Hopp til hovedinnholdet

Ny bok: Etter oljen – da er bioøkonomien berebjelken

Oppslag Bioøkonomi

Illustrasjonsfoto: Lars Sandved Dalen og Ragnar Våga Pedersen.

Vi har høyrt det lenge, at bioøkonomien skal avløyse fossiløkonomien. Kva betyr det eigentleg? For samfunn, ressursar og produksjon. I forskningsprosjektet Biosmart har dei definert spørsmål, utfordringar og sett på moglege løysingar. Resultata er samla i boka Etter oljen: Vår bioøkonomiske fremtid.

Boka "Etter oljen: Vår bioøkonomiske fremtid" er eit resultat av det fireårige forskningsprosjektet Biosmart.
 

Frå ikkje-fornybar til fornybar  

Prosjektet si hovudoppgåve har vore å undersøke korleis Noreg kan få til ein best mogleg overgang til ein bioøkonomi: Eit nytt økonomisk system som ikkje er basert på fossil energi, men på fornybare biologiske ressursar. Da skal alt ein kan hauste frå jord, skog, akvakultur og fiskeri vere berande, og nyskapande teknologi ha ei forløysande rolle.

- Overgangen frå ein fossil økonomi til ein fornybar bioøkonomi er eit av dei viktigaste spørsmåla i vår tid. Dersom me skal kunna skapa ei bærekraftig framtid utan rovdrift og høge utslepp av klimagassar vil eit bioøkonomisk skifte vera heilt sentralt. Boka er eit kunnskapsbidrag for å få til eit slikt skifte og for at det skal skje på ein klok måte.

Dette seier Magnar Forbord frå Ruralis i ein kommentar. Han har leia prosjektet saman med Rob Burton, Eirik Magnus Fuglestad og May-Britt Ellingsen.

I boka gir forskarar oss innblikk i ulike næringar, kva visjonar og moglegheiter aktørane ser for seg. Prosjektet har og sett på kva konse­kvensar auka bruk av biologiske ressursar har for sosiale forhold, miljøet og økonomien. Den faglege breidda er stor, spørsmåla mange.

Bilde sammensatt_endelig versjon.jpg
Biosmart-samtale: Fire prosjektdeltakarar frå NIBIO avbilda i nettmøte slik vi gjer det no for tida. Øvst frå venstre, Wenche Dramstad og Svein Olav Krøgli. Nedst frå venstre Birger Vennesland og Misganu Debella-Gilo.

Sirkulærøkonomi inn, vekstfilosofi ut

Eit sentralt spørsmål er korleis overgangen frå den tradisjonelle vekstdrivne industriøkonomien tilbake til ein sirkulær økonomi kan skje. Boka tar utgangspunkt i dei historisk og økonomisk viktige skifta frå jeger- og samlarsamfunn til jordbrukssamfunn, og frå jordbruk til industriproduksjon. 

Rob Burton og Eirik Magnus Fuglestad skriv det slik tidleg i boka:

- Sjølv om den faktiske industriproduksjonen er kraftig redusert i mange vestlege land, inkludert i Noreg, så er den grunnleggjande logikken i det økonomiske systemet framleis  industrisamfunnet sin attrå etter evig eller kontinuerleg vekst.

Dei tar til orde for ei utvikling bort frå den lineære industrielle vekstmodellen, og peikar mot ei meir sirkulær form for produksjon og forbruk.

- I realiteten har denne veksten vore avhengig av fossile energikjelder som olje, gass og kol. Slik har det vore siden industriøkonomi­en tok til, og ein kan eigentleg snakka om industriøkonomien dei siste 200 åra som ein fossiløkonomi.

Særleg i Noreg har olja spelt ei viktig rolle i den nasjonale økonomien. Dei meiner no likevel å kunne sjå spirene til ein ny type ikkje-fossil økonomi som veks fram både i Noreg og andre land, nemleg bioøkonomien.

- Kva er det som driv oss mot den, og kva er eigentleg bioøkonomi for noko? spør dei retorisk. Der begynner boka som ulike fagmiljø har bidratt til å fylle.
 

Økonomi, biologi og smart ressursutnytting

Biologiske ressursar er ulikt fordelt og av ulik kvalitet. Skal utnyt­tinga vere berekraftig, må ei rekkje forhold vere med i vurde­ringa. Samfunnet stiller og krav til ressursut­nyttinga når det gjeld miljøbelastning, busettingsmønster og samfunnsforhold. Å redusere transport og andre kostnader kan vere eit viktig mål.

Som det framgår, spenner Biosmart-prosjektet tematisk breidt og djupt. Forskarane som har bidratt frå NIBIO har vore både samfunnsøkonomar og naturvitarar – til dømes fagfolka ved avdeling Landskapsovervåking. Avdelingsleiar og økolog Wenche Dramstad fortel at deira del av Biosmart har vore todelt:

- I den eine delen av prosjektet undersøkte vi moglegheitene for smartare bruk av stadbundne biologiske ressursar mellom anna gjennom etablering av næringsklynger – noko som er eit uttalt politisk ønske. Modellbygging og scenarieutvikling gjorde vi i samarbeid med Sintef.

