Hopp til hovedinnholdet

Nye utfordringar når tørråta endrar seg

31-31-erfl-20190827-132756

Foto: Erling Fløistad

EU_41, ein ny, meir aggressiv genetisk variant av potettørråte, har no etablert seg i Noreg. Det gjer det enda viktigare å vera i forkant av tørråte-varsla for å lukkast med behandling av åkeren.

Forskar i NIBIO, Håvard Eikemo, har nett avslutta arbeidet med eit europeisk prosjekt for kartlegging av genetisk variasjon i potettørråte frå Noreg og fire andre europeiske land.

Dei undersøkte om innsamla tørråte høyrer til ein spesiell genotype, kor alvorlege symptom den gir, tørråta si evne til å bryta resistensgen i potetsortane og eventuell resistens mot kjemiske tørråtemiddel.              

Tidlegare har det aldri blitt funne bevis for etablering av genotypar med t.d. auka aggressivitet eller redusert sensitivitet for kjemiske middel i Noreg. Slike klonar finns det fleire av rundt om på kontinentet.

Spreiing av nye tørråtetypar til eit område kan føra til at ein tidlegare resistent potetsort vert mottakeleg, eller at eit plantevernmiddel ikkje lenger kan brukast. Dei siste åra har data avslørt spreiing av nye genotypar i fleire delar av Europa. No har også EU_41 nådd Noreg.

Testing viser at det er store skilnader mellom EU_41 og den vanlege tørråta i Noreg. Den har svært høg sporeproduksjon og kan angripa fleire potetsortar med resistensgen mot tørråte.

– Sjølv om klonen ikkje er resistent mot kjemiske middel kan eit angrep av denne genotypen verta meir alvorleg enn me er vande med, seier Eikemo. I Danmark vart det sterke angrep av denne genotypen trass intensiv bruk av kjemiske middel i 2017. 

 Fagkoordinator for potet i Norsk Landbruksrådgivning, Borghild Glorvigen, seier det er viktig å ha ulike plantevernmiddel å veksle mellom for å unngå utvikling av resistens. Om smittepresset aukar med endra klima og med nye tørråteklonar, vert dette endå viktigare.

– Med forbod mot plantevernmiddelet Reglone frå 2020 kan ein og rekna med auka nedkjemping av tørråte fram mot hausting, seier ho.

 

Formål

Informere om ein ny og meir aggressiv potettørråte som no har etablert seg i Noreg

Samarbeid: Ein del av EU-prosjektet EuroBlight, eit forskingssamarbeid mellom fleire europeiske forskingsinstitutt.

Fiansiering: EU