Hopp til hovedinnholdet

Jord på flyttefot

Jordflytting-Anda-P1000967.jpg

Foto: Siri Elise Dybdal.

Noregs første jordflytting i Nedre Eiker har gitt areal med jamt over gode avlingar i 35 år ifølgje ei masteroppgåve frå NMBU i samarbeid med NIBIO.

I store samferdselsprosjekt som utbygging av vegar og jernbane ryk det nesten alltid med dyrkbar jord. Også i samband med industriutbygging, eigedomsutvikling og tilvekst av bustader går det ofte mykje jordsmonn tapt. Som eit resultat kan det oppstå konflikt mellom bønder som blir råka og utbyggjarane.

Jordflytting har vore sett på som ei mogleg løysing som tek omsyn til vern av jordressursar i slike jordvernskonfliktar, men så langt har det vore lite kunnskap om dette og få eksempel å vise til.

No viser ei masteroppgåve frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) i samarbeid med NIBIO, at jordflytting kan fungere bra i praksis.

Dette er viktige funn som kan ha betyding for framtidige jordvernsdiskusjonar, mellom anna når det gjeld utbygginga av E18 gjennom Ås og Ski og den potensielle utbygginga av Ikea på dyrka jord i Vestby kommune. Mykje av jernbanestrekningane som planleggjast i Intercity-prosjekt på Austlandet går gjennom produktive jordbruksareal. Då kan det vere naudsynt å flytte jord attende til gamal jernbanelinje som ikkje lenger er i bruk. Jordflytting kan og vere aktuelt i fylker som Rogaland, der det årleg omdisponeras betydelege jordbruksareal.

Men forskarane framhevar at jordflytting for å oppretthalde dyrka areal må gjerast på riktig måte. Dette krev planlegging, kunnskap og økonomiske midlar.

 

Få forskjellar i matjordlaget

I masteroppgåva si har Torhild Narvestad Anda undersøkt flytta jord i Nedre Eiker i Buskerud. Denne jordflyttinga blei gjennomført i 1981 då Europaveg 76 skulle leggjast om, og vegen måtte gå over jorda til den lokale bonden Nils Kristoffer Steenberg.

Professor Jul Låg ved Landbrukshøgskulen i Ås såg då moglegheita til å gjennomføre den  første dokumenterte jordflyttinga i Noreg.

– Resultata viste at det var få forskjellar i øvre 20 cm mellom flytta og opphaveleg jord etter 35 år med jordbruksdrift, fortel den tidlegare masterstudenten, som har byrja som forskar hos NIBIO.

 I masteroppgåva har Anda undersøkt to areal som det blei flytta jord til. Innanfor kvart område har ho samanlikna mellom anna jordprofilar og avlingsresultat på flytta jord med det opphavelege jordsmonnet som ligg i direkte tilknyting til jordflyttingsareala. Undersøkingane syner at areala med flytta jordsmonn blei produktive og på nivå med referansejorda som har vore dyrka på vanleg måte i lang tid.

Den flytta jorda skilde seg likevel ut når det gjaldt oppbygginga av undergrunnsjorda.

– Det var ikkje nokon form for horisontal lagdeling under matjordlaget. Dette har hatt betyding for fleire viktige eigenskapar som drenering, vasslagringsevne og moglegheiter for rotutvikling. Så dei har gjort det riktig når det gjeld matjordlaget, men ikkje tenkt på det som ligg under, seier ho.

Jordflytting-jorde-P1010055.jpg
Resultatet på Steinberghaugen viser at det har fungert bra sjølv om jordflyttinga kunne vore utført på ein betre måte. Allereie i 1984 blei det anslått ei avling på rundt 700 kg/daa med havre. Foto: Siri Elise Dybdal.

Gode avlingar

På Steinberghaugen har oppbygginga av undergrunnsjorda likevel fungert godt. I 2015 var avlinga (728 kg/daa bygg). På elvesletta har oppbygginga under matjordlaget vært mindre heldig, men også her ble det registrert ei akseptabel avlig på flytta jord (495 kg/daa kveite).

Også tidlegare har det vore gode avlingar, ifølgje Anda. Faktisk var avlingane like gode allereie to år etter jordflyttinga. Dette var vel og merke eit svært godt kornår for fylket.

– Vi tilrår vanlegvis at ein dyrkar gras dei to første åra etter jordflytting, men erfaringa i Nedre Eiker viser at det faktisk blir kornjord beinveges. Kanskje er det ikkje naudsynt med eit slikt føre var-prinsipp, seier Trond Knapp Haraldsen, seniorforskar ved divisjon for miljø og naturressursar ved NIBIO.

Han meiner erfaringane frå Buskerud er verdfulle å ta med i forhold til framtidig jordflytting, til dømes når det gjeld Ikea-utbygginga i Vestby, både i forhold til suksessfaktorane, men også kva ein kan gjere betre. Seniorforskaren fortel at området som jorda potensielt skal flyttast til i Vestby, er svært likt Steinberghaugen-arealet med fjellgrunn i Nedre Eiker. Dette gjer resultata spesielt relevante.

Men Haraldsen påpeikar at prosessen i dag vil vere meir kontrollert.

– I dag vil vi vere meir nøye med undergrunnen og ha ei meir einsarta handtering der ein bygg opp jorda sjikt på sjikt, seier Haraldsen.

 

Måtte plukke stein

Før jordflyttinga var Steinberghaugen utmark med skrint jorddekke. Her blei det fylt opp 0,7 – 2 m med jord. Allereie i 1984 blei det anslått ei avling på rundt 700 kg/daa med havre, men det var noko dårlegare drenering og vasslagringsevne på den flytta jorda samanlikna med opphaveleg jord like ved.

Gardbrukarane har likevel opplevd arealet som svært godt, med stabilt høgt avlingsnivå.

– Samanlikna med den opphavelege jorda var avlingane litt lågare på Steinberghaugen, men likevel høgare enn gjennomsnittet for området. Når det kom dårlegare ut enn naboområdet, var nok problemet at undergrunnsjorda ikkje var lagt sjiktvist, seier Anda.

– Det største problemet var steininnhaldet, seier den tidlegare gardbrukaren Nils Steenberg. Den pensjonerte bonden fortel at dei måtte plukke mykje stein i dei første åra.

– Det var eit omfattande arbeid. I dag hadde steinane blitt sortert ut på førehand, seier Anda.

Ifølgje Steenberg blei det heller ikkje fylt opp nok jord på området som låg nært elva. Målet her var å heve jordoverflata slik at det ikkje skulle bli flaumutsett.

– Her kunne ein ha heva det høgare fordi det er framleis utfordringar når det gjeld flaum. På Elvesletta var det i tillegg brukt siltige massar som lagrar mykje vatn. Det gjer at jorda tørker seinare og er særleg utsett for jordpakking. Her var det også brå overgangar mellom jordsjikta, noko som ikkje er gunstig verken for drenering eller rotutvikling, seier masterstudenten.

Jordflytting-3personer-P1010060.jpg
Torhild Narvestad Anda, Håkon Broch og Trond Knapp Haraldsen frå NIBIO på markdag i Nedre Eiker der masteroppgåva blei presentert og interessentar mellom anna fekk høyre om gardbrukaranes erfaring med å dyrke flytta jord. Foto: Siri Elise Dybdal.

Må ha ein plan

– Vi ser at det er forbetringspotensiale om ein skulle gjort dette i dag, men resultatet på Steinberghaugen viser at det har fungert bra sjølv om jordflyttinga kunne vore utført på ein betre måte, fortsett ho.

– På Elvesletta er det meir utfordrande forhold på grunn av elva, og vi ser at staden vi legg jorda på og måten ein bygg den opp på har svært mykje å seie for resultatet. Oppbygging må difor tilpassast både dei massane som er tilgjengelege og lokaliteten, seier Anda, som legg til at på grunn av slike store forskjellar er det ikkje berre ei oppskrift på jordflytting.

– Lokalklima, topografi, hydrologi og grunnvann er faktorar ein må ta omsyn til. Det er difor viktig å kome inn og ha ein plan tidleg. Men det er vel så viktig å følgje opp i alle ledd – frå planlegging til utføring. Til dømes er det naudsynt at den som skal leggje ut jorda med gravemaskin har kunnskapar om jorda og prosessen.

I vegprosjekt er det dessutan ofte fleire grunneigarar som også gjer prosessen meir komplisert, ettersom ein må finne areal hos kvar enkelt grunneigar.

 

Kunnskap i alle ledd

Landbrukssjef i Nedre Eiker kommune Anne-Bjørg Rian, meiner også at ein må bli flinkare til å erverve seg kunnskap i alle ledd og at ein må setje krav til entreprenørar.

– Vi kan bli flinkare på dette, påpeikar ho og legg til at dersom dette kom inn under regelverket ville ein vere betre førebudd.

Ho tykkjer det er spanande å høyre om resultata frå jordflyttinga, men synes likevel ikkje at det no skal vere fritt fram for å flytte jord.

– Dei store fellesoppgåvene er viktigare enn bustadar og kjøpesenter, meiner Rian

 Motargumentet mot jordflytting har nettopp vore at det vil legitimere meir omdisponering av matjord.

– Tanken med jordflytting er at det skal brukast som ein optimalisering av masseflytting som allereie eksisterer i dag til dømes når det gjeld samferdselsprosjekter, og ikkje auke omfanget. Dette må regelverket sørgje for, konkluderer Anda.

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.