogleg å utarbeide nasjonal statstikk for vekstsesongens lengde, varmesum, nedbørsmengd og akkumulert differanse mellom nedbør og potensiell fordamping (vassbalanse). Statistikken gjeld for perioden 1981 til 2015 og for dekningsområdet som temakarta viser. Dette omfattar all dyrka- og dyrkbar jord i Noreg. Grafane nedanfor viser trendlinjer for normalverdiar (medianverdiar) for kvar einskild klasse for dei fire temakarta som er nemnd ovanfor.

Vekstsesongens lengde

Lengda av den årlege vekstsesongen viser talet på døgn frå startdato til sluttdato. Startdatoen er sett til første datoen  med barmark etter 1. april og 7-døgns middeltemperatur som er større eller lik 5,0 grader C. Sluttdatoen er første datoen med 7-døgns middeltemperatur under 5,0 grader C om hausten.

Kart over normal- (median) verdi for 35-års perioden er framstilt med desse klassegrensene:

 

Klasse

Normal- (median-) verdiar for vekstsesongens lengde (i døgn) 1981-2015

Arealfordeling i prosent

1

>=210

6,0

2

>=175 og <210

29,2

3

>=140 og <175

30,4

4

>=105 og <140

28,2

5

<105

6,2

Tabell 1: Klasser for normalverdiar av vekstsesongens lengde. Arealfordeling i prosent i området med dyrka og dyrkbar jord i Noreg.

 

Arealfordelinga av klassene (i prosent) er vist i høgre kolonne.

I grafen under (Figur 1) er årlege medianverdiar per klasse framstilt med stipla linjer og 7-års flytande gjennomsnittsverdi av desse som heiltrekte trendlinjer (verdien for 1987 er gjennomsnittet for 1981 til 1987, verdien for 1988 er gjennomsnittet for 1982 til 1988 osv.).

Årleg midtverdi per klasse viser store svingingar frå år til år, men trendlinjene viser at  vekstsesongen generelt har blitt lengre i perioden. Auken er størst i område med kortast vekstsesong (+ 25 døgn) og minst i område med lengst vekstsesong (kyststripa frå Frøya til Risør) der midtverdien for klassa er på same nivå i starten og slutten av perioden. I snitt har vekstsesongen auka med om lag 2 veker i område med dyrka og dyrkbar jord i Noreg i løpet av 35-års perioden.

Figur 1: 7-års trend for vekstsesongens lengde i perioden 1981-2015, basert på midtverdien per klasse og midtverdien totalt i området med dyrka og dyrkbar mark i Norge.

Vekstsesongens varmesum

Vekstsesongens varmesum er akkumulert sum av døgnmiddeltemperaturar frå startdøgn til sluttdøgn i døgngrader. Temperaturutviklinga gjennom vekstsesongen er avgjerande for dyrkingspotensialet på staden. Varmesummen er eit mål for dette. Her er varmesum over 0 grader C summert, men for ein del vekstar vil andre basistemperaturar vere meir relevante. Kart over normal- (median) verdiar for 35-års perioden er basert på denne klasseinndelinga:

Klasse

Normalverdi av varmesum i døgngrader for perioden 1981-2015

1

>=2500

2

>=2000 og <2500

3

>=1500 og <2000

4

>=1000 og <1500

5

<1000

Tabell 2: Klasser for normalverdi (median) av vekstsesongens varmesum i døgngrader.

Varmesum representert ved midtverdien per klasse viser store årlege variasjonar (prikka linjer). 7- års trendlinje for flytande gjennomsnitt av desse verdiane viser ei nesten lik utvikling for alle 5 klassene gjennom 35-års perioden: Auke i  varmesum på 200 - 250 døgngrader i perioden 1995-2005, deretter uendra eller svak nedgang i perioden 2005 – 2015 (Figur 2).

 

Graf_varmesum.PNG
Figur 2: Utvikling av vekstsesongens varmesum i perioden 1981-2015, basert på midtverdi per klasse og totalt for område med dyrka og dyrkbart areal i Noreg.

