Hopp til hovedinnholdet

Parsellbønder dyrkar trivsel og gode smakar

IMG_0484

Sarina Salimi steller løk ho akkurat tok opp av jorda i parsellhagen sin på Nedre Stovner i Oslo. Foto: Kjersti Kildahl.

NIBIO spurde ‘parsellbønder’ i tre ulike hagar om motivasjonen for å dyrke mat. Felles for dei var at sosialt samvær og sjølvdyrka grønsaker var viktige grunnar.

Sarina Salimi frå Iran stadfestar begge delar. Ho kom til Noreg med mannen sin Sohrab for 30 år sidan, og har fått røter her. I seks år har dei hatt parsell på Nedre Stovner i Oslo. Store deler av fritida går med i parsellhagen. 70 kvadratmeter jord og plass til eit lite telt.

I sin del av hagen dyrkar paret karse, purre, vårlauk, persille (både norsk og iransk), og i tunell ein svært smakfull plante dei kallar rihane. I sommarhalvåret held dei seg sjølve med grønsaker.

IMG_0546
Sohrab Salimi blir varm i stemma når han fortel kva hagen betyr for han sjølv, kona Sarina og dei andre parsellbøndene. Sarina og han har hatt parsellen sin i seks år. Dei er her ‘heile tida.’ Foto: Kjersti Kildahl.

Sohrab fortel varmt om gleda ved hagen, og fellesskapet dei er ein del av:

- Folk som kjem her har ofte med seg plager av ulike slag, både psykiske og fysiske. Men når dei får jord å stelle og folk å prate med, slepp noko av det vonde taket. Dei smiler og blir glade, seier han.

Han fortel og om parsellnaboen sin, ein eldre mann som er her mykje, slik stort sett alle er i denne hagen. Ifølgje Sohrab hevdar parsellnaboen at han ville vore daud utan jorda, hagen og det sosiale samværet. For denne mannen er jorda ei binding til livet.

IMG_5743_Sebastian Eiter
NIBIO-forskar Sebastian Eiter. Foto: Kjersti Kildahl.

Samsvarer med ‘forsking viser’

Det Sohrab gir uttrykk for, stemmer veldig bra med våre resultat, seier forskar Sebastian Eiter i NIBIO. Saman med forskerkollega Esther Veen frå Nederland har han gjennomført en studie i dei to parsellhagane Geitmyra og Nedre Stovner i Oslo, samt i Windhoek parsellhage i Almere, Nederland.

Målsettinga med studien var å undersøke kva som motiverer folk til å skaffe seg ein bit bynær jord slik ein hageparsell er.

- Den sosiale verdien av dyrkinga viser seg å vere stor. Han varierer mellom dyrkarar og gjer seg gjeldande ulikt i dei tre hagane, men han er til stades hos alle, fortel Eiter.

Likevel er det gleda ved hagearbeid, og ønsket om å dyrke eigne grønsaker, som er dei viktigste  motivasjonsfaktorane.

IMG_0587_cropped
Det sosiale fellesskapet er viktig i parsellhagen. Foto: Kjersti Kildahl.

Langvarig lidenskap

Også viljen til å halde fram med dyrkinga er ein del av studien. Det viser seg nemleg at dei fleste som begynner å dyrke sjølve ikkje gir seg med det første. Meir enn 90 prosent av dei som deltok i studien hadde hatt parsell i meir enn to år. Mange hadde mykje lengre fartstid.

- Våre funn viser positiv samanheng mellom gleda ved matproduksjonen og opplevinga av sosialt fellesskap, seier Eiter. Dess høgare dei verdset verdien av å dyrke, dess høgare score gir dei og på den sosiale faktoren.

Når parsellbøndene blir spurde om betydninga av å dyrke eigne grønsaker samanlikna med det sosiale, blir ein både-og-samanheng synleg.

- Dei er altså ikkje i parsellhagen enten for å dyrke, eller for å møte andre folk. Dei er der for begge deler, forklarer Eiter.

- Dyrkarane som har høgast utbyte av matproduksjonen, er dei same som har høgast utbyte av det sosiale fellesskapet. Dei to faktorane ser ut til å forsterke kvarandre, seier han.

IMG_0549
Eit mangfald av planter blir dyrka i Nedre Stovner parsellhage. Her finst 97 parsellar mellom 40 og 70 kvadratmeter store. Foto: Kjersti Kildahl.

Toleranse for mangfald

Når ein samanliknar resultata frå dei tre parsellhagane, ser ein at dyrkarane i Almere er dei som verdset matproduksjon høgast. Det samsvarer bra med at desse dyrkarane er dei med størst grad av sjølvforsyning.

- Høgare grad av sjølvforsyning i Almere kan igjen forklarast ved at dei både har større parsellar og lengre sesong der enn i Oslo, kommenterer Sebastian Eiter.

Ein annan faktor er at det er større breidde, eller ulikheit, i svara frå Geitmyra-dyrkarane enn i svara frå Nedre Stovner. Eiter forklarer:

- Noko av forklaringa kan vere at dyrkarane på Geitmyra dekker eit større sosialt og økonomisk spenn enn på Nedre Stovner.

- Dette området har i nyare tid vore gjennom det ein kallar gentrifisering. Det vil seie at tidlegare arbeidarstrok er blitt trendy, moderne og busett av nye innbyggjargrupper. Og ein får eit kulturelt skift.

Gentrifiseringa kan forklare at det oppstår spenningar mellom enkelte grupper om korleis ein skal drive, eller korleis jorda skal fordelast.

- Men sjølv om dei opplever forskjellar seg imellom, gir dei same personane uttrykk for at dei finn ut av det med kvarandre.  Dei har toleranse for ulikskap i bakgrunn, kultur og økonomi. Slik er det i hagen som i resten av samfunnet. Det verkar å vere haldninga, reflekterer NIBIO-forskaren.

IMG_0570
Brakhas Mohammadi er ein av veteranane i parsellhagen. Han har vore med frå tidleg fase. Hagen vart etablert i 2008. Foto: Kjersti Kildahl.

Å få hauste det ein sår

Ein som brenn for urbant landbruk, er bybonden i Oslo, Andreas Capjon. Han ser det som ein del av jobben å inspirere stadig nye bybuarar til å dyrke sjølve.

- Urbant landbruk og parsellhagar er to sider av same sak. Det handlar om å gi folk moglegheit til bokstavleg talt å hauste av det dei sår, seier han.

- Hadde eg sjølv fått eit slikt tilbod den gongen eg flytta frå gard og inn til byen, ville eg trivest betre tidlegare; det er eg sikker på.

Bybonden meiner det er eit behov vi har som menneske å oppleve oss sjølve som ein del av naturen, at vi sjølve har hand om, og kontroll på, maten vi et. Og at vi er ein del av verdikjeda frå jord til bord.

- I ei verd der ein er fråkopla sambandet mellom der maten blir til, og det vi kjøper i butikken, gir det ein høg verdi å få dyrke sin eigen mat, seier Capjon.

IMG_0528
‘Velkomen til middag i teltet.’ Mastureh Agdam og Zabiollah Rajabi inviterte spontant inn på alt dei hadde å dele. Kyllinggryte med grønsaker frå hagen. Foto: Kjersti Kildahl.

Stor interesse, framleis stigande

Verdien av å dyrke eigen mat har tydelegvis mange kjent på. Da dei 100 parsellane på Losæther i Oslo vart lagt ut for påmelding i 2012, var det 4000 som søkte. Det er ventelister ved stort sett alle byens hagar og dyrkingsrom.

- I Fornebu parsellhage fauk 80 nye parsellar på ein dag. Det fortel vel at det er eit behov der ute, og at potensialet framleis er stort for å meir jord til folket, meiner bybonden.

Snart får han ein ny kollega. Ei nyoppretta stilling som bybonde i Bergen er utlyst i desse dagar. Det urbane jordbruket grip om seg.

IMG_0553
Nedre Stovner parsellhage. Foto: Kjersti Kildahl.

Bidrar til bondens omdømme

At det urbane landbruket er i vinden, kan og seniorrådgjevar Ellen Marie Forsberg ved landbrukskontoret hos Fylkesmannen i Oslo og Akershus stadfeste.

- Frå vår side har vi støtta ulike tiltak innan urbant landbruk heilt sidan by-jordbruket tok til å spire tidleg på 1990-talet. Vi har ønska forskjellige initiativ velkomne, og lagt til rette for at dei skulle kaste av seg. Det finst nokre eldsjeler der ute, seier ho.

Det er fleire grunnar til at Fylkesmannen har vore positiv til utviklinga av urbant landbruk. Dyrkinga fører folk saman og bryt ned barrierar. Byromma blir meir levande.

- Og ikkje minst, vi meiner all aktiviteten gjer godt for bondens omdømme. Folk får eit forhold til kva det vil seie å produsere mat. Respekten aukar for ressursane og det arbeidet som skal til, seier Forsberg.

Hos Fylkesmannen har dei sett auka interesse både blant folk som ønskjer å dyrke, og for effektane av det urbane landbruket.

Trivsel er godt dokumentert. Ifølgje Forsberg er helsevinsten til no forska lite på. Dei positive faktorane som blir løfta fram er likevel ofte dei same som mange vil kalle helsefremmande.

- Når vi så les i Jeløya-erklæringa at urbant landbruk skal prioriterast, har vi og fått politisk aksept for at by-jordbruk har ein plass i nasjonale planar og budsjett. Det er stort, avsluttar Forsberg.

11-12.jpg
Fakta om prosjektet

128 parsellbønder deltok (47 frå to hagar i Oslo, og 81 frå Almere). Dei deltok gjennom spørreskjema og samtalar.

Utvalet er gjort med tanke på å reflektere forskjellar mellom befolkninga i ulike delar av byen, og korleis det kan gi ulik vektlegging av sider ved dyrkinga.

Arbeidet til Eiter og Veen har vore ein del av det europeiske forskarnettverket COST-Action med prosjekttittel Urban allotment gardens in Europe.

Parsellhage er ein av 14 ulike typar av urbant landbruk, ifølgje definisjonen til det europeiske forskarnettverket COST-Action Urban Agriculture Europe.

Losæter

Losæter er ein kulturinstitusjon utan veggar i eit av Bjørvikas nye offentlige rom. Foreininga Losæter har det overordna ansvaret for sætra, og bybonden har den daglege leiinga. Losæter blei initiert av kunstarkollektivet Futurefarmers i 2011, på oppdrag frå Bjørvika Utvikling, og støtta av Statens vegvesen Region øst. Bybonden er foreløpig eit 3-årig samarbeid med Norges Bondelag og Norgesgruppen. 

IMG_0512.JPG
Sarina Salimi skyller og steller dagens grøne fangst frå hageparsellen sin. Foto: Kjersti Kildahl.
IMG_0501.JPG
Rihane? Ei av dei mange smakfulle urtene som blir dyrka i parsellhagen. Ukjend for journalisten, derfor spørsmålsteiknet. Smaken var litt anis, litt basilikum, litt mynte… Fargen grøn og djup lilla. Foto: Kjersti Kildahl.
IMG_0558.JPG
Spirande purreløk. Foto: Kjersti Kildahl.
IMG_0563.JPG
Denne kvinna skjer purrelauk i tynne striper - noko til mat direkte, noko for å fryse ned. Foto: Kjersti Kildahl.
salat_0575.jpg
Salaten blir ikkje ferskare enn dette! Ureist og struttande – bynært dyrka. Foto: Kjersti Kildahl.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.

Publikasjoner

To document

Abstract

Parsellhager er ettertraktet av mange. Dyrkere får ‘dobbelt’ utbytte av hagen sin i form av fersk frukt og grønt, og sosialt fellesskap. De minst ressurssterke dyrkerne er de som profiterer mest.

Abstract

Forskere i det europeiske COST-nettverket «Urban Agriculture Europe» har utviklet et felles begrepsapparat som grunnlag for politikkutforming. Urbant landbruk er definert i henhold til seks dimensjoner, og delt inn i de to hovedtypene urban gårdsdrift som næring, og urban hagedyrking med liten eller ingen økonomisk betydning. Mangfoldet som 14 undertyper av urbant landbruk representerer, gjør det til en arena for mange politikkfelt. For å kunne nytte det urbane landbrukets potensiale for økonomiske, sosiale, miljø- og helsemessige gevinster fullt ut, bør politikkfeltene fordele hovedansvaret for ulike typer urbant landbruk seg imellom.