Hopp til hovedinnholdet

Nye Kilden viser 3D og tar imot GPS-data

32-57-Kilden3D-2

I siste versjon av Kilden kan vi sjå karta i tre dimensjonar og får dermed visualisert landskapet betre. Vi kan og laste opp GPS-data og sjå dei saman med andre kart.

– Noko av målet med ny-utviklinga er ønsket om å gjere det enklare å forstå karta. Vi veit at om lag halvparten av ‘folk flest’ har problem med  å forstå kart, seier prosjektleiar Tove Vaaje-Kolstad.

– Flybilder betrer formidlinga, mens det å ‘vippe terrenget,’ og til dømes vise dalar, fjell og høgdedrag slik vi gjer i 3D, aukar forståinga enda meir.

Den andre delen av nyskapinga er import av GPS-spor. Anten det er bonden som treng å dokumentere ny-dyrka mark, eller jaktlaget som vil teikne inn jakttårn i området sitt, så er det no mogleg å flytte ei GPS-fil inn i Kilden.

– Alt som trengs er ein smart mobiltelefon, seier den entusiastiske prosjektleiaren.

– Vi ser at tenesta kan brukast til ulike føremål. Oppdatering av karta for kontroll av arealbaserte tilskot kan til dømes skje fortare om bonden sjølv bidrar med nye data.

Lag din eigen arealrapport

I Nye Kilden er det og mogleg å sjølv teikne inn eit område i kartet for å få informasjon om arealressursar innanfor området: Til dømes få svar på kor mykje som er skog eller dyrka jord, kvaliteten på jordbruksjorda, kor mykje som kan dyrkast opp og bli til fulldyrka jord, eller om myra er grunn eller djup. Landbrukseigedomar der jordbruksarealet kan vere ute av drift er og blant dei menystyrte vala.

Arealrapporten gjer det enklare for regional og kommunal landbruksforvaltning å følgje opp sitt ansvar for nasjonale føringar om vern av jordressursane, eller som Landbruks- og matdepartementet seier det: ‘areal av nasjonal eller vesentlig verdi.’ Jordvern og kulturlandskap er ein del av ansvaret.

 

Føremål

Betre formidling og forvaltning av informasjon om arealressursar

Finansiering: Landbruks- og matdepartementet