Seksti års erfaring med å kartfeste landressursar
I nær 60 år har NIBIO levert kartdata om dei grøne ressursane i Noreg. Det begynte med eit stortingsvedtak i 1964 om å kartleggje alt ‘produktivt areal.’ I dag er NIBIO ein sentral aktør i eit breitt nasjonalt kartsamarbeid, både som leverandør og brukar av geografiske data.
Målet med datagrunnlaget var, og er framleis, å gi eit bilde av verdiane i norske landressursar, med vekt på produksjonsgrunnlaget for jord- og skogbruk.
- Geografisk stadfesting er nøkkelen til kunnskap, oversikt og innsikt. Ein må vite kor ressursane finst før ein kan gi anslag for til dømes produksjonsvolum og uttak, seier Hildegunn Norheim, direktør i NIBIO sin kart- og statistikkdivisjon.
Del av nasjonal infrastruktur
Seinare er digitale kart og geografiske landbruksdata frå NIBIO blitt viktige i ein større allianse. No inngår dei i den nasjonale infrastrukturen som er etablert for utveksling av geografisk informasjon gjennom Norge digitalt, der NIBIO representerer landbruket.
Her samarbeider kommunar, fylke og nasjonale etatar som er leverandørar og brukara av geografiske data og nettenester.
- Geografisk informasjon gjer dei sjølvsagde oppgåvene i kvardagen mogleg. Alt frå karttenestene på mobilen til korleis kommunane planlegg tiltak mot flaum og skred, treng geodata. Geodata er kunnskapsgrunnlag for gode beslutningar, seier Norheim. Og legg til:
- Gjennom Norge digitalt deler det offentlege ‘kartnorge’ geodata og tenester seg imellom i sanntid, som på ein digital motorveg.
Samarbeidet omfattar deling av geografiske data som kjem samfunnet til gode i form av standardiserte tenester frå det offentlege.
Norheim poengterer at brukarane, eller ‘kundane,’ er både offentleg forvaltning og private aktørar, og kan vere direktorat eller bonde, kommune eller utbyggjar.
- Landbruket er ein svært aktiv brukar av kartdata og digitale tenester, føyer Norheim til.
Konkurranse om gode døme
Hildegunn Norheim er medlem av i Nasjonalt geodataråd som er etablert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet for å «sikre godt samarbeid mellom alle som forvalter og bruker geografisk informasjon.»
- God tilgang til og bruk av offentleg geografisk informasjon blir stadig viktigare for næringslivet, kommunar og andre brukarar, seier ho.
- I den nasjonale geodatastrategien er målet tydeleg, Noreg skal vere leiande i bruk av geografisk informasjon.
No blir alle som bruker geodata utfordra gjennom ein nyleg utlyst konkurranse til å melde inn gode døme på nytten av slike data og systema kring dei.
Verksemder, organisasjonar, etatar og personar kan alle delta med nyttige geodata-baserte produkt eller tenester.
Målet er å vise fram tenester som er nyskapande, bidrar til verdiskaping, har overføringsverdi og støtter opp om berekraft.
Det er Nasjonalt geodataråd og Kommunal- og moderniseringsdepartementet som står bak initiativet.
På vegne av arrangørane oppfordrar Hildegunn Norheim alle aktive brukarar av geodatatenester til å delta i konkurransen!
KONTAKTPERSON
Hildegunn Norheim
Divisjonsdirektør
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 900 25 773 hildegunn.norheim@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Konkurranse: Gode døme på bruk av geodata
Nasjonalt geodataråd og Kommunal- og moderniseringsdepartementet ønskjer å vise fram nytteverdien av geodata og systema kring dei. Geodatarådet inviterer verksemder, organisasjonar, etatar og einskilde personar til å sende inn gode døme på produkt, tenester og løysingar baserte på bruk av geografisk informasjon og den geografiske infrastrukturen.
Frist for å sende inn er 30. oktober 2020.
KONTAKTPERSON
Hildegunn Norheim
Divisjonsdirektør
-
Divisjon for kart og statistikk
(+47) 900 25 773 hildegunn.norheim@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg O43
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.