Velduftande plantevern i skogplanteskular

Foto: Silje Kvist Simonsen
Skogplanteskular er avhengige av kjemiske plantevernmiddel for å halde sjukdommar under kontroll. No undersøker forskarar ved NIBIO om ein heller kan bruke «snille» bakteriar og plantene sitt eige immunforsvar.
Kvart år blir det planta ut 40 millionar grantre i Noreg. I skogplanteskulane veks småplantene tett før dei vert planta ut, og sjukdommar kan lett spreie seg frå ein plante til ein annan. Soppsjukdommen gråskimmel er spesielt problematisk. Kjemiske plantevernmiddel blir brukt for å nedkjempe sjukdommen, men dette medfører ein risiko for menneske og miljø. I tillegg utviklar gråskimmel lett resistens mot sprøytemiddel. Forskarar ved NIBIO undersøker korleis ein kan redusere sprøytemiddelbruken, ved å stimulere plantene til sjølv å forsvare seg mot sjukdomsangrep.
– Når eit grantre er under angrep skil det ut metyljasmonat. Stoffet luktar som jasminblomar, og fungerer som ei åtvaring til andre tre om at det er fare på ferde, forklarer NIBIO-forskar Melissa Magerøy.
– Eit tre som detekterer metyljasmonat får beskjed om å førebu sitt eige forsvar. Når treet faktisk blir angripe, kan det reagere raskt og aktivere heile forsvaret sitt. Dermed blir treet meir motstandsdyktig mot sjukdommar og skadedyr, utdjupar Magerøy.
Magerøy leiar eit prosjekt kor dei skal behandle både frø og småplanter av gran med metyljasmonat og «snille» bakteriar for å gjere dei meir motstandsdyktige. Dei «snille» bakteriane er bakteriar som naturleg lever i jorda rundt grana. Dei kan anten hemme sjukdomsorganismar direkte, eller skilje ut stoff som stimulerer grana sitt eige forsvar.
I prosjektet samarbeider forskarane tett med næringa for å løyse konkrete og relevante problem. Dei har tru på at kombinasjonen av metyljasmonat og «snille» bakteriar vil fungere godt mot gråskimmel.
KONTAKTPERSON

Melissa Magerøy
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 902 03 375 melissa.mageroy@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H8
Formål
Prosjektet har som mål å undersøke om bruken av metyljasmonat og «snille» bakteriar i skogplanteskular kan redusere bruken av kjemiske plantevernmiddel.
Samarbeid: AgriBiotix AS og Skogplanter Innlandet
Finansiering: Landbruksdirektoratet
KONTAKTPERSON

Melissa Magerøy
Forsker
-
Divisjon for bioteknologi og plantehelse
(+47) 902 03 375 melissa.mageroy@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H8