Strategi for bioøkonomi lagt fram i dag

ef-20070423-185450-cropped.jpg

Foto: Erling Fløistad.

Regjeringa la i dag frem sin bioøkonomistrategi. Strategien skal bidra til økt verdiskaping og nye arbeidsplasser, reduserte utslipp av klimagassar og meir effektiv og lønsam utnytting av naturressursane.

Strategien peikar på fire område for innsats:

  • Samarbeid på tvers av sektorar, næringer og fagområde
  • Marknadar for fornybare biobaserte produkt
  • Effektiv bruk og lønsam foredling av fornybare biologiske ressursar
  • Berekraftig produksjon og uttak av fornybare biologiske ressursar

 

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale meiner det er naudsynt med auka produksjon av fornybare ressursar frå skog og jordbruk, og betre bruk av råstoffa for å utnytte mogelegheitene som ligg i bioøkonomien.

OECD vurderer potensialet for verdiskaping knytt til bioøkonomien som stort. Økt og meir effektiv bruk av fornybare biologiske ressursar vurderas også som sentralt for ein omlegging mot en lavutslipps­økonomi.

Norge har rikelig tilgang på fornybare biologiske ressursar både i havet og på land, og ein industri­ og kompe­tansebase som er godt eigna til å utnytte dette potensialet.

Les meir og last ned Regjeringa sin bioøkonomistrategi hos Landbruks- og matdepartementet

KONTAKTPERSON

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.