Vekstsesongens nedbørsmengd

Vekstsesongens nedbørsmengde viser akkumulert døgnnedbør frå startdøgn til sluttdøgn i millimeter. Kart over nedbørsmengd blir vist for alle 35 åra og som normal- (median) verdi for perioden 1981-2015. Kart over normal- (median) verdiar for vekstsesongen er basert på denne klasseinndelinga:[HU1] 

Klasse

Normalnedbør (i millimeter)  for perioden 1981-2015

1

>=1500

2

>=1000 og <1500

3

>= 500 og <1000

4

<500

Tabell 3: Klasser for vekstsesongens normal- (median) nedbør (i millimeter)

Vekstsesongens midlere årsnedbør per klasse viser store variasjonar frå år til år (prikka linjer), særleg i område med dei største nedbørsmengdene. 7-års gjennomsnittleg trendlinje for normalverdiane viser om lag 100 mm større snittverdi mot slutten av perioden enn starten. Desse trendlinjene viser også ein markert reduksjon i nedbørsmengd på 1990-talet i dei mest nedbørsrike områda (i vest).

 

Graf_nedbør.PNG
Figur 3: 7-års trend for gjennomsnittleg midtverdi av nedbørs mengde (i millimeter) per klasse og totalt i perioden 1981-2015 i område med dyrka og dyrkbart areal i Noreg.

Vekstsesongens vassbalanse

Vekstsesongens vassbalanse viser akkumulert differanse mellom nedbør og potensiell fordamping frå startdøgn til sluttdøgn, målt i millimeter. Kart over vassbalansen er vist for alle 35 åra og som normal- (median) verdi for perioden 1981-2015. (Negativ verdi betyr at akkumulert potensiell fordamping er større enn akkumulert nedbør.) Kart over normal- (median) verdiar for 35-års perioden er basert på denne klasseinndelinga:

Klasse

Normalverdi for vekstsesongens akkumulerte differanse mellom nedbør og potensiell fordamping for perioden 1981-2015

1

>=1200

2

>=800 og <1200

3

>= 400 og <800

4

>= 0 og <400

5

<0

Tabell 4: Klasser for vekstsesongens normalverdiar av akkumulert differanse mellom nedbør og potensiell fordamping. (Negativ verdi ved nedbørsunderskot).

Figur 4 viser kor stor del av området med dyrka og dyrkbart areal (i prosent) som har nedbørsunderskot per år (prikka linje) og heiltrekt trendlinje for glidande 7-års gjennomsnitt av desse verdiane gjennom perioden. Årleg varierer arealandelen mellom 5 og 25 prosent.  7-års trendlinje indikerer ein gjennomsnittleg reduksjon i perioden, frå 15-20% i tidleg fase til ned mot 10% mot slutten av perioden.

 

Graf_areal_neg_vannballanse.PNG
Figur 4: Arealandel (i prosent) med nedbørsunderskot i vekstsesongen. Årleg verdi (prikka linje) og 7-års flytande gjennomsnitt (heiltrekt linje) for området med dyrka og dyrkbart areal i Norge.

Oppsummert

I område med dyrka og dyrkbart areal i Noreg har vekstsesongens legde auka med om lag 2 veker i snitt i perioden, størst auke i område med kortast vekstsesong. Varmesummen viser ein snittauke på 200 - 250 døgngrader i perioden 1995-2005, deretter uendra eller svak nedgang i perioden 2005 – 2015. Nedbørs mengde viser om lag 100 mm større snittverdi mot slutten av perioden enn starten. I dei mest nedbørsrike områda (i vest) viser snittverdien ein markert nedgang på 1990-talet. Andelen areal med nedbørsunderskot blir redusert frå 15-20% til om lag 10% i løpet av 35-års perioden.

KONTAKTPERSON

Karta er bare utvikla for eit utvald område, eit omriss, som inkluderer alt dyrka og dyrkbart areal, men og nokre nærliggande område utan jordbruksareal eller dyrkbar jord.