Hopp til hovedinnholdet

Snømuggskadar og tørre forhold i april

20030430ef0040

Snømugg har i år ramma kornåkrar i indre deler av Vestfold, Telemark, Romerike, Buskerud,  Hedmark og Oppland i varierande grad. Foto: Erling Fløistad.

Mange kornåkrar på Austlandet har i varierande grad vore ramma av skadar frå snømuggsopp denne våren. April har også vore svært tørr i dei største korndyrkingsområda.

Etter den veldig spesielle tørkesumaren vi hadde i 2018, blei det sådd rekordstore areal med haustkorn i Noreg. Overvintringa ser ut til å ha vore svært variabel, og hovudproblemet er snømugg. Det seier Einar Strand, fagkoordinator i korn for Norsk Landbruksrådgjeving (NLR) og seniorrådgjevar i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

 

Mykje snømugg

Snømugg er, ved sidan av isbrann, den viktigaste årsaka til vinterskadar på korn og engvekstar her til lands. Størst skade oppstår ved frodig og tett plantebestand under langvarig snødekkje.

- Snømugg er ein sopp som angrip mellom anna korn og som trivst godt når det har vore snødekkje over lang tid og marka ikkje har vore frosen under snøen, seier Strand.

- Snømugg kan gje utgang av plantar, frå berre nokre få per kvadratmeter til store flekkar - eller til total utgang slik at åkeren må bli sådd på nytt, opplyser han.

 

Varierande skade

Ifølgje Strand er det i år ulik grad av skade frå soppen:

- Skaden varierer mykje frå jorde til jorde og frå område til område. I hovudsak er det indre deler av Vestfold, Telemark, Romerike, Buskerud, Hedmark og Oppland som er ramma, men det er stor forskjell på kor mykje haustkorn det er i desse områda. I tillegg er det rapportert om noko oppfrysing av plantar i deler av Indre Østfold og litt i Vestfold som også kan føre til at åkrar må bli sådd på nytt med vårkorn.

 

Tørr april

Ei anna utfordring for ein del kornbønder denne våren har vore tørre dyrkingsforhold.

- April har vore tørr. Haustkornet hadde satt pris på meir nedbør som gjer at gjødsla blir lettare å få tak i. Det ville gje ein betre start. Det er hovudsakeleg i haustkornareala rundt Oslofjorden og Romerike dette har gjort seg gjeldande. I indre og nordlegare strok der snøen låg lengre er problemet mindre prekært.

For såing av vårkorn er det derimot fint med tørre forhold.

- Risikoen for pakkingskader i våronna er mykje mindre når det er tørt i jorda. Då er jorda også fin og lagleg, og det er enklare å lage gode såbedd. Men det store spørsmålet er korleis det blir vidare, seier Strand.

 

Kan slite

- Nedbøren vi fekk førre helg var kjærkomen og hjelpte godt på haustkornet. Dersom mai også blir tørr vil det by på store utfordringar. Det er lite vatn i jorda og plantane har ikkje store reservoar å hente vatten frå, seier Strand.

- Bønder må til ei kvar tid tilpasse seg ver og andre ting. Kanskje det viktigaste er å prøve å spreie risikoen på vårkorn og haustkorn. Mange gardbrukarar har gjort det. Dei sådde mykje i fjor haust. Det vart sådd en del haustraps rundt Oslofjorden, og i dei områda har overvintringa av rapsen gått ganske greitt sjølv om enkelte åkrar er noko ujamne. Det er godt avlingspotensial per i dag.

 

Står og fell på mai

Men han påpeikar at utfordringa er at det er ikkje alle år det ligg til rette å så om hausten.

- I 2018 hadde vi ein haust der det låg godt til rette for hastkorn. I 2017 var det veldig vått og ingen fekk sådd noko særleg.

- Slik det ser ut no, står og fell situasjonen på mai. Vi må berre vente og sjå. Vi ynskjer oss meir regn for det som er sådd og for haustkornet Får vi ein tilsvarande tørr mai – er det ikkje nokon lystelege utsikter, avsluttar han.

2.jpg
ef-20070423-184904.jpg
For såing av vårkorn har det vore fine tørre forhold i april. Foto: Erling Fløistad.
DSC_1515.jpg
Det vart sådd en del haustraps rundt Oslofjorden, og i dei områda har overvintringa av rapsen gått ganske greitt. Foto: Anette Tjomsland.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.