- Den andre delen handla om måten vi forsyner oss av bioressursane på, kor og korleis skjer uttaket, enkelt sagt. Anten ressursane blir hausta frå jordbruk, skogbruk eller fiskeri, må uttaket vere i tråd med FNs berekraftsmål. Og uttak av ressursar må skje med respekt for konvensjonen om biologisk mangfald som vi har forplikta oss til.

Dramstad medgir at omsynet til biologisk mangfald kopla med krav til effektiv produksjon og økonomisk lønsemd ofte medfører konfliktar mellom ulike interesser:

- Spørsmålet blir da korleis vi kan auke og effektivisere uttaket av fornybare biologiske ressursar på ein måte som ikkje kjem i konflikt med målet om å sikre naturmangfald og ein miljømessig berekraftig bioøkonomi.
 

Alt finst ein stad

Målsetting om å samlokalisere industriar i klynger opnar og for spørsmål: Kor skal klyngene liggje, og kva faktorar bør vurderingane vektleggje? Kva industriar er viktige å samlokalisere med tanke på flyt av ressursar og råstoff? Og kor skal ressursane hentast frå? Geografi er ein viktig del av analysen, for som det blir sagt i boka – alt fins et sted.

- Saman med Sintef modellerte vi ulike scenario for geografisk plassering av klyngene, ved å variere uttak og tilgjengeleg volum av ressursar på ulike stader saman med transport og økonomi, seier NIBIOforskar Svein Olav Krøgli som har arbeidd tett med Sintef i denne delen av prosjektet.

- Vi ser at stadene som modellen ‘anbefaler’ som best eigna for etablering av klynger, er tydeleg påverka av ressursgeografi – altså kor ressursane finst, seier Krøgli.

Han forklarer at ved å sette saman geografiske data med økonomiske modellar, blir vurderingsgrunnlaget breiare og betre enn svara frå økonomiske eller geografiske modellar gir kvar for seg.

- I NIBIO har vi god tilgang til geografiske data som gjer at slike analysar både kan utvidast og vidareutviklast. Dei vil vere relativt enkle å skreddersy til andre føremål, og kunne synleggjere samanhengar som er interessante for ulike aktørar i bioøkonomien.

Dramstad og Krøgli forventar at det i fremtida vil handle meir og meir om å optimalisere ressurs-utnytting. Det handlar om å vite kvar ressursane finst, og det handlar om å bruke dei mest mogleg effektivt – heile vegen frå produksjon til sluttbrukar. Og ikkje minst handlar det om berekraftig bruk og gjenbruk, og at avfall er ein del av ressursane.

 

Geografisk kunnskap bidrar til berekraft

Når ein større del av våre behov skal dekkast gjennom bruk av fornybare biologiske res­sursar, vil vi måtte hauste meir av ressursane – sjølv om det er eit mål også å utnytte ressursane betre. Wenche Dramstad held fram:

- Desse ressursane skal imidlertid haustast på det same landarealet som samtidig utgjer leveområde for sjeldne artar og verdfulle naturtypar. Dette er eit biologisk mangfald vi gjennom FN har forplikta oss til å ta vare på og ta omsyn til.

I denne delen av prosjektet reiser dei spørsmål om det er mogleg å auke og effektivisere uttaket av fornybare biologiske ressursar på ein slik måte at det ikkje kjem i konflikt med å sikre naturmangfald og ein berekraftig bioøkonomi.

- Dette får betydning for kva areal som kan nyttast og på kva måte. Da er geografiske data og geografiske analysar heilt sentrale. Vi må vite kor noko er for å kunne forvalte det best mogleg, seier Dramstad.

Ho presiserer kor viktig det er å vere merksam på at dei land­baserte fornybare bioressursane til ein viss grad konkurrerer om det samme arealet.

- Kanskje må det vere slik at å produsere meir av ein ressurs gjer det nødvendig å redusere uttak av ein annen? Det finst ikkje ein felles fasit for kva som er ei miljømessig berekraftig løysing. Dette er komplekse samanhengar. Svaret får vi ikkje gjennom eit enkelt reknestykke.

Av same grunn er det likevel både viktig og nødvendig nettopp å rekne på dei mange spørsmåla som oppstår når vi skal bevege oss frå ein fosssiløkonomi til ein bioøkonomi, legg dei til.

Prosjektet Biosmart

“Prosjektet skal utforme eit visjonært rammeverk for utviklinga av ein berekraftig bioøkonomi i Noreg.”

Eit fireårig forskningsprosjekt

- finansiert gjennom Norges forskningsråds program BIONÆR (2012-21) med vel 40 millionar kroner.

- som handlar om sosiale endringar si rolle i overgangen frå ein økonomi basert på ikkje-fornybare ressursar, til ein økonomi basert på ressursar som kan dyrkast eller haustast.

- er eit samarbeid mellom Ruralis, NIBIO, NORUT, Sintef og NTNU, i tillegg til ei rekkje nasjonale og internasjonale organisasjonar.

11-12.jpg
Bokomslag_Etter oljen.jpg
IMG_6871.JPG
Norske eple. Foto: Kjersti Kildahl.
IMG_6874.JPG
Gresskar. Foto: Kjersti Kildahl.
IMG_6873.JPG
Rotgrønnsaker. Foto: Kjersti Kildahl.
Protein_6876.jpg
Insektprotein. Foto: Kjersti Kildahl.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.