Hopp til hovedinnholdet

Lokk på vipereir hindrar tap av liv

DSCF1903_cropped

Naturrettleiar, ornitolog og omvisar Lars Ågren viser korleis lokk vart lagt på vipereir ved årets hekking. Truleg redda dei ti reir og førti egg i år. Foto: Kjersti Kildahl

Naturforvaltning og jordbruk går hand-i-hand på Herdla nordvest for Bergen. Her hekkar vipa der bonden gjer våronn. For første gong er ‘vipediskar’ tatt i bruk for å beskytte reira mot gylleslange og traktor.

Nord på Askøy ligg Herdla, eit viktig våtmarksområde for fugl. Same område er også fulldyrka jordbruksareal til Herdla gård.

Her, som mange stader, er fuglelivet blitt utfordra av moderne landbruk. Alarmen gjekk for rundt førti år sidan. I 1985 vart Herdla naturreservat freda. 

– Interessene sto steilt mot kvarandre ei stund, men det ligg bak oss no. Konstruktivt samarbeid med naturforvaltninga har vore nøkkelen, fortel Morten Bjørnstad, bonden som eig og driv Herdla gård.  

Med eit smil legg han til at Herdla på eit tidspunkt gjekk frå krigssone til vipesone, noko han verkar stolt over å kunne seie i dag. Ein maidag i år talde han 46 viper i området der han dyrkar gras og slepp dyr på beite.  

IMG_7220.jpg
Lars Ågren, t.v., og Morten Bjørnstad med Herdla naturreservat i bakgrunnen. Herdla gård eig rundt 170 dekar av totalarealet på vel 320 dekar fulldyrka mark i reservatet. Staten ved Miljødirektoratet eig resten. Foto: Kjersti Kildahl

Vipa er sterkt trua

Vipa har tradisjonelt vore ein typisk fugl i jordbrukslandskapet, men frå 1990-talet har bestanden gått dramatisk ned. I Noreg var nedgangen 50-80 prosent frå 1999 til 2013.  På Herdla var fuglen heilt vekke tidleg på 2000-talet.  

– Vipa er vurdert som sterkt trua på den norske rødlista, men er foreslått endra til kritisk trua. Det betyr at vi kan miste henne heilt om ikkje utviklinga snur, seier Lars Ågren, naturrettleiar, ornitolog og omvisar ved Herdla museum.  

Han brenn for at vipa og andre fugleartar i jordbrukslandskapet skal ha gode levekår. Etter fjerning av skog, re-etablering av ferskvassdammar og andre miljøverntiltak for biologisk mangfald, kom vipene tilbake til Herdla i 2009. For tida peikar pila oppover.

Vern via vipedisk 

Lars Ågren håper dei nye vipediskane skal føre til fleire viper framover.

Vipediskar er 60 cm runde og mjukt kvelva lokk som blir lagt på reiret før gylling. Ornitologar, naturforvaltning og gardbrukar har samarbeidd om utprøving av det nye tiltaket. 

– Dei seinare åra har vi tald 14-19 årlege hekkande vipepar på Herdla. I år kan vi få rekord med 30 registrerte reir. Ti av desse låg på eit jorde som skulle gyllast. Vi sette da ut merkepinnar ved reira, og rett før traktoren kom forbi med gylleslangen, vart vipedisken lagt på reiret, fortel han.

– Disken må ikkje bli liggande lenger enn nødvendig, for vipa treng å komme raskt tilbake og ruge.  

Målet er fleire klekte egg og fleire flygedyktige ungar som kan føre slekta vidare. 

 

Godt samarbeid med bonden

Truleg vart ti reir og førti egg redda av vipediskar i år. Spørsmålet er kor mange flygedyktige ungar tiltaket har gitt.  

– Svaret kjem i desse dagar, om vi får registrert dei, da. Det kan vere utfordrande. Uansett kva svaret er, meiner eg prosjektet så langt har vore vellykka, seier Ågren.

– Det ville ikkje fungert utan nær dialog med bonden. Det er lett å drøfte idéar med Bjørnstad. Han svarte klart ja til å bli med på det spesielle prosjektet denne sesongen. 
 

Blir også utprøvd i Rogaland

– Prosjektet på Herdla er spennande. Også i Rogaland prøver dei ut vipediskar. Om resultatet blir godt, kan og andre fugleartar som hekker på bakken i jordbrukslandskapet truleg tene på det, seier forskar Christian Pedersen i NIBIO.

Han ser fram til meir informasjon om korleis bondens køyremønster og effektivitet blir påverka, og kva resultat diskane gir av redda reir og fugl samanlikna med andre tiltak. 

– Målet er å finna ein metode som vil bli brukt uansett om bonden likar fuglar eller ikkje. Diskane verkar praktiske å bruke, sånn sett.

Vipediskane er levert av Rogalands-verksemda Agromiljø som utviklar og produserer landbruksutstyr.

Forelder og barn_Foto Sverre Svåsand_cropped.jpg
Rugetida er fire veker. Ungane er flygedyktige etter fem veker. Foto: Sverre Svåsand

 

15.jpg

Klikk PÅ TREKANTEN for å høre vipas vårsang:

Fakta om vipa

Vipa (Vanellus vanellus) er med den karakteristiske utsjånaden sin ein av dei mest kjente vadefuglane våre. Vipa kjem til hekkeplassane tidleg, gjerne allereie i februar. Hausttrekket pågår frå juli til november. Norske viper overvintrar primært i Storbritannia, Spania og Portugal.

2021-06-29 Vipeplott Herdla naturreservat.jpg
Bildet viser Herdla naturreservat med innteikna vipereir, som kvit drope, registrert våren 2021 – 30 reir i alt. 15 reir vart merka med bambuspinnar vist ved raude kryss. Av desse vart ti reir beskytta med vipedisk, vist ved raude sirklar. (Ein av dei er ikkje med i illustrasjonen.) Desse ti reira låg i eit område som skulle gyllast og seinare slåast (gul-grøn farge her). Det grøne området nord-vest i bildet blei kun sådd. Første rugande vipe vart registrert 16. april.
IMG_8818_cropped.jpg
Vipa legg egg og reir rett på bakken, helst i jordbrukslandskap. Både reir og nyklekte ungar treng gras som skjul og vern. Vipa er derfor svært utsett for vanleg maskinelt jordbruk. Foto: Lars Ågren

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.