Gårdskart i ny versjon opnar for nye bruksmåtar

bilde 1_Foto Gunnar Tenge_cropped

Mobiltelefonen er arbeidsreiskap, også innan landbruksforvaltning og jordbruk. NIBIO si Gårdskart-teneste har no blitt enda betre tilpassa nettopp slik bruk. Ein kan teikne inn i kartet via mobilen mens ein er ute. Foto: Gunnar Tenge

Eit stort løft er unnagjort når Gårdskart no er ute med nye funksjonar og ny visuell profil. Endringar som skjer på eigedomen kan teiknast inn i kartløysinga via mobiltelefon eller pc, og delast med landbrukskontor eller andre.

Den nye versjonen av Gårdskart-tenesta skal gjere kommunikasjonen enklare begge vegar. Oftast vil dialogen gå mellom forvaltning og ulik brukarar, men den kan og gå fagfolk imellom.

- Både teknisk funksjonalitet og visuell presentasjon er mykje endra, til det betre. Eit stort løft har gjort tenesta enda meir brukarvennleg. Mange endringar er da også gjort etter gode innspel frå nettopp brukarane våre, fortel prosjektleiar i NIBIO, Ingrid M. Tenge.

 

Mykje brukt

Tenesta er mykje brukt av kommunal landbruksforvaltning i samband med søknader om produksjonstilskot, konsesjonssaker, omdisponering eller deling etter jordlova.

- Gårdskart er den mest besøkte karttenesta til NIBIO, med om lag 15 000 oppslag per dag. Rundt søknadsfristen for produksjonstilskot ser vi at bruken aukar kraftig, kommenterer Tenge.

Tenesta er elles nytta av fagfolk generelt der det trengst presise data om arealressursar på ein eigedom. Det kan til dømes vere ein bonde som skal gjere tiltak på garden eller som ønskjer oversikt over leigejord, eller ein sakshandsamar i kommunen som førebur ei landbrukssak.

Gårdskart_design.png
Visuell lay-out med fargar, ikon for ulike val og plassering av funksjonar er fornya. Målet med alle endringar er å gjere det enklare for brukarane

Kva er nytt?

Enkelte nye funksjonar er alt lagt ut i Gårdskart tidlegare i år, med gode skussmål fra brukararne så langt. Til dømes er det blitt mogleg å lagre teikningar rett i kartløysinga. Ein kan og teikne og måle avstand og areal via mobiltelefon, noko ein ikkje kunne før.

- Den store nyvinninga er nok likevel at ei lagra teikning kan delast vidare med andre eller importerast inn i andre kartløysingar, forklarer Ingrid Tenge.

- Visuell lay-out med fargar, ikon for ulike val og plassering av funksjonar er også fornya. Målet med alle endringane er å gjere det enklare for brukarane.

Eit konkret døme på forenkling kan vere bonden som leiger jord frå fleire eigarar. Han kan no, på enklare måte enn før, legge til fleire eigedomar med leigeareal til gardskartet sitt samtidig. Mens han før måtte registrere arealet, lukke dialogen og ‘gå tilbake til toppen’ for å opne for neste registrering av areal, kan fleire eigedomar lagrast ein etter ein til ei liste.

Grøft 4_lukket panel og lagrede tegninger.png
Typisk døme: Ei grøft er teikna inn i kartet og notat lagt ved, klar til lagring. Tidlegare teikningar er lagra og tilgjengelege frå panelet til venstre.

Tilpassa ein digital kvardag

I ein typisk arbeidssituasjon er gardbrukar eller landbrukskonsulent utandørs på jobb, på eit jorde eller anna landbruksområde, for å sjå til eit tiltak som ei grøft, nye bygningar eller nydyrking. Da er arbeidsverktøyet mobiltelefon eller nettbrett.

- I tillegg til å kunne teikne, er den nye versjonen tilrettelagt for å kunne laste inn ei GPS-fil og vise den i kartet, seier prosjektleiar Tenge.

- Dette kan vere nyttig om ein har målt inn nydyrka jord, ei grøft eller ein tursti med GPS. Fila kan da visast i gardskartet saman med andre karttema og bakgrunnskart som flyfoto.

 

Praktisk og enkelt

Rådgjevar for landbruk og miljø i Sveio kommune, Åshild Irene Lie, har nyleg fått tilgang til ein såkalla  betaversjon av Gårdskart for å prøve ut ny funksjonalitet.

-  Her var det mange nye, greie løysingar å bruke både i jobbsamanheng og for bonden. Ikkje er dei vanskelege å bruke heller, seier Lie.

Ho brukar Gårdskart mykje, både til å kontrollere søknader om produksjonstilskot og på synfaring når endringar skal gjerast i arealressurskartet AR5.

- Det er veldig kjekt at ein no kan logge inn og lagre teikningar direkte i gardskartet. Slikt gjer jobben lettare når vi er ute. Om ein ikkje får sett på eit areal der og då, så kan ein merknad gjerast i kartet for seinare oppfølging.

Lie seier tid og arbeid kan sparast når arbeidsnotat kan delast via kartet. Så kan ein lagra og arkivere endring direkte. Alternativet før var å teikne i ei separat fil som vart lagra og delt, eller tatt med som papirutskrift ut i felt. Så måtte ein teikna på nytt inn i sjølve kartløysinga. Slikt dobbeltarbeid slepp ein når endring kan lagrast i kartet ‘stein for stein.’

- Elles er eg glad for at tenesta no er tilpassa mobiltelefon. Eg kjem til å bruke dette i jobbsamanheng og da er det ikkje alltid at pc-en er med. Dessutan er det positivt fordi det regnar ein del på Vestlandet. Ein  mobiltelefon toler ofte litt meir vatn enn eit papirark.

Bonus for vestlendingar med andre ord.

KONTAKTPERSON
OM GÅRDSKART

Gårdskart viser arealressursar og -tal for ein landbrukseigendom. Informasjonen er gitt per bruk for alle gards- og bruksnummer til eigedomen. Data om gards- og bruksnummer blir henta frå Landbruksregisteret, mens eigedomsgrensene blir henta frå matrikkelen*, Kartverket.

Tenesta er tilpassa forvaltninga og dei som eig eller leiger landbrukseigendomar, men er open for alle. Mange i kommunal landbruksforvaltning bruker Gårdskart som sitt primærverktøy. Spesielt dei som arbeider med jordbrukssaker.

 

*Matrikkelen er Noregs offisielle eigedomsregister. Registeret inneheld informasjon om eigedomsgrenser, areal, bygningar, bustader og adresser.

Gårdskart
bilde 4_Foto Gunnar Tenge.jpg
Når gardbrukar eller landbrukskonsulent er ute for å dokumentere eit tiltak ute, er ofte mobil arbeidsverktøyet. No kan ein teikne inn på mobilen og lagre medan ein er på jordet. Foto: Gunnar Tenge
Prosjekt Nye Gårdskart_arbeidsgruppemøte_4765_Foto Kjersti Kildahl.jpg
Digitalt arbeidsmøte i utviklingsteamet for Nye Gårdskart. Prosjektleiar Ingrid M. Tenge og deler av teamet per pc. Til saman har 11 personar, eksterne og interne, vore involvert i arbeidet på ulike tidspunkt. Foto: NIBIO
Åshild Irene Lie_Foto Privat.jpg
Rådgjevar for landbruk og miljø i Sveio kommune, Åshild Irene Lie. Foto: Privat

Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.