Hopp til hovedinnholdet

Insekt skal gjere avfall om til dyrefôr

5-31-ef-20170401-174918

Foto: Erling Fløistad

I framtida kan insekt bli ein viktig ingrediens i lakse- og dyrefôr

Forskarar ved NIBIO er i gong med eit nytt prosjektet med mål om å byggje opp norsk kompetanse på berekraftig insektsoppdrett med bruk av avfall som insektfôr (oppsirkulering). ENTOFÔR-prosjektet er eit samarbeid med NIFES, utanlandske forskingsmiljø og ulike næringslivsaktørar.

I Noreg har det vore stor interesse for å bruke insekt til oppsirkulering av avfall som  ingrediens i mellom anna fiskefôr. Det er naudsynt å finne nye berekraftige råvarer som kan kome i tillegg til dei avgrensa råvarene ein i dag brukar i fiskefôr, og samstundes dekkje næringsstoffbehova til fisken. Insekt som er oppforma på avfall kan vere ein del av løysinga fordi mange insekt er svært proteinrike og samansetjinga av aminosyrer liknar på dei vi finn i fiskemjøl.

Men for å lukkast med ei kommersiell insektnæring er det vesentleg å byggje opp god kompetanse. Insektforskarar skal no teste ut fleire ulike insektartar i oppdrett for å finne dei som er mest relevante å bruke i kommersiell produksjon. I tillegg skal det etablerast insektkulturar for å finne ut kva slags insektartar og forhold som gjev best produksjon når insekta vert fôra med ulikt avfall. 

– Vi ønskjer å byggje opp ein brei kompetanse på dette området i NIBIO, seier Ingeborg Klingen som leiar denne delen av prosjektet.-Dette er god bioøkonomi fordi ein nyttar avfall og gjer det om til ein ressurs.

Avfallsstraumar som skal testast er diverse biologisk avfall frå landbruks- og matproduksjon.

– Vi skal transformere lågverdibiomasse til høgverdibiomasse. Vi skal sjå på kva slags straumar av biomasse som kan eigne seg til insektfôr, og kva volum som finst. Vi må ha ein idé om kvar vi finn denne biomassen, i kor store mengder den finst og kor langt den må transporterast. Vidare må vi vite kva avfall det er lov å nytte i insektproduksjon som skal brukast i fôr, fortel Ivar Pettersen som leiar arbeidet med avfallstraumar og fôrtilgang. 

 

Formål

Informere om oppsirkulering av avfall til fôr ved hjelp av insekt

Samarbeid: Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES)

Finansiering: Noregs Forskingsråd