Forlèt roret, men ikkje skuta – Nils Vagstad får ny rolle i NIBIO
Han har løfta NIBIO til å bli landets leiande institutt innanfor landbruk, mat, skog og miljø. Etter endt åremål gjev no administrerande direktør Nils Vagstad roret vidare, men han forlèt ikkje skuta. Framover skal Vagstad engasjere seg i faglege spørsmål, mellom anna rundt berekraft og det regionale arbeidet i NIBIO.
NIBIO sin avtroppande sjef Nils Vagstad har hatt ei allsidig og mangfaldig karriere innan forskings- og utviklingsarbeid med mange ulike leiarverv. Det var kanskje ikkje det han såg føre seg då han som nyutdanna frå NLH i 1983 - i sin fyrste konsulentjobb for Det Norske Jord- og Myrselskap – brukte dagane på å traske i vått og tungt terreng for å kartleggje myr.
-Eg veit ganske godt korleis eg skal trakke for ikkje å havne ned i myra, avslørar Vagstad.
-Den lærdommen og den praktiske erfaringa eg fekk med meg derfrå har eg hatt nytte av i heile mitt etterfølgande yrkesliv – også i dei leiarrollene eg har hatt, seier han.
Dei siste 32 åra har støvlane likevel ofte måtte stå på hylla, for Vagstad har vore opptatt med ulike leiarfunksjonar mellom anna forskingsdirektør for Jordforsk, Bioforsk og i NIBIO. Han gjekk inn i stillinga som administrerande direktør NIBIO i juni 2016, og fekk dermed ansvaret for å gjennomføre den knapt eit år gamle fusjonen av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) og Norsk institutt for skog og landskap.
Interesse for folk og miljø
Det har vore ei lang ferd frå det som starta i 1983 og fram til i dag, med tre store fusjonar – sist det som blei til NIBIO i 2015. Det har vore omfattande og krevjande endringar, men samtidig også ei fantastisk utvikling som viser ei veldig evne til omstilling og nytenking i vår sektor.
Sjølv seier Vagstad at han har vore privilegert som har kunna tatt del i denne utvikling. Men han hadde eigentleg aldri nokon spesiell ambisjon om å bli «sjef».
– Mi drivkraft har vore interesse for det som skjer i samfunnet rundt meg, fagleg engasjement, skape utvikling, finne svar på spørsmål og løyse utfordringar og vere til nytte – og sjølvsagt interesse for folk. Skal folk yte på jobb, må dei trivast og ha det bra. Det ligg stor kraft i det å kjenne på meistring og gleda som ligg i det å skape. Det tenker eg også er ei viktig rettesnor å ha med seg som leiar, det vere seg i små som i store organisasjonar som NIBIO. Eg er sikker på at min oppvekst i eit lite bygdemiljø i Fjaler i Sogn og Fjordane, med samhald, sterk identitet og samfunnsengasjement, har vore ei god og viktig ballast å ha med seg.
– Eg synest eg har vore veldig heldig og privilegert både som fagperson og leiar, som
har fått vere med på å forme og vere del av eit engasjert fellesskap som arbeider med spørsmål som er svært viktige, for ikkje å sei grunnleggjande i samfunnsutviklinga. Og som mange rundt oss er opptatt av. Det NIBIO vi har i dag er resultatet av eit stort lagarbeid på alle nivå i instituttet, og av mange aktørar rundt oss – både med stort engasjement og interesse for det NIBIO representerer, seier Vagstad.
Glitrande skotsmål
Når han no overlet roret vidare til Ivar Horneland Kristensen frå nyåret, kan Vagstad ta med seg strålande skotsmål frå høgste hald for jobben han har gjort som direktør i NIBIO.
Statssekretær i Landbruks- og matdepartementet, Wenche Westberg, sa i sin takketale til Vagstad at ho opplever NIBIO som eit samla institutt med høg produktivitet og leveringsevne, og takka den avtroppande direktøren for den store og flotte innsatsen han har lagt ned som leiar.
– Åtte år etter opprettinga i 2015 kan det trygt slåast fast at NIBIO har festa stillinga si som eit av landets største og viktigaste FoU-miljø. Under Vagstad si leiing er det etablert ei velfungerande statleg verksemd som leverer godt på samfunnsoppdraget sitt, kommenterte Westberg.
– Etter det eg erfarer er det også høg trivsel blant dei tilsette. Du har klart å skape et vinnarlag til beste for landbruks- og matsektoren. Dette har du lukkast med saman med gode og dyktige kollegaer, sa statssekretæren.
Ho påpeika også at det under Vagstad si leiing har blitt eit løft i instituttets forskingsaktivitet, både nasjonalt og internasjonalt med jamt over høgt gjennomslag i søknadsprosessar både i EU og i ulike kjelder nasjonalt.
– Dette vitnar om god kvalitet i prosjekta. Som næringsdepartement er vi også opptatt av relevans. Det hjelper ikkje å kunne vise til mange publikasjonspoeng dersom ikkje kunnskapen formidlast og blir tatt i bruk av dei som treng den. Eg opplever at de er gode på å vidareføre eit av sektorens største fortrinn – nemleg det å ha kort veg frå forskaren til bonden og skogbrukaren, sa Westberg og drog fram døme som markdagar og liknande arrangement som er svært populære.
– Markdagen på Svanovd i august trakk fleire tusen besøkande. Eg har blitt fortalt at det kom så mange menneske og det var såpass kaos med trafikkavvikling, at det var du Nils som måtte trå til som trafikkvakt. Det seier kanskje litt om deg som leiar; ikkje noka oppgåve er for lita og ingen er for stor. Du trår til der det behøvast for å få jobben gjort, påpeikte ho.
Viktig rolle framover
Westberg trekte også fram at NIBIO si viktige rolle i samfunnet vert støtta opp av utfordringar i tida vi lever i; som klimaendringar, behovet for nasjonal matsikkerheit, landbrukssektorens trong til å tilpasse seg endra produksjonsvillkår og utfordringar med ekstremvær. Ho påpeikte at det difor er vesentleg at NIBIO ligg heilt framme i kunnskapsfronten enten det gjeld jordbruk, skogbruk eller forvaltning av sektoren sitt ressursgrunnlag i stort.
– Krigen i Europa har gjeve oss ei påminning om kor viktig det er med høg norsk matproduksjon. Klimaendringane gir òg utfordringar for sektoren. Vagstad fortener ros for å ha bidrege til utviklinga av eit kunnskapsmiljø som kan hjelpe oss med å møte desse utfordringane, sa statssekretæren.
Balansere omsyn
NIBIO-direktøren er einig med Westberg i at slik kunnskap vil vere kritisk når vi skal handtere dei utfordringane vi vil møte framover. Der mange også er opptatt av berekraft. Det er viktig å minne om at berekraft dreier seg om å balansere ofte motstridande omsyn i samfunnet.
– Mi oppfatning er at «ei-saks»-perspektivet vi ofte ser, der det tidvis kan sjå ut som om alt skulle dreie seg om CO2, i seg sjølv kan vere ein trugsel mot berekraft. Ein kan då stå i fare for gjere tiltak på kort sikt, som er grunna i eit over-forenkla perspektiv på berekraft utan dei langsiktige heilskapsperspektiva. Det kan vere øydeleggjande for berekraft på lang sikt. Etter mitt syn må dei økonomiske og sosiale dimensjonane få ein langt tydelegare plass i arbeidet med berekraft framover seier NIBIO-direktøren.
Nyttiggjere kunnskap og erfaring
NIBIO sin breie kompetanse, som kombinerer kunnskap om produksjon og verdiskaping med kunnskap om miljø og det ressursgrunnlaget dei grøne næringane avheng av står svært sentralt i mange av dei stor spørsmåla vi som samfunn skal handtere. Dette er eit svært godt utgangspunkt for å møte dei store kunnskapsbehova som næringane og forvaltninga vil ha.
I den samanheng påpeikar Vagstad at NIBIO sitt nærvær i alle landsdelar er eit unikt utgangspunkt for både kunnskapsutvikling og kunnskapsstøtte landet rundt. i tillegg til å skape mange kompetansearbeidsplassar i distrikta.
Ny rolle
Styret har tilsett Ivar Horneland Kristensen som Vagstad sin etterfølgjar. Når han tiltrer 1 januar 2024, går Vagstad over i ei rolle som spesialrådgjevar i NIBIO, der han vil bruke engasjementet sitt meir direkte på ulike faglege spørsmål.
Matsikkerheit og beredskap er på dagsorden. Det er mange spørsmål knytt til berekraft som treng utgreiast, og det regionale arbeidet i NIBIO rommar også mange spennande moglegheiter, avsluttar Vagstad.
KONTAKTPERSON
Siri Elise Dybdal
Seniorrådgiver
-
Kommunikasjonsstab
(+47) 941 15 879 siri.elise.dybdal@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
Fakta om NIBIO
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) vart oppretta 1. juli 2015 som ei samanslåing av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) og Norsk institutt for skog og landskap.
Gjennom forsking og kunnskapsproduksjon skal instituttet bidra til matsikkerheit, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping innanfor verdikjedene for mat, skog og andre biobaserte næringar. NIBIO har omlag 750 medarbeidarar i heile Noreg, og er eit av landets største forskingsinstitutt.
NIBIO er landets viktigaste kunnskapsutviklar for jordbruk, skogbruk og hagebruk, i tillegg til å støtte opp om utviklinga av tilhøyrande industriar. Instituttet er òg ein viktig aktør innan arealbruk og arealressursar, der mellom anna kart- og geodataløysingar står sentralt. Desse vert nytta av alle norske kommunar, Statsforvaltarar i tillegg til bønder og skogeigarar. Instituttet yter òg omfattande forvaltningsstøtte til landbruks- og matforvaltninga og har brei erfaring innan natur- og ressursforvaltning.
NIBIO har fleire viktige arbeidsområde, mellom anna:
• Bioøkonomi: NIBIO arbeider med å utvikla berekraftige løysingar for å auke produktiviteten i landbruket og skogbruket, og samstundes auka verdien av biomasse.
• Biodiversitet: NIBIO undersøkjer og vernar om biodiversiteten i Noreg, og arbeider med å auke kunnskapen om trua og sårbare artar og økosystem.
• Matproduksjon og -tryggleik: NIBIO jobbar med å auke matproduksjonen i Noreg, og sikra samstundes at maten er trygg og av høg kvalitet.
• Klima- og miljøtenester: NIBIO undersøkjer korleis landbruk, skogbruk og skogvern kan bidra til å redusera klimagassutslepp og betra miljøet.
• Digitalisering i landbruket: NIBIO arbeider med å utvikla digitale kartbaserte verktøy for mellom anna å auke effektiviteten og produktiviteten i landbruket.
Kart og geodata: NIBIO har ansvaret for arealressurskartet AR5 og tenestene Gårdskart og Kilden. Ansvaret for å ivareta interesser for landbruksparten i dei nasjonale kartsamarbeida ligg òg til avdelinga.
KONTAKTPERSON
Siri Elise Dybdal
Seniorrådgiver
-
Kommunikasjonsstab
(+47) 941 15 879 siri.elise.dybdal@nibio.no Kontorsted: Ås - Bygg H7
Tekst frå www.nibio.no kan brukast med tilvising til opphavskjelda. Bilete på www.nibio.no kan ikkje brukast utan samtykke frå kommunikasjonseininga. NIBIO har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettstader som det er lenka til.