Hopp til hovedinnholdet

Verdiskaping i Rogaland er meir enn olje

Melkeku_Rennesøy_Foto Nono Dimby_cropped

Mjølkeku på Rennesøy. Foto: Nono Dimby.

Rogaland har flest tilsette i landet innan jordbruk og næringsmiddelindustri. Fylket har rundt ti prosent av norsk jordbruksareal og ti prosent av bøndene. Nesten 20 prosent av samla verdiskaping i norsk jordbruk skjer her.

Jordbrukets verdiskaping i Rogaland gir eit bruttoprodukt på vel 3 milliardar kroner rekna i 2017-kroner. Legg ein til verdien av tilleggsnæring, skogbruk og den landbruksbaserte industrien, er verdiskapinga på det doble, eller 6,3 milliardar kroner.

Dei nesten 4 200 aktive bøndene i fylket står bak verdiane. Mjølkeproduksjon er størst, med 45 prosent, etterfølgd av svinehald med 12 prosent og veksthusproduksjon på 11 prosent, før sauehald, og egg og fjørfe begge på 9 prosent.

Tala er henta frå den nye NIBIO-rapporten Verdiskaping i landbruk og landbruksbasert verksemd i Rogaland som vart lagt fram på Landbrukskonferansen 2019 i Stavanger - måndag denne veka.

Utgreiinga er gjennomført på oppdrag frå Bondelaget i Rogaland med finansiell støtte frå fylkesmann og fylkeskommune.

Marit Epletveit på garden_Foto Bondelaget Rogaland
Marit Epletveit på garden. Foto: Bondelaget Rogaland.

- Viktig verktøy

Leiar for Rogaland Bondelag, Marit Epletveit, ser stor nytte av denne typen oversikt over verdiane som jordbruket representerer:

- Det er fleire positive sider av ein slik rapport. For det første gir han oss eit nyttig verktøy å bruke i dialog med politikarar og forvaltning når jordbruk og verdiskaping er tema. Da har vi konkrete tal å vise til, og det er viktig, seier ho.

Epletveit nemner reguleringssaker som døme og det å leggje til rette for landbruket og ikkje byggje ned jordbruksareal.

- Vi har mykje av landets beste matjord. Er vi budde på å ta dette ansvaret? Spør ho medan ho reflekterer.  

Epletveit snakkar engasjert om situasjonen for matjorda i fylket, og for utviklinga. Frå 2010 til 2017 vart det søkt om tilskot for 8 000 færre dekar jord, og det var 10 prosent færre bønder som søkte. Dette bekymrar bondelagsleiaren:

- På eit tidspunkt vil vi bli for få bønder til å halde produksjonen oppe, særleg med tanke på å pleie kulturlandskapet på ein god måte. Både forvaltning og næringa har ansvar for unngå at vi hamnar der.

Så tilbake til den andre sida av verdiskapingsrapporten. Marit Epletveit held fram:

- Dei nye tala er og med på å byggje sjølvtillit for næringa. Her får vi dokumentert på kva måte og kor mykje bøndenes samla innsats kastar av seg. Det er viktig kunnskap for bondens motivasjon, rett og slett.  

Verdiskaping i Rogaland fordelt på produksjonar
Verdiskaping i form av bruttoprodukt fordelt på ulike produksjonar – i mill. kroner.
Bruttoprodukt = verdien av produserte varer og tenester minus vareinnsats, men medrekna tilskot.

Unikt utgangspunkt

Seniorrådgjevar og landbruksøkonom Heidi Knutsen i NIBIO har hatt prosjektansvaret for den ferske utgreiinga - som er ei oppdatert utgåve av tilsvarande rapportar frå 2010 og 2014.

- Landbruket er under press frå mange hald. Kunnskap om verdiane som landbruket skapar gjennom produksjon og foredling av landbruksvarer, er derfor viktig for mange aktørar, seier Knutsen.

Målet er at både landbruksnæringa, politikarar og offentlege aktørar kan finne nyttig informasjon i rapporten som inneheld berekningar av verdiskaping og sysselsetting i landbruk og landbruksbasert verksemd.

- Gjennom våre talgrunnlag i driftsgranskingane for jord- og skogbruk har vi i NIBIO eit heilt unikt utgangspunkt for å gjere slike samanstillingar som vi her har gjort.

- Driftsgranskingane gir oss ein databank der vi kan skilje på ulike delar av jordbruket og hente fram detaljar som til dømes SSB-materiale ikkje legg til rette for.

Knutsen fortel at det å kunne vise til lokal verdiskaping er svært viktig når spørsmål om bruk av jord til andre føremål enn matproduksjon kjem opp.

Verdiskaping i jordbruket i Rogaland fordelt på kommunar
Hå, Klepp, Time og Sandnes er dei fire kommunane med høgast verdiskaping frå jordbruket med høvesvis 532, 457, 242 og 211 mill. kroner kvar. Av den totale verdiskapinga frå jordbruket i Rogaland, kjem 60 % frå kommunane på Jæren, 18 % frå Ryfylke, 13 % frå Haugalandet og 9 % frå Dalane.

Noregs spiskammer - og tomatfylke

Rogaland er eit viktig fylke for matproduksjon i Noreg. Sjølv om talet jordbruksføretak har gått ned frå 2010, har Rogaland framleis om lag same jordbruksproduksjon som da.  

- Vi ser same tendensen her som elles i landet. Dei aktive bøndene blir det færre av, arealet per gardbrukar blir større og produksjonen held seg. Altså eit teikn på auka effektivitet, seier prosjektleiar Knutsen.

Jordbruksarealet i Rogaland utgjer framleis 10 prosent av jordbruksarealet i landet. Mjølkeproduksjonen var 18,6 prosent av samla produksjon i 2017, om lag det same som i 2010.

- Også for dei fleste andre husdyrproduksjonane er omfanget av produksjonen relativt lik som i 2010, men for fjørfekjøt har Rogaland auka sin del av samla produksjon, fortel Knutsen.

Produksjonen auka frå 17,5 prosent i 2010 til 28 prosent i 2017. Vel ein firedel (26,7 prosent) av landets eggproduksjon kom i 2017 frå Rogaland. Også svin og sau er store produksjonar.

- Innan veksthusproduksjonane tomat og agurk har Rogaland fått ein stadig større del av samla produksjon, seier Knutsen.

- I 2017 kom meir enn 90 prosent av dei norskproduserte tomatane frå fylket.

Fem fakta frå Rogalands landbruk

3 007 mill. kroner i verdiskaping, målt som bruttoprodukt

  • Er nest høgast i landet
  • Berre Trøndelag har høgare verdiskaping

4 176 jordbruksføretak var registrert

991 tusen dekar jordbruksareal vart det søkt om tilskot for

  • Utgjer 10 prosent av jordbruksarealet i Noreg

255 dekar var storleiken på gjennomsnittsbruket

43 prosent av jordbruksføretaka driv tilleggsnæring

  • Tredje nedst i landet.
  • Buskerud toppar lista med 73 prosent tilleggsnæring

Klasetomater i veksthus i Wiik_Klepp kommune_Foto Tonje Fjermestad Aase.jpg
Klasetomatar i veksthus på Wiik i Klepp. 92 prosent av norske tomatar er produserte i Rogaland. Foto: Tonje Fjermestad Aase.
Kuriøst fakta

Frå årsskiftet 2020 blir oljebyen Stavanger Noregs største sauekommune, melder NRK Rogaland. Det skjer når Stavanger, Rennesøy og Finnøy blir til ein kommune. Da vil Stavanger ha 21 000 vinterfora sauer, ifølgje saka på nrk.no.

DSC_0343.JPG
Seniorrådgjevar Heidi Knutsen. Foto: NIBIO.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

Abstract

Det er tidlegare gjennomført verdiskapingsberekningar for landbruket og landbruksbaserte næringar i Rogaland basert på tal frå 2010 og 2014. I denne rapporten vert oppdaterte berekningar med utgangspunkt i data for 2017 presenterte. Formålet med prosjektet er å gi oppdatert kjennskap til dei verdiane som vert skapte i primærproduksjon og ved foredling av landbruksvarer. I rapporten er bruttoprodukt nytta som mål på verdiskaping. Det var registrert 10 383 landbrukseigedomar i Rogaland i 2017, 4 176 jordbruksføretak, og det vart søkt om tilskot til 991 tusen dekar jordbruksareal, 10 prosent av jordbruksarealet i Noreg. Gjennomsnittsbruket i Rogaland i 2017 hadde 255 dekar jordbruksareal